 |
| Romper og babysokkar frå Strikk til smårollinger, cardigan frå Babystrik på pinde 3 og lue frå Myk start. |
Då eg fekk vite at vesle Elida var født, hadde eg allereie barselgåva (nesten) klar.
Det er allereie fleire månader sidan eg begynte å strikke romperen frå
Strikk til smårollinger-boka til babyen i mi venninne Sara sin mage. Men etter at både romperen og eit par babysokkar var ferdigstrikka, kom eg fram til at det eigentleg var ein ganske dårleg ide å strikke rosa gåve til ein baby fordi venninna mi hadde ein
følelse av at det var ei jente.
For å sikre meg at det iallefall var noko å gi babyen, strikka eg derfor ei kvit jakke.
Men då meldinga kom om at
jenta var fødd, sette eg sporenstreks i gang med å fullføre settet med ei rosa lue.
Det bleik-rosa garnet er Line weight frå Purl Soho, innkjøpt i New York i påska.
Og for eit garn! Eg elska å strikke med det! Garnet er kjempetynt, i rein merino, og plagga blir lette og luftige og perfekte. Det passer supert til babystrikk, og hadde det ikkje vore for at det var så tynt, skulle eg gjerne strikka noko til meg sjølv med det, også. Men eg er redd tålmodet ikkje strekk til. Fargen eg har brukt her heiter treffande nok Ballet pink, og er ein lys, lys rosafarge som ikkje blir for sukkersøt. Kvart hespe med garnet er på 100 g, og eg har fortsatt ein del igjen av nøstet etter å ha strikka både romper, sokkar og lue.
Til cardiganen og dusken på lua har eg nok ein gong vald Alpakka silke-garnet frå Sandnes garn,
som eg har brukt mykje av til nyfødd-strikk. Cardiganen er (som mange sikkert ser) nok ei rillestrikka jakke frå Lene Holme Samsøe sitt hefte
Babystrik på pinde 3. No kjenner eg at eg må ta ei pause frå denne modellen ei stund. Lua er strikka etter mønster frå boka
Myk start, og sokkar og romper er etter mønster frå boka
Strikk til smårollinger.
Og apropos Strikk til smårollinger...
Det er første gong eg strikker noko frå boka, som eg synst er veldig fin reint visuelt. Men romperen var ein stor test for mi evne til å forstå strikkeoppskrifter. Eg må seie rett ut at den oppskrifta var ekstremt dårleg forklart. Hadde det ikkje vore for at romperen er så fin, hadde eg ikkje gadda å fullføre den. Det har gjort at eg har kvidd meg for å sette i gong med å strikke andre ting frå boka, fordi eg er redd for at også det vil føre til frustrasjon. Er det nokon som har opplevd det same?
This week my friend Sara gave birth to little baby girl Elida. And my gift for the summer baby was (almost) finished. I started knitting the pink romper several months ago, but after finishing both the romper and the socks, I found out that maybe it was not the best idea to knit pink garmets to the coming baby based on a feeling my friend had that it might was a girl. So to be sure that I at least had something to give the little one, I knitted a white cardigan. When I got the message late one night that Elida - a girl - was born, I immediately started knitting the pink hat to finish the gift. The pale pink yarn is the Line weight yarn from Purl Soho that I bought in New York during my easter holiday. And what a yarn! I love knitting with it! It is so light and lovely, and the garments seems flawless with this yarn. Luckily I have more of this yarn in my stash!