Viser innlegg med etiketten selebukser / romper. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten selebukser / romper. Vis alle innlegg

fredag 11. september 2015

ROMPER I BRUK / I FINALLY GET TO DRESS HIM

Det er få ting som er så kjekt som å endeleg få kle på den vesle babyen kleda eg har strikka medan eg har venta på han. 

Dei har hengt til pynt på soverommet,
ligge folda pent saman i kommodeskuffa og vore bretta saman i sirlege bunkar, og minna oss på at snart er han her: Lillebror.

Og så kom han.
Og dei bittesmå kleda har fått ein liten eigar.

Romper frå Sandnes Garn-heftet 1415 Lun start, blogga om her. 
One of the (many) good things about finally having him here, is that I finally get to dress him in all the little garments I have knitted these months.

tirsdag 18. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: ARVEDRAKT FRÅ PAELAS ER FERDIG, OG DET ER 8 DAGAR I GJEN / DUE DATE COUNTDOWN: A NEW ROMPER IS FINISHED, AND IT'S 8 DAYS LEFT

Er du ute etter ein raskt strikka, silkemjuk og enkel romper frå størrelse 6 mnd og oppover: Då treng du ikkje leite meir.

Det er ikkje meir enn eit par dagar sidan eg satt på brygga og begynte å strikke på den, og no er den allereie ferdig. Arvedrakta frå boka Barnestrikk fra Paelas er mitt første prosjekt frå den utruleg nydelege strikkeboka, og eg er veldig nøgd med resultatet.

Størrelsen er frå ca 6 mnd, så det er framleis ei lita stund til vi kan kle babyen i den.
Men det er då fint å ha grunnar til å gle seg til vinteren, også.

It has only been a few days since I sat by the sea and started to knit this romper, and now it is already finished. The pattern is from the Norwegian book Barnestrikk fra Paelas by the super talented Paelas-girls. You can find other patterns from them here.

søndag 16. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: EIT LETTARE HENTESETT - 10 DAGAR IGJEN / DUE DATE COUNTDOWN: COTTON AND WOOL, 10 DAYS LEFT

Sidan temperaturane mildt sagt har svinga mykje i sommar, har eg vore redd for at eit hentesett i rein ull ikkje kan brukast den dagen lillebror skal heim frå sjukehuset. No er løysinga her: Hentesett nummer to, denne gongen strikka i blandingsgarn med bomull og ull.

Settet består av denne romperen, strikka i Mini Duett frå Sandnes Garn, og super-enkle rillestrikka plagg i form av ein cardigan og ei kyse - begge strikka i Lille Lerke frå Dale Garn. Oppskrifta til dei to siste er frå Sandnes Garn-heftet 1508 Tynn merinoull, men eg har altså bytta ut tynn merinoull-garnet med Lille Lerke.

Eg har altså godt for at det enkle er det beste med dette settet.
Romperen er riktignok bittelitt avansert, men jakka og lua er verkeleg noko av det aller enklaste ein kan strikke, og kan fint strikkast av alle nybegynnarar. Likevel synst eg uttrykket er veldig fint. Og jo enklare plagga er, jo lettare er det å kombinere dei med andre babyplagg, noko som heilt klart er ein fordel.

Så får vi sjå korleis temperaturane blir framover.
No er i alle fall både ull og bomull/ull-blanding pakka i fødebagen, så vi burde vere godt rusta.

I have already knitted a set that I was planning to dress the baby in for leaving the hospital. But with temperatures changing from autumn to the hottest summer every second day, I worried that we might not be able to dress him in wool. The solution: To knit another set, but this time in yarns made from a mix of cotton and wool. 

torsdag 30. juli 2015

REDEBYGGING / NESTING


Om redebygging-impulsane skal varsle om at fødselen nærmar seg, burde denne babyen vere rett rundt hjørnet.

Men det er framleis over tre veker att til termin, så vi bør vel ikkje begynne nedtellinga heilt enda. Likevel kjenner eg eit nesten panisk behov for å gjere alt klart. Riktignok har det ikkje resultert i vasking av taket på badet og innvendig reingjering av alle kjøkkenskap, som det gjorde då eg venta Iben. Ikkje enda, i alle fall. Men stellebordet har kome på plass på badet, komplett med bleier og baby-vaskeklutar. Sprinkelsenga har flytta inn på soverommet, og bittesmå plagg har flytta inn i lillebrors kommode.

Og så er det jo hyggeleg å henge nokre av dei små plagga opp til pynt før dei blir tatt i bruk.
På soverommet heng to romperar klare, og på kommoden under ligg ein stabel med babytepper og venter.

Men han kan godt halde seg i ro ei lita stund til. 
I alle fall til barnevakt farfar er på plass i huset.




If my nesting urge is a signal of a fast approaching birth, then the baby should be arriving any minute. But it is still more than three weeks until my due date, so I guess we should not start the countdown just yet. But it is good to have time to get things ready for the little one. And to hang tiny little outfits on display is a nice little reminder of what we are expecting...

torsdag 23. juli 2015

KVIT BABY-ROMPER / ANOTHER ROMPER FOR THE BABY

Årets ferie-strikking har blant anna resultert i denne kvite romperen til minstemann, strikka i vestnorsk sommarregn. 

