Viser innlegg med etiketten oppskrift/pattern: Babystrik på pinde 3. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppskrift/pattern: Babystrik på pinde 3. Vis alle innlegg

onsdag 29. juli 2015

HEIMELAGA MED LANG LEVETID / ALL DRESSED IN HAND MADE

Eg synst det er veldig fint med barneplagg som kan brukast over fleire sesongar, og til og med over fleire år. Og ekstra kjekt er det når plagga er handlaga og personlege.

På bildet er Iben sommarkledd i heimesydd kjole og heimestrikka cardigan, og ingen av dei er nye av året.

Kjolen sydde eg faktisk før ho var født, med planar om at den skulle gis vekk. 
Det skjedde aldri, noko eg er glad for no. For kjolen har vore i bruk både i fjor sommar og i år. Stoffet er eit gammalt sengetøy kjøpt på Fretex eller loppis.

Cardiganen har eg blogga om før (klikk her, om du vil lese).
Den blei faktisk strikka allereie sommaren for to år sidan, då Iben berre var eitt år, og har blitt brukt kvar sommar sidan. Mønsteret er den rillestrikka jakka frå heftet Babystrik på pinde 3 av Lene Holme Samsøe. Riktignok har armane krabba litt oppover sidan den gong, og rygglengda er litt kort, men for jentebruk, kombinert med kjole, er den framleis kjempefin. Eg synst faktisk at jakker og cardiganer som skal kombinerast med kjole er ekstra fine om dei har trekvartlange armar, så då er det ingen grunn til å kassere eit plagg etter første sommaren.

I love it when hand made children's garments can be used for several seasons, or even for years. This photo shows Iben dressed in a cardigan I knitted for her two years ago (you can read more here, if you like) and a dress I sewed for before she was even born. The plan was to give the dress to someone else, but now I am glad that never happend. 

onsdag 27. mai 2015

EIT MØRKEBLÅTT BABYSETT / KNITTED BABY GARMENTS IN NAVY BLUE

Medan Iben såg på barne-tv fekk eg endeleg sydd knappar i babyjakka som lenge har vore ferdig. Dermed er eit lite babysett til lillebror fullført.

Jakka er velkjent for dei fleste etterkvart, og eg har strikka den m a n g e  gongar. Mønsteret er rillestrikka jakke frå heftet Babystrik på pinde 3.

Sokkane er strikka etter mønster frå Sandnes Garn-heftet 1030 Lanett baby.

Både jakke, bleiebukse og sokkar er strikka i Tynn merinoull frå Sandnes garn.

Og bleiebuksa er altså denne.

The navy blue soaker has finally got som company, with a matching cardigan and little knitted cable socks. 

mandag 1. desember 2014

EI GÅVE NÅR KULDA SET INN / GIFT FOR A NOVEMBER BABY

Forrige veke blei ein mjuk pakke sendt vestover til vesle Hauk i Bergen.

Her på Nesodden våkner vi no til rimkledde tre og is på sølepyttane om morgonen, og frå husa kjem grå røyk ut av pipene. Eit novemberbarn må få varme klede, så klart, og i pakken låg ei strikkejakke og ein babyshorts.

Jakka er ei ikkje-rillestrikka rillestrikka jakke frå Babystrik på pinde 3.
Eg tok utgangspunkt i oppskrifta i heftet, men strikka den i glattstrikk, og la inn to fletter på kvar side av knapperaden. Slik blei jakka litt meir særprega, men samtidig enkel.

Shortsen er bleiebuksa frå Den store guttestrikkeboka,
som eg også har strikka tidlegare.

Garnet til både jakka og shortsen er Dale Baby Ull i fargen "Elefantgrå",
som etter mi meining er mykje meir blå enn grå. Eg gjekk tom for garn då eg skulle i gong med å strikke ribben rundt beina på shortsen, så løysinga blei ribb og snor strikka i ein rest lysebrunt garn i Alpakka Silke frå Sandnesgarn.

