Viser innlegg med etiketten genser / sweater. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten genser / sweater. Vis alle innlegg

lørdag 22. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: MINISTRIKK-HENTESETTJAKKA, 4 DAGAR IGJEN / DUE DATE COUNTDOWN: BACK BUTTONED JUMPER, 4 DAYS LEFT

Noko av det første eg strikka etter at den verste kvalmen hadde gitt seg i starten av svangerskapet, var den kjempefine jakka frå Ministrikk-hentesettet, med knappar på ryggen.

Eg synst den er klassisk og nydeleg. Shortsen som høyrer til fekk eg derimot aldri til å bli heilt fin, så den gav eg til slutt opp. Men jakka passer jo saman med det aller meste, og kan fint kles på med dei fleste plagg i lillebrors kommode.

Eg bytta ut Drops Baby Merino med Lille Lerke frå Dale Garn, og det fungerte fint. 
Jakka har nok blitt bittelitt større enn den skal vere, riktignok, men eg trur ikkje det gjer noko. Den vil i alle fall vare lengre!

This jumper, with buttons in the back, was one of the first things I knitted for the baby. The pattern is available in English here!

torsdag 16. oktober 2014

SNØFLAK-GENSER UTAN SNØFLAK / SNOWFLAKE SWEATER ON A SNOWY DAY

I dag har den første snøen falt (men heldigvis ikkje lagt seg), og kva passer vel betre då enn å vise fram ein snøflak-genser frå Paelas? Riktignok utan snøflak-struktur.

Eg begynte nemleg å strikke genseren med holmønster-strukturen i front, nøyaktig slik oppskrifta viser. På bildene til Paelas ser strukturen kjempefin ut, men eg syntes den blei litt for enkel i verkelegheita. Om ein følger struktur-mønsteret, blir det dessutan liggande ein liten tråd på tvers ved kvart hol, som eg mistenker at lett kan henge seg fast i greiner og liknande når ein vilter toåring leiker. Derfor var eg redd genseren raskt ville bli øydelagt.

Holmønstret blei bytta ut med dobbel perlestrikk,
noko som gjer genseren litt kjedelegare, men kanskje også litt meir praktisk. Eg liker at det berre er fronten som er strikka med struktur, medan rygg og armer er i glattstrikk. Det skaper ein fin kontrast til fronten, og gjer strukturen tydelegare.

Garnet eg har brukt er Pickles Extra Fine Merino i fargen «kremet oker».
Eigentleg skal ein strikke genseren med dobbelt tråd i Soul og Sky frå Du Store Alpakka, men eg brukte garnet eg hadde for hand - og som dessutan skulle ha nesten same strikkefastheit. Eg liker merino-garnet veldig godt, og etter ein vask blir det også veldig, veldig mjukt. Så mjukt at den høge halsen har problem med å halde seg oppe, og blir litt slapp.

Oppskriftene til Paelas er forøvrig veldig fine, og godt forklarte. Dei anbefalast!
Eg har tidlegare strikka både simelthen bukse og perlevest, og liker veldig godt begge to. Eg sikler veldig etter å strikke både Myk genser, Flora-topp og Fly with me-vest, men innser at eg inntil vidare må prioritere å strikke litt meir praktiske ting til barnehagebruk, no som vinteren ser ut til å komme ved Oslofjorden. Både halsar og luer er på pinnane!

The first snow fell today in our village by the Oslofjord, and it is only suitable then to show you my snowflake sweater. At least it was supposed to be a snowflake sweater, but when I tried knitting the structured part in the front, I did not really like it, so I ended up knitting the front in double seed stitch. The yarn is Pickles Extra Fine Merino in the colour Creamy ochre, and the pattern is from the talented Paelas-girls. 

torsdag 3. april 2014

DET BUR EI JENTE HER / A GIRL LIVES HERE

Frå toppen: Babyshorts frå Den store guttestrikkeboka, rillestrikka jakke frå Babystrik på pinde 3, flettejakke frå Myk start, enkel vest frå Pickles, Bellajakke frå Babystrik på pinde 3 og ribbestrikka genser frå Strikk til Nøstebarn. 

Det blir litt kjekkare å rydde i klesskuffene når dei er fylt med heimestrikk i fine fargar!

It suddenly becomes a much more welcome task to tidy the drawers when they are filled with knitted little garments in beautyful colours!

lørdag 25. januar 2014

FERDIG MATROSGENSER / FINISHED SAILOR SWEATHER

Pen, og nesten litt høgtideleg? Dette blir nok ein genser å pynte seg i, meir enn ein barnehagegenser. Mottakaren måtte bestikkast med brødskiver før ho var villig til å ta ein liten fotosession medan det var dagslys. 
Denne var kjapp og kjekk og strikke, og i tynt alpakkagarn blei resultatet lett, luftig og anvendeleg!

Inspirert av Silje Helen sine re-makes av matrosgenseren frå Den store guttestrikkeboka, satte eg i gang med min eigen versjon av gensaren.

Garnet er Pickles pure thin alpaca i fargen "lys kamel", og eg har brukt pinne nr 2,5 på heile plagget (oppskrifta i boka foreslår Dale Lille Lerke og pinne nr 3). Elles har eg fulgt alle måla for oppskrifta i størrelse 2 år. Ved strikking i alpakka blir sjølvsagt gensaren varmare enn om eg skulle brukt bomull/ull-blandinga i Lille Lerke-garnet, men sidan alpakka er så lett og tynt garn, blir likevel ikkje genseren for varm.