Oppskrifta er frå Sandnes Garn-heftet 1415 Lun start,
men eg har gjort nokre endringar undervegs. Garnet eg har brukt er Mini Duett frå Sandnes Garn, istaden for Lanett, som oppskrifta bruker. Og for å få garnvalet til å passe til størrelse 0-3 mnd, har eg brukt pinnestørrelse 2,5 istaden for 3. Ellers har eg følgd oppskrifta til punkt og prikke.

Eg likar spesielt godt strukturen i mønsteret, som nesten ser ut som korn i ein kornåker.
Og eg likar godt garnet, som er tynt-tynt, og ei blanding av ull og bomull, noko som forhåpentlegvis kjem til å passe bra mot slutten av august. Skjønt, med denne sommaren er det vanskeleg å spå korleis veret i august blir...

This years vacation knitting has, among other garments, resulted in this white romper for little brother. It is knitted in a cotton/wool mix yarn, that I hope will be good for an august baby. 

torsdag 28. mai 2015

ROMPER I TYNN MERINO ULL / THE LIGHT BLUE SUMMER ROMPER

Sjølv om lillebror ikkje skal kome til verda før heilt i slutten av august, klarte eg ikkje la vere å strikke ein sommarleg romper til han. 

Oppskrifta ropte til meg frå strikkehefte-sidene,
og eg gav etter. Vi kan jo håpe at det framleis er litt varme i lufta i august/september. Og viss ikkje, får vi bruke den med body og strømpebukse under. Oppskrifta er frå heftet 1508 Tynn merinoull frå Sandnes garn.

Garnet er (igjen) Tynn merinoull frå Sandnes garn,
som har blitt ein liten favoritt i det siste. Ikkje loar det, og ikkje klør det, og samtidig er det tynt og kjem i mange fine fargar. Eit skikkeleg vinnargarn til babystrikk, med andre ord.


Even though little brother is not due before the very end of August, I could not resist knitting this summer romper for him. Let us hope there is still some summer heat left in the air in Norway when he arrives. 

tirsdag 15. juli 2014

BARSELGÅVE TIL SOMMARBABY / KNITTED GIFT FOR THE SUMMER BABY

Romper og babysokkar frå Strikk til smårollinger, cardigan frå Babystrik på pinde 3 og lue frå Myk start. 
Då eg fekk vite at vesle Elida var født, hadde eg allereie barselgåva (nesten) klar. 

Det er allereie fleire månader sidan eg begynte å strikke romperen frå Strikk til smårollinger-boka til babyen i mi venninne Sara sin mage. Men etter at både romperen og eit par babysokkar var ferdigstrikka, kom eg fram til at det eigentleg var ein ganske dårleg ide å strikke rosa gåve til ein baby fordi venninna mi hadde ein følelse av at det var ei jente.

For å sikre meg at det iallefall var noko å gi babyen, strikka eg derfor ei kvit jakke.
Men då meldinga kom om at jenta var fødd, sette eg sporenstreks i gang med å fullføre settet med ei rosa lue.

Det bleik-rosa garnet er Line weight frå Purl Soho, innkjøpt i New York i påska.
Og for eit garn! Eg elska å strikke med det! Garnet er kjempetynt, i rein merino, og plagga blir lette og luftige og perfekte. Det passer supert til babystrikk, og hadde det ikkje vore for at det var så tynt, skulle eg gjerne strikka noko til meg sjølv med det, også. Men eg er redd tålmodet ikkje strekk til. Fargen eg har brukt her heiter treffande nok Ballet pink, og er ein lys, lys rosafarge som ikkje blir for sukkersøt. Kvart hespe med garnet er på 100 g, og eg har fortsatt ein del igjen av nøstet etter å ha strikka både romper, sokkar og lue.

Til cardiganen og dusken på lua har eg nok ein gong vald Alpakka silke-garnet frå Sandnes garn,
som eg har brukt mykje av til nyfødd-strikk. Cardiganen er (som mange sikkert ser) nok ei rillestrikka jakke frå Lene Holme Samsøe sitt hefte Babystrik på pinde 3. No kjenner eg at eg må ta ei pause frå denne modellen ei stund. Lua er strikka etter mønster frå boka Myk start, og sokkar og romper er etter mønster frå boka Strikk til smårollinger.

Og apropos Strikk til smårollinger...
Det er første gong eg strikker noko frå boka, som eg synst er veldig fin reint visuelt. Men romperen var ein stor test for mi evne til å forstå strikkeoppskrifter. Eg må seie rett ut at den oppskrifta var ekstremt dårleg forklart. Hadde det ikkje vore for at romperen er så fin, hadde eg ikkje gadda å fullføre den. Det har gjort at eg har kvidd meg for å sette i gong med å strikke andre ting frå boka, fordi eg er redd for at også det vil føre til frustrasjon. Er det nokon som har opplevd det same?