This week I sent a gift to little Hauk, who has just been born in Bergen. A november baby needs wool, and I think these two garments are both practical and beautyful for a little baby boy.

lørdag 18. oktober 2014

TING TEK TID / HALF A YEAR TO FINISH A THIS SIMPLE CARDI

I juli skreiv eg at denne jakka straks kom til å vere ferdig, etter å ha blitt henta fram frå skuffedjupet. Det skulle berre ta tre og ein halv månad til. Men NO er jakka ferdig.

Det einaste som mangla, var å feste knappane og trådane, og å dampe den. Men det kan jo ta si tid. Og skal eg vere ærleg, var jakka heilt gløymd då eg oppdaga den i sybordet mitt i dag.

Joda, den skulle vere Ibens sommarjakke. 
Men den er ganske stor, så den er heilt sikkert passe neste år også.

Oppskrift: Rillestrikka jakke frå Babystrik på pinde 3.
Garn: Usikker. Men det er eit blandingsgarn med bomull og ull. Duo frå Sandnes garn, kanskje? Slik går det når det er eit halvt år frå strikkestart til strikkeslutt.

In July, I wrote that I finally was about to finish this cardigan, after finding it halfway finished in a drawer. Well, it only took about three and a half month more to fasten the buttons. But today, I am finally done. It was supposed to be Ibens summer cardigan, but it is quite big, so I guess it will fit next summer as well.

tirsdag 15. juli 2014

BARSELGÅVE TIL SOMMARBABY / KNITTED GIFT FOR THE SUMMER BABY

Romper og babysokkar frå Strikk til smårollinger, cardigan frå Babystrik på pinde 3 og lue frå Myk start. 
Då eg fekk vite at vesle Elida var født, hadde eg allereie barselgåva (nesten) klar. 

Det er allereie fleire månader sidan eg begynte å strikke romperen frå Strikk til smårollinger-boka til babyen i mi venninne Sara sin mage. Men etter at både romperen og eit par babysokkar var ferdigstrikka, kom eg fram til at det eigentleg var ein ganske dårleg ide å strikke rosa gåve til ein baby fordi venninna mi hadde ein følelse av at det var ei jente.

For å sikre meg at det iallefall var noko å gi babyen, strikka eg derfor ei kvit jakke.
Men då meldinga kom om at jenta var fødd, sette eg sporenstreks i gang med å fullføre settet med ei rosa lue.

Det bleik-rosa garnet er Line weight frå Purl Soho, innkjøpt i New York i påska.
Og for eit garn! Eg elska å strikke med det! Garnet er kjempetynt, i rein merino, og plagga blir lette og luftige og perfekte. Det passer supert til babystrikk, og hadde det ikkje vore for at det var så tynt, skulle eg gjerne strikka noko til meg sjølv med det, også. Men eg er redd tålmodet ikkje strekk til. Fargen eg har brukt her heiter treffande nok Ballet pink, og er ein lys, lys rosafarge som ikkje blir for sukkersøt. Kvart hespe med garnet er på 100 g, og eg har fortsatt ein del igjen av nøstet etter å ha strikka både romper, sokkar og lue.

Til cardiganen og dusken på lua har eg nok ein gong vald Alpakka silke-garnet frå Sandnes garn,
som eg har brukt mykje av til nyfødd-strikk. Cardiganen er (som mange sikkert ser) nok ei rillestrikka jakke frå Lene Holme Samsøe sitt hefte Babystrik på pinde 3. No kjenner eg at eg må ta ei pause frå denne modellen ei stund. Lua er strikka etter mønster frå boka Myk start, og sokkar og romper er etter mønster frå boka Strikk til smårollinger.

Og apropos Strikk til smårollinger...
Det er første gong eg strikker noko frå boka, som eg synst er veldig fin reint visuelt. Men romperen var ein stor test for mi evne til å forstå strikkeoppskrifter. Eg må seie rett ut at den oppskrifta var ekstremt dårleg forklart. Hadde det ikkje vore for at romperen er så fin, hadde eg ikkje gadda å fullføre den. Det har gjort at eg har kvidd meg for å sette i gong med å strikke andre ting frå boka, fordi eg er redd for at også det vil føre til frustrasjon. Er det nokon som har opplevd det same?