Istaden for oppbrettskant nederst på forstykke/ryggstykke og armar, har eg gått for 8 rader med enkel perlestrikk istaden. Det blei litt rotete i denne garnkvaliteten, synst eg, så om eg skulle strikka gensaren ein gong til, hadde eg nok gått for rillestrikk istaden.
Kragen er eit eige kapittel. Eg hadde lyst til at den skulle ha eit eller anna struktur-mønster, og prøvde heile tre variantar med ulike mønster, før eg til slutt gjekk for ganske enkel vaffelstrikk. Kragen er starta og avslutta med to riller, i tillegg til at dei ytterste tre maskene på kvar side strikka er strikka i rillestrikk.

Her er ei enkel oppskrift på vaffel-mønstra strikk:

Rad 1 (baksida): 1 rett, 2 vrang. Gjenta ut pinnen.
Rad 2 (rettsida): 1 vrang, 2 rett. Gjenta ut pinnen.
Rad 3: Strikk alle rett.
Gjenta rad 1 - rad 3 til du har lengda du ønsker.

My re-make of the sailor sweather from Den store guttestrikkeboka is finally done - and photographed. With the lack of natural daylight/photo light in Oslo during winter, I had to wait until the weekend to be able to take photos of the result while it is light outside. 

I quite like the result. I have used Pickles pure thin alpaca yarn, which makes the garment light weight and thin, but still warm. I wanted some kind of structured stitch for the collar, and started knitting it three times in different stitches, before I ended up with a pretty simple waffle stitch. 

Here is the waffle stich patten:

Row 1 (back): Knit 1, purl 2. Repeat.
Row 2 (front): Purl 1, knit 2. Repeat.
Row 3: Knit all.
Repeat row 1-3 until you have reached the length you want.  

lørdag 18. januar 2014

PÅ PINNANE - MATROSGENSER / ONGOING KNITTING - SAILOR SWEATHER!

Nei, eg veit at det brune strikketøyet på bildet ikkje liknar det spor på den maritime gensaren i boka. 

Eg bruker kun oppskrifta i Den store guttestrikkeboka som eit utgangspunkt for gensaren eg er i gang med. Ideen må eg takke Silje Helen for, ettersom eg kom over hennar to versjonar av matrosgensaren: I turkis og med rysjekrage. For eg synst matrosgensaren i boka har eit kjempefint snitt, men at den blir litt vel guttete for eit lita jente.

Istaden går eg for ein lysebrun variant, strikka i tynn alpakka frå Pickles. Oppskrifta i boka foreslår pinne nr 3, men pga garnet bruker eg heller pinne nr 2,5. Og størrelsen eg strikker er 2 år. Istaden for oppbrettskant nederst på rygg/mage og på armar, går eg for 8 rundar med perlestrikk. Og eg har også tenkt å gjenta perlestrikk på kragen.

Eg kjenner at eg er kjempeentusiastisk over dette prosjektet, og gler meg til å sjå det ferdige resultatet!

I know, the brown knitting in the pictures does not look much like the sailor sweater in the book. But this blog inspired me to take on the sailor pattern in a different way (see here and here), to make it more suitable for a girl. I am knitting in alpaca wool (again...), and I almost cannot wait to see the finished result!

fredag 10. januar 2014

BARNEHAGE-STRIKK / KNITTING FOR KINDERGARTEN

Ribbestrikka genser, ribbestrikka bukse og rillestrikka vottar etter mønster frå boka Strikk til nøstebarn av Kathrine Gregersen. Bukse og genser er strikka i merino extra fine frå Drops, vottane er strikka i alpakka.  




Som eg har vore inne på før, er praktisk å foretrekke framfor pent når det kjem til kvardagsklede for barnehagebarn. Og ein favoritt innan praktisk kvardagstrikk er grå ribbestrikk. Fordi:
  • Ribbestrikka plagg omfavnar små kroppar, og gjer at plagga ikkje tek stor plass inni vinterdressar eller parkdressar. 
  • Ribbestrikk utvider seg også automatisk når plagga blir kledd på større barn. Derfor har ribbestrikk lang levetid, sidan ein kan vakse ganske lenge i dei.
  • Om ein strikker buksene litt lengre enn nødvendig i beina, og genserar med litt lengre armar, kan bein og armar brettast opp, og plagga leve i årevis. 
  • Og kvifor grått? Fordi få flekkar synst på grå ull. Og fordi grått er den ulitmate unisex-fargen. Brukt saman med rosa blir det veldig jentete. Brukt saman med f.eks. brunt eller beige blir det heilt kjønnsnøytralt. Og brukt saman med blått blir det plutseleg veldig guttete. Dermed kan plagga leve vidare som arvetøy til både jenter og gutar etter at førstemann har vakse ut av dei. 
A favourite in practical everyday wear for children in kindergarten is ribbed knitted grey garments like the ones in the photo. Ribbed knitting embraces little bodies, so that the garments don't take up too much space inside outerwear in the winter. Ribbed knitting also expands as you grow, and therefore lasts longer. And if you knit the legs and arms longer than needed right now, you can fold them up, and it will take years before the children grow out of them. And why grey? Because hardly any stains will show on grey wool. And because it is the ulitmate unisex colour. Worn with pink, grey seems girly. With blue, it is boyish. And with brown or beige, it is totally unisex.