Viser innlegg med etiketten oppskrift/pattern: Paelas. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten oppskrift/pattern: Paelas. Vis alle innlegg

søndag 4. oktober 2015

SOFT IS-JAKKE / AUTUMN CARDIGAN

Med hausten på full innmarsj, passer det bra at soft is-jakka i haustleg gulfarge er ferdig.

Oppskrifta er laga av Paelas, og kan kjøpast her.
Eigentleg skal den strikkast i Lerke, men eg har brukt Drops Merino Extra Fine i fargen «sennep», for eit litt varmare plagg som kan brukast gjennom vinteren. Eg strikka den i størrelse 3 år, og den er romsleg og god til treåringen Iben, og vil nok passe lenge. Ryggen er strikka litt ekstra lang, for sikkerheit skuld.
Eg liker godt detaljane på denne jakka,
samtidig som den er relativt enkel å strikke. Mesteparten av jakka består trass alt av heilt basic rillestrikk.
Autumn is here, and I have finished an autumn colored cardigan for Iben. Pattern from Paelas.

torsdag 16. oktober 2014

SNØFLAK-GENSER UTAN SNØFLAK / SNOWFLAKE SWEATER ON A SNOWY DAY

I dag har den første snøen falt (men heldigvis ikkje lagt seg), og kva passer vel betre då enn å vise fram ein snøflak-genser frå Paelas? Riktignok utan snøflak-struktur.

Eg begynte nemleg å strikke genseren med holmønster-strukturen i front, nøyaktig slik oppskrifta viser. På bildene til Paelas ser strukturen kjempefin ut, men eg syntes den blei litt for enkel i verkelegheita. Om ein følger struktur-mønsteret, blir det dessutan liggande ein liten tråd på tvers ved kvart hol, som eg mistenker at lett kan henge seg fast i greiner og liknande når ein vilter toåring leiker. Derfor var eg redd genseren raskt ville bli øydelagt.

Holmønstret blei bytta ut med dobbel perlestrikk,
noko som gjer genseren litt kjedelegare, men kanskje også litt meir praktisk. Eg liker at det berre er fronten som er strikka med struktur, medan rygg og armer er i glattstrikk. Det skaper ein fin kontrast til fronten, og gjer strukturen tydelegare.

Garnet eg har brukt er Pickles Extra Fine Merino i fargen «kremet oker».
Eigentleg skal ein strikke genseren med dobbelt tråd i Soul og Sky frå Du Store Alpakka, men eg brukte garnet eg hadde for hand - og som dessutan skulle ha nesten same strikkefastheit. Eg liker merino-garnet veldig godt, og etter ein vask blir det også veldig, veldig mjukt. Så mjukt at den høge halsen har problem med å halde seg oppe, og blir litt slapp.

Oppskriftene til Paelas er forøvrig veldig fine, og godt forklarte. Dei anbefalast!
Eg har tidlegare strikka både simelthen bukse og perlevest, og liker veldig godt begge to. Eg sikler veldig etter å strikke både Myk genser, Flora-topp og Fly with me-vest, men innser at eg inntil vidare må prioritere å strikke litt meir praktiske ting til barnehagebruk, no som vinteren ser ut til å komme ved Oslofjorden. Både halsar og luer er på pinnane!

The first snow fell today in our village by the Oslofjord, and it is only suitable then to show you my snowflake sweater. At least it was supposed to be a snowflake sweater, but when I tried knitting the structured part in the front, I did not really like it, so I ended up knitting the front in double seed stitch. The yarn is Pickles Extra Fine Merino in the colour Creamy ochre, and the pattern is from the talented Paelas-girls. 

tirsdag 30. september 2014

PERLESTRIKK MED VINGER / A WINTER VEST

Enda eit Paelas-mønster er tatt av pinnane, og denne gongen blei det ein fin perlestrikka vest med vinger!

