Viser innlegg med etiketten nyfødd / newborn. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten nyfødd / newborn. Vis alle innlegg

torsdag 8. oktober 2015

STRIKK I BRUK / KNITS BEING USED

No som dagane er kaldare, er det fint at vi har skuffer fulle av mjukt og varmt strikketøy til Alfred og Iben. 

Sokkane eg strikka i mai er no heilt perfekte i størrelsen, og må brukast så lenge det varer. Alfred ligg ikkje på latsida, og vekstkurven går bratt oppover, så her skifter vi klesstørrelse temmeleg ofte...

Og eg er kjempenøgd med Baby boho-teppet frå Ministrikk! Vi bruker det masse, både til kviling inne, og til turar med vogna.

As the days gets colder, it is nice to have drawers full of soft and warm litte knits!

mandag 21. september 2015

UT PÅ TUR / THE BABY BOHO BLANKET GOES STROLLING

Vi ønsker haustlege dagar velkommen slik: Trilleturar med gresskar-farga Baby boho blanket.

Og endeleg passer det blå hentesettet, også! (Det viste seg å vere for stort på sjukehuset, så Alfred reiste heim i det kvite.)

Cooler temperatures are welcomed with stroller walks, and finally we can use more wool and the Baby boho blanket!

lørdag 12. september 2015

SOKKAR TIL LILLEBROR OG STORESØSTER / WARM SOCKS FOR WINTER

Sidan hausten nærmar seg med store skritt, har eg innsett at det er nødvendig med litt praktisk strikk i heimen. 

Og ullsokkar må seiast å vere blant det mest nødvendige ein strikker i løpet av året, sjølv om det kanskje ikkje er det aller morsomste.

Når eg først var i gang med sokkestrikk, blei det til at Iben og Alfred fekk like sokkar.
Iben er veldig begeistra for alt som er likt for tida («Se! Vi har lik jakke!», «Den sekken er lik min sekk!»), så eg tenkte det kunne vere lurt å gi ho og lillebror noko som er likt.

Mønsteret til Ibens sokkar er ein modifisert versjon av sportssokken frå Barnestrikk fra Paelas.
Eg har brukt maskeantallet og lengdemåla frå sportssokken, men strikka hælen anleis. Dessutan har eg droppa stripene oppe på leggen, og i staden strikka hæl og tå i kontrastfarge.

Alfreds sokkar er strikka etter mønster frå Myk start-boka.
Det mønsteret er supert, og eg har brukt det mykje til sokkestrikk.

Så no er i allefall to par sokkar ferdige til kalde haust- og vinterdagar.
Men det må nok minst eitt par Iben-sokkar til på pinnane før vi kan seie oss rusta for snø og regn og barnehagebruk.

As autumn and winter are approaching faster than I like to admit, I realized I needed to knit some more practical knits for the kids. And one of the most practical knits of all, is wool socks for winter. Iben is a big fan of everything that is similar these days («Look! We have the same jacket!», «That backpack is the same as mine!»), I figured it would be smart to knit the same socks for her and Alfred. 

fredag 11. september 2015

ROMPER I BRUK / I FINALLY GET TO DRESS HIM

Det er få ting som er så kjekt som å endeleg få kle på den vesle babyen kleda eg har strikka medan eg har venta på han. 

Dei har hengt til pynt på soverommet,
ligge folda pent saman i kommodeskuffa og vore bretta saman i sirlege bunkar, og minna oss på at snart er han her: Lillebror.

Og så kom han.
Og dei bittesmå kleda har fått ein liten eigar.

Romper frå Sandnes Garn-heftet 1415 Lun start, blogga om her. 
One of the (many) good things about finally having him here, is that I finally get to dress him in all the little garments I have knitted these months.

lørdag 5. september 2015

HEI ALFRED! / HE'S HERE!

2. september, ei veke etter termin, kom vesle, store Alfred til verda i full fart.

Berre fire timar tok det frå første rie heime på Nesodden til babyen blei født i eit varmt badekar på Ullevål, og i mellomtida var det både barnehagelevering av storesøster og stilleståande kø i morgonrushet på motorvegen mot Oslo, medan eit vanvittig regnver hamra på biltaket. 

Lillebror slektar på farssida, og er heile 54 cm lang, og var nesten 4 kg tung då han blei født.
Og det er mogleg det er berre noko eg innbiller meg, men det verkar som han roar seg veldig ned når han får ull på kroppen... I dag er det nemleg skikkeleg haustleg her på Nesodden med kjølege temperaturar og ausande regn. Men ikledd arvejakka og arvesokkar frå mors hentesett, og svøpt i bølgeteppet eg strikka til han, ligg han roleg og slumrar vekk formiddagen. Og bleiebuksa er bambusbuksa, som eg blogga om her. Den er bitteliten, og akkurat passeleg akkurat no. Vi må med andre ord bruke den mykje dei neste dagane, for snart vil den berre framstå som eit bitte, bitte lite plagg som ein har vanskar med å tru at har passa til noko anna enn ei lita dokke. 
On September the 2nd, little Alfred came to the world, one week after his due date. From the first contraction it only took four hours until he was born in the hospital, so you could say he had quite a rush when he first decided it was time to face the world. He is a long little fella, with his 54 cm and 4 kg. We came back home yesterday, and today it feels like autumn outside, with rain and cold tempereatures. We are relaxing inside, dressed in wool:
- Socks and cardigan from when I was a little baby.
- Bamboo soaker I knitted for him.

torsdag 27. august 2015

BABY-NEDTELLING: EIN DAG PÅ OVERTID/ BABY COUNTDOWN: MY OWN COMING HOME-CARDIGAN

Så er termin-nedtellinga offisielt gjort om til baby-nedtellinga. Open slutt, med andre ord.

På strikkepinnane mine er framleis Frost-kjolen til Iben, så der er det ikkje så mykje nytt å vise. I staden har eg henta fram hentesett-jakka frå då eg var baby, som mamma strikka til meg.

Det var også den Iben var ikledd då ho reiste frå Ullevål for første gong.
Lillebror har jo som kjent fått heile to hentesett å velge mellom, så han blir ikkje kledd i denne på si første reise. Men han skal nok få brukt den mykje, han og.

It seems we have to give the due date countdown a new name, so from today, let's just call it 'the baby countdown.' The end is open, in other words. This cardigan my mom knitted for me to wear coming home from the hospital when I was born, and my toddler Iben also wore it when she first left the hospital. As littlebrother has got no less than two sets to choose from, he will not be wearing it on his first journey out into the world, but I guess there will be plenty of opportunities later. 

onsdag 26. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: SÅ ER TERMINDAGEN HER! / NO MORE COUNTDOWN: THE DUE DATE IS TODAY!

Og eg som var sikker på at lillebror skulle komme leeenge før termindagen sin.

Vel, her er vi. Og ingen lillebror har kome ut. Akkurat no kjennast det eigentleg ut som om han har tenkt å bli i magen for alltid, eller i alle fall til uti 2016 ein gong. Akkurat dèt kjem vel neppe verken sjukehuset eller kroppen min til å godta, men eg begynner å bli redd for at det spøker litt for fødsel før barnehageopptaksfristen 1. september.

Vi markerer uansett dagen med desse fine ulltøflane.
Dei hadde eg sjølv på meg då eg forlot sjukehuset for første gong, strikka av mamma. Fine ikkje sant?

Tøflane, og andre fine arvestrikk-saker venter på å bli tatt i bruk.
Så: Kom gjerne ut, lillemann!

And I was so sure that the baby would come looong time before his due date. Well, here