This week my friend Sara gave birth to little baby girl Elida. And my gift for the summer baby was (almost) finished. I started knitting the pink romper several months ago, but after finishing both the romper and the socks, I found out that maybe it was not the best idea to knit pink garmets to the coming baby based on a feeling my friend had that it might was a girl. So to be sure that I at least had something to give the little one, I knitted a white cardigan. When I got the message late one night that Elida - a girl - was born, I immediately started knitting the pink hat to finish the gift. The pale pink yarn is the Line weight yarn from Purl Soho that I bought in New York during my easter holiday. And what a yarn! I love knitting with it! It is so light and lovely, and the garments seems flawless with this yarn. Luckily I have more of this yarn in my stash!

tirsdag 8. juli 2014

PÅ PINNANE: RILLESTRIKK FRÅ SKUFFEDJUPET / ONGOING KNITTING: ABOUT TO FINISH


Nesten fullført strikketøy blir lagt i ei skuff. Det manglar berre eitt nøste for å bli ferdig. Men strikketøyet blir liggande i skuffa. Er det fleire som kjenner til situasjonen?

Det er iallefall tilfellet med denne strikkejakka, som blei påbegynt på flyet til New York i påska. Jakka er strikka med Duo frå Sandnes garn, og eg tenkte den skulle bli ei fin sommarjakke til Iben. Og sidan eg kan mønsteret inn og ut etter å ha strikka det utallige gongar, kunne eg nesten strikke i blinde medan eg kikka på in flight-filmen og drakk vin medan vi suste over Grønland.

Men så gjekk eg tom for garn, då det var berre ein arm igjen å strikke.
Dermed blei jakka lagt til side i påvente av garninnkjøp. Og så begynte eg å strikke på nye prosjekt, og fullføring av jakka verka ikkje like presserande lenger. Og sidan eg ikkje hadde kjøpt det siste nøstet, heller, kunne eg ikkje akkurat plukke opp jakka og fullføre den i ledige stunder.

Men i dag har eg endeleg kome meg i garnbutikk igjen, og siste nøste er kjøpt inn.
Og etter eit par timar på ettermiddagen ser det jammen ut som jakka blir ferdig snart, også. Det skulle med andre ord ikkje så mykje innsats til for å fullføre det langvarige prosjektet.

Mønsteret er for ordens skuld den velkjente rillestrikka jakka frå Babystrik på pinde 3.
Og snart skal eg vise fram Ibens ferdige sommarjakke!

I started knitting this cardigan on the plane to New York during my easter holiday. Awaiting the purchase of the final skein I needed to finish the cardigan, it was put in a drawer. And it stayed there. Anyone familiar with the situation? Today I finally went to the yarn store to buy the last skein, and it looks like I will finish the cardigan tonight. Iben will finally get her summer cardgian, halfway into the summer.

tirsdag 13. mai 2014

RILLESTRIKK I BOMULL / GARTER STITCH FOR SUMMER


Eg synst stadig at enkle, rillestrikka plagg er noko av det aller finaste ein kan strikke.

Joda, det er veldig enkelt. Men det vakre treng ikkje vere vanskeleg. Denne rillestrikka jakka blei til i fjor sommar, og fungerte som ei lett bomullsjakke for Iben, som var fin å ta utanpå tynne bodyar eller sommarkjolar. Jakka er strikka i bomullsgarnet Paris frå Drops, såvidt eg hugsar, men det ser ikkje ut som dei har akkurat denne fargen i sortimentet lenger. Og oppskrifta er (nok ein gong) den rillestrikka jakka frå Lene Holmes Samsøes hefte Babystrik på pinde 3. Denne har eg strikka mange av etterkvart...

I still think that garments in garter stitch are some of the most beautyful things you can knit. I know that it is very simple, but beautyful things do not have to be hard to knit. This cardigan I knitted for Iben last summer, and the yarn is cotton (Paris from Drops). I have knitted the very same cardigan over and over again, both for Iben and as little baby gifts, but I never get tired of the easy going attitude this garment has. And luckily, the cardigan still fits this summer. The pattern is made by the Danish designer Lene Holme Samsøe. 

mandag 7. april 2014

GÅVESTRIKK TIL EI LITA JENTE / WOOL GIFTS FOR A BABY GIRL

Det er få ting eg liker så godt å strikke som bittesmå babyplagg. Og sidan venegjengen har satt i gang ein skikkeleg baby boom i år, har eg mange småplagg på pinnane. Denne pakken med nydeleg ullstrikk blei nettopp sendt vestover til ei lita snelle i Sunnfjord. 

Kysa har eg lenge hatt lyst til å strikke, og mønsteret er gratis!
Det finn du her hos Drops, og lua er faktisk enkel og grei å strikke, sjølv om den ser litt komplisert ut. Garnet er ein rest Abuelita 3-trådsgarn frå Pickles, som eg hadde liggande etter at eg strikka denne balakalvaen. Det er ikkje alltid eg er heilt nøgd med Drops-oppskriftene, men for denne kysa bøyer eg meg i støvet. Den blei verkeleg knallfin, og eg fekk umiddelbart lyst til å sette i gong med å strikke fleire. Den einaste endringa eg gjorde, var å droppe tvinna snøring, og istaden strikke ei i-cord-snor over tre masker. Eg synst aldri at tvinna snører fungerer heilt, og foretrekker litt kraftigare saker. Størrelsen er 6-9 mnd.

Jakka er enda ei rillestrikka jakke frå heftet Babystrik på pinde 3.
Det er tredje gong eg strikker jakka, og eg synst alltid at dei blir like fine. Jakka er enkel med eit flott snitt, som gjer at den kan brukast til det aller meste. Eg strikka den i størrelse 6 mnd, men for at den skal kunne vare lenge, strikka eg den lengre enn oppskrifta foreslår. Garnet er Baby Alpaca Silk frå Drops i fargen "pudder", som er kvit med ein liten anelse rosa i seg. Som eg har vore inne på tidlegare, synst eg garnblandingar i alpakka og silke er veldig fint å bruke til babystrikk. Ein unngår at plagget blir veldig hårete, som det blir med rein alpakka, samtidig som silken gjer plagget litt svalare, meir slitesterkt og - ikkje minst - heilt villt mjukt.

Og endeleg fekk eg prøvd meg på bleiebuksa frå Den store guttestrikkeboka!
Eg har sett på oppskrifta sidan boka blei innkjøpt, men mitt eige barn har blitt for stor til å vere mottakar, så då måtte eg finne nokon andre å strikke den til. Også her er størrelsen 6 mnd, og eg har brukt det same alpakka/silke-garnet som eg strikka jakka i. Eg likte oppskrifta godt, og vil absolutt strikke den igjen, og kanskje prøve meg med nokre andre variasjonar i strukturen. Buksa verkar veldig elastisk, og kan truleg brukast lenge.

Prikken over pakke-i-en er dei rosa sandalane. 
Her gjekk siste rest av det rosa garnet med, og det såg stygt ut som det kom til å bli for lite då eg nærma meg slutten på sandal nummer to. Men det gjekk heldigvis akkurat. Garnlageret har dermed minka littegrann. Mønsteret er frå Debbie Bliss-boka Babystrikk, og enkelt og greitt å følge, med detaljerte forklaringar. Størrelsen er ca 3-6 mnd. Og blei dei ikkje fine? Perkekt for ei lita frøken som skal pynte seg litt!

My favourite thing to knit is tiny newborn garments. I suits me fine that my friends are having a baby boom year. These small garments have recently been sent to my good friend who just had a little girl. You can find the pattern for the hat here - and it is free - and for once, also in English. Both the hat and the little sandals are knitted in this merino yarn from Pickles. The jacket and the baby shorts are knitted in the lovely yarn Baby Alpaca Silk from Drops, in the colour "powder" - which is white with a slight hint of pink. 

mandag 24. mars 2014

VÅRFARGA SMÅ KLEDE / SPRING PASTELS ON LITTLE CLOTHES

Ullsokkar  og kvit strikkejakke etter mønster frå Myk start-boka, babyshorts etter mønster frå Den store guttestrikkeboka, korallfarga strikkejakke etter mønster frå Babystrik på pinde 3 og to vårlege bodyar frå Noa Noa. 

I takt med at vårblomane spirer i vår solfylte bakgård, har vårfargane også inntatt barnekleda i heimen.

As spring finally has come to Oslo, the spring colours has also appeared on Ibens little clothes. 

onsdag 15. januar 2014

KLEDD I HEIMESTRIKK / FULLY DRESSED IN MOMS KNITTING

Balaklava, ribbestrikka bukse og rillestrikka vottar, strikka etter mønster frå Nøstebarnboka. Rillestrikka jakke etter mønster frå Babystrik på pinde 3.
Eg innrømmer det gjerne: Det er kjekt å sjå ettåringen kledd i mors strikkeplagg frå topp til tå. 

Oh yes, I admit it: It is very nice to see my toddler fully dressed in moms knitted garments.

fredag 10. januar 2014

FAVORITTJAKKER / FAVOURITE BABY CARDIGANS

Noko av det eg liker aller best å strikke, er små, fine barnejakker. Og det har blitt ein del jakkeprosjekt på strikkepinnane sidan det kom barn i huset.

Desse tre jakkene er kanskje nokre av dei eg er mest nøgd med. Den kvite er strikka etter mønster frå Myk start av May B. Langhelle. Den grå er Bellajakka frå Babystrik på pinde 3 av Lene Holm Samsøe. Frå det heftet har eg også henta mønsteret til den rosa jakka, som er strikka etter rilletrøje-mønsteret.
Den grå Bellajakka strikka eg i sommar. Eg strikka den i størrelse 18-24 mnd, men jakka er fortsatt altfor stor til Iben, så den blir nok liggande i skuffa ei stund til før ho begynner å bruke den. Garnet er Fin i fargen lys grå frå Du store alpakka, som er eit garn i silke og alpakka-blanding. Og eg kan love deg at det er mjukt og herlig! Men min erfaring med silkegarn, er at det i tillegg til å vere mjukt, også er ganske tungt samanlikna med f.eks. rein alpakka. Så jakka er faktisk litt tung, trass i at er tynn. Muligens egnar silkeull seg betre til litt mindre prosjekt enn denne jakka. 

Medan den grå jakka fortsatt er ubrukt, er dei kvite og rosa jakkene veldig godt brukt. Den rosa rillejakka er strikka i Mini alpakka frå Sandnes garn i fargen Støva korall, og jakka var kjekk og kjapp å strikke. Rillestrikk har jo sine klare fordelar når det kjem til produksjonstempo. Også den blei strikka i sommar, og i løpet av hausten er det ikkje mange dager der denne jakka ikkje har vore på under utedressane. Men det som er herleg med ullstrikk, spesielt i alpakka, er at plagga knapt treng å vaskast. Eg tipper jakka har vore i vaskemaskina ein eller to gongar sidan i sommar, trass i at den er nesten dagleg i bruk av ein ettåring som ikkje akkurat behandler kleda sine varsomt.
Den kvite jakka kallast Mykeste myke jakke i boka, og blei til allereie hausten 2012, som finjakke utanpå kjolen då Iben hadde namnefest. Eg triksa litt med pinnar og størrelsar då eg strikka den. I utgangspunktet er mønsteret til kasjmir-garn, men eg har brukt to trådar alpakka istaden, og bytta ut anbefalt pinne nr 3 med pinne nr 2,5. Slik fekk eg tjukkare flettemønster, og ei litt kraftigare jakke. For at jakka ikkje skulle bli altfor stor, er den strikka etter mønster for størrelse 4-8 mnd, men eg har justert lengda på rygg/forstykker og armar slik at dei blir lengre. Og jakka berre varer og varer, og er framleis i bruk eitt år etterpå. Truleg kan den også brukast utover våren. Vel verdt strikketida, med andre ord.

One of my favourite things to knit is baby cardigans. And I have knitted quite a few since our daughter arrived. These three jackets are some of those that I am most pleased with. The grey one (pattern by Lene Holme Samsøe) is still too big, and will be laying in the closet for some time still. But the pink and white jackets have been used frequently, and is still suprisingly good looking. I am especially impressed by the lasting quality of the pink alpacca yarn jacket (also a pattern by Holme Samsøe). It has been used in kindergarten almost every single day this fall, but looks almost as if it is brand new. And it has hardly ever been washed. That is alpacca wool for you!