This week my friend Sara gave birth to little baby girl Elida. And my gift for the summer baby was (almost) finished. I started knitting the pink romper several months ago, but after finishing both the romper and the socks, I found out that maybe it was not the best idea to knit pink garmets to the coming baby based on a feeling my friend had that it might was a girl. So to be sure that I at least had something to give the little one, I knitted a white cardigan. When I got the message late one night that Elida - a girl - was born, I immediately started knitting the pink hat to finish the gift. The pale pink yarn is the Line weight yarn from Purl Soho that I bought in New York during my easter holiday. And what a yarn! I love knitting with it! It is so light and lovely, and the garments seems flawless with this yarn. Luckily I have more of this yarn in my stash!

fredag 28. februar 2014

BARSELGÅVE TIL VINTERBABY / WELCOME TO THE WORLD, LITTLE WINTER BABY

Årets første baby i vennegjengen er fødd! Og når ein er ein liten vinterbaby, som attpåtil er født i vinterland på Lillehammer, må ein så klart ha eit sett heimestrikka, varme ullklede!

Silke og ull til baby
Gåva frå meg er fire små, kjempemjuke plagg, alle strikka i alpakka silke frå Sandnes Garn. Eg elsker å strikke babyklede i dette utruleg mjuke garnet, fordi det er så godt eigna nettopp til babyklede. Rein alpakka blir for «hårete» for småttingar som ikkje heilt har kontroll over armane sine, og som gjerne putter heile den genserkledde armen inn i munnen (med påfølgande spytting og vrede dersom genseren etterlet seg store mengder med hårete garn i babyens munn). Men blanda med silke slepp ein stort sett unna dette problemet, og i tillegg blir plagga heilt draumeaktig mjuke og glatte. Og så blir dei heller ikkje for varme.

Det er tredje gong eg strikker denne buksa.
Iben har tidlegare fått ein rosa variant, og jenta til eit vennepar fekk ei liknande brun bukse som dette. Slike duse, lyse brunfargar passer i grunn fint til både jente og gutt, og kan vere eit trygt fargeval om ein ikkje veit heilt sikkert om det er ho eller han som er inni magen. Mønsteret er frå boka Myk start av May B. Langhelle, og buksa er enkel og fin å strikke. Eg gjekk for størrelse 0-3 mnd.

Omslagsjakka har eg derimot aldri strikka før.
Men også denne var relativt enkel å strikke, utan så mykje montering, sidan både rygg, armar og framstykker strikkast i eitt stykke. Kantane blir deretter strikka til slutt. Mønsteret er frå Dalegarn-katalogen Baby Hentesett, med katalognummer 226, og eg har strikka jakka i størrelse 0-3 mnd.

Klassisk lyseblått og rosa er i utgangspunktet ikkje mine favorittfargar til baby.
Som spedbarn hadde Iben nesten ingen rosa plagg. Men sidan eg følte snittet til denne omslagsjakka var litt feminint, sikra eg meg med lyseblått, så foreldra ikkje stadig må seie "Nei, han er ein gutt" når han har på seg jakka. (Vi måtte stadig avkrefte at Iben var gutt då ho var baby. Muligens blei det rett og slett for lite rosa).

Lua har også blitt strikka etter mønster frå Myk start-boka.
Og mønsteret er så klart den klassiske djevellua, som eg er så glad i, med ein liten dusk på toppen. Størrelsen er også her 0-3 mnd.

Mønsteret til vottane er gratis, og henta frå Ravelry.
Der kallast dei «djevel mittens», og dei skal passe til babyar mellom 0 og 6 mnd.

This years first result of the baby boom among my friends has been born in winter wonderland Lillehammer. And a Norwegian winter baby will of course need quite a lot of wool clothing. The four garments I have knitted for the little boy are all made from silk and alpaca yarn. I love the combination of silk and alpaca for little babies, who cannot control their arms very well, and who are likely to put their entire arms into their mouths. Therefore I think pure alpaca yarn is too «hairy» for the smallest babies, but mixed with silk, you do not have the same problem. And the garments are pure wonder when it comes to softness! All the patterns are in Norwegian, except for the mittens, which are knitted from this free Raverly pattern. 

tirsdag 14. januar 2014

INSPIRERANDE BUKSESTRIKKING / INSPIRATIONAL BABY ROMPERS

1  /  2  /  3  /  4  /  5  /  6
Etsy er ei utømmeleg kjelde til inspirasjon for nye DIY-prosjekt, og ein veldig fin plass å kjøpe unike gåver. Om eg ikkje kunne strikke sjølv, hadde eg heilt klart kjøpt noko frå Etsy-butikken LalaKa. 

Den blir drive av Nora Docheva, som strikker både bukser, dressar, vestar, babytepper og meir. Alt er strikka i ein enkel stil, med fine detaljar.

When I am looking for inspiration for new DIY-projects, or personal and unique gifts, Etsy is the place to go. If I did not know how to knit, I would definitely buy one of the beautyful knitted baby rompers in Nora Dochevas nice Etsy-store LalaKa.