Som tidlegare nemnd, synst eg Paelas-jentene har veldig mange fine strikkemønster. Denne vesten anbefalast om ein er på utkikk etter eit kjapt prosjekt, eller om ein er nybegynner. Den er både enkel og rask å strikke, samtidig som den blir veldig, veldig fin!

Sidan oppskrifta ikkje har nokon facit på kva garn ein skal bruke, tok eg eit djupdykk i garnlageret.
Det er jo liksom meininga at eg ikkje skal kjøpe så mykje nytt garn, men heller bruke frå det eg allereie har. Og til slike prosjekt som dette, der det ikkje er store mengder garn som trengs, er det ingen grunn til å springe i butikken. Eg endte med å bruke to trådar med ulike, grå alpakkagarn som eg hadde liggande. Eg trur det eine er Drops Alpaca Mix i fargen som heiter «lys perlegrå», medan den andre gråfargen er litt mørkare, og av usikker herkomst. Begge garna er i allefall relativt tynn alpakka-ull.

Det som er fint med vestar som dette, er at ein i grunn kan bruke akkurat kva garn ein vil!
Med tjukt garn treng ein berre ein enkelt tråd, og med tynt garn dobler ein, eller tripler, for den del. Vesten kan både vere stor og vid, og inntilsittande og smal. Begge deler funker, noko som gjer at ein kan bruke akkurat dei garna ein har liggande, og uansett få eit fint resultat. Eg gler meg iallefall til at toåringen skal ta denne i bruk!

Another Paelas pattern has been tested, with success. This time, I have knitted a winter vest with two threads of alpaca in two shades of grey. The vest is lovely, particularly the little «wings» on the shoulders. 

søndag 28. september 2014

SIMPELTHEN BUKSE / SKINNY PANTS IN WOOL

Då eg såg bilder av desse fine buksene for første gong, visste eg straks at eg måtte strikke dei. Nokre strikkeplagg har den typen tiltrekningskraft på meg. 

Mønsteret heiter «simpelthen bukse», og er mitt første møte med strikkemønstra frå Paelas (men neppe mitt siste).  Oppskrifta var godt forklart, og enkel å følge med på, og buksa var faktisk realtivt kjapt strikka, sidan ein bruker pinne nr 3,5.

Garnet er herlig mjukt, og buksa kan godt brukast rett mot huda.
Buksa er nemleg strikka med Babysilk frå Du store alpakka, og eg gjekk for ein rosa variant, sidan eg hadde litt garn liggande etter å ha strikka denne lua i vår.

Eg gjekk for størrelse 3 år, for at toåringen skal ha litt å vokse i,
og for at den ikkje skulle vere altfor tettsittande. Riktignok liker eg denne buksa nettopp fordi den ikkje er så baggy som mange andre ullbukser, men eg tenkte det kunne vere greit å sikre seg at det er plass til ei tjukk strømpebukse under på kalde vinterdagar. Og størrelsen er passer kjempefint. Buksa har vokseplass, samtidig som den tettsittande modellen og ribbestrikken rundt beina, gjer at det ikkje er noko problem å få plass til buksebeina nedi støvlar og støvlettar.

At det er lommer i buksa, gjorde den litt meir interessant for Iben.
Ho har kosa seg med å samle kongler i skogen og tråsneller frå mors sybord i dag, og kjem stadig for å vise kva ho har i lommene sine.






The first time I saw a picture of these pants I knew I had to knit them. The pattern is from Paelas, and it is the first time I have tried knitting something of theirs. It will not be the last time I knit a Paelas-pattern: The pattern was very easily knitted and well explained, the pants turned out really well, and last but not least - the Paelas girls have plenty of other well looking patterns to choose from. The yarn is Babysilk from Du store alpakka, a yarn made from alpaca and silk, which means that it is very soft - and can be worn close to the skin. Iben immediately liked her new pants, especially because they have pockets. She has been in the woods collecting cones in her pockets all day.