Viser innlegg med etiketten skjerf / scarf. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skjerf / scarf. Vis alle innlegg

torsdag 13. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: 13 DAGAR IGJEN - OG LITT MEIR KLAR FOR VINTER / DUE DATE COUNTDOWN: 13 DAYS LEFT, AND GETTING READY FOR WINTER

13 dagar til termin, og eg har festa trådane på eit rustrødt smetteskjerf og ei lita djevellue som skal bli gode å ha til vinteren.

Begge er strikka i Babysilk frå Du store alpakka, eit garn som er fantastisk å strikke med, og som gir herlige og mjuke plagg. Eg er heilt forelska i rustrødt for tida, noko som passer bra no som hausten nærmar seg, så det kan nok bli meir strikk i slike fargar framover.

As we mark 13 days until littlebrother's due date, I have finished a little scarf and hat for him to wear for winter. Both are knitted in Babysilk from Du store alpakka, a yarn made from silk and alpaca wool. 

mandag 31. mars 2014

EIN LITEN STRIKKEMODELL / MEET THE WINTER BABY

Eg må berre dele nokre bilder av vesle Kristian som eg besøkte i går, ikledd strikk frå topp til tå. Er han ikkje fin?

Bukse og lue etter mønster frå Myk start, omslagsjakke frå Dalegarn-katalogen Baby Hentesett, med katalognummer 226, vottar etter mønster frå Ravelry, og smetteskjerf etter mønster frå Nøstebarnboka. Sjå også her!

Dei veldig fine ullsokkane har vesleguten fått av oldemora si. 

Garn: Alpakka Silke frå Sandnes Garn.

I cannot resist sharing some photos from my Lillehammer-visit yesterday. Isn't he lovely? And for the occasion, he dressed to impress in knitted gifts


søndag 30. mars 2014

TOGSTRIKKING / TRAIN KNITTING

Strikketøy, take away kaffi, lydbok på telefonen og tog-utsikt til vårlege jorder og spegelblank Mjøsa. Ein herleg måte å tilbringe søndagsformiddagen på. Og når eg reiser med tog utan barn, sit eg konsekvent i stille-vogna. Her skal ingen forstyrre! (Og den noko odde bakgrunnen bak smetteskjerfet er altså eit togsete).










I dag har eg vore ein dagstur tur/retur Lillehammer for å kikke på den vesle guten som fekk eit strikka vintersett av meg for ei stund sidan. Og på togturen oppover gjorde eg ferdig ei lita ull-gåve.

For sjølv om han allereie har fått ein strikkepakke i posten, synst eg det er kjekt å ha med noko lite å overrekke personleg, også. Derfor strikka eg eit smetteskjerf og eit par tøflar i restar av det same garnet som eg har brukt på dei andre kleda han har fått.

Og smetteskjerfet blei altså ikkje ferdig før rundt Eidsvoll.
Mønsteret er frå Nøstebarnboka, og skjerfet kan brukast frå nyfødd til omtrent to år. Lang levetid, med andre ord. Og veldig enkelt og greit å strikke.

Tøftlane har eg allereie strikka ein gong før.
Det var til Iben då ho var mindre, og naturleg nok er dei ikkje passe lenger. No ligg dei pakka ned i ein fin-strikk-kasse på loftet. Mønsteret er frå boka Babystrikk av Debbie Bliss, og dei skal passe sånn ca for babyar mellom tre og seks månader.

Garnet til både smetteskjerfet og tøflane er Alpakka silke fra Sandnes garn. Eit perfekt babystrikk-garn!

I have spent my sunday travelling from Oslo to Lillehammer to visit the little baby boy who recieved this winter baby-gift a few weeks ago. And travelling by train has a clear advantage: I could finish the scarf that I was going to give as a present, which I still had not finished when I left Oslo. The little baby also got a pair of new booties. Both the scarf and the booties are knitted in Alpakka Silke from Sandnes Garn, which is the same yarn I used for the garmets I gave him earlier. And I repeat: silk and alpaca is a perfect match for newborn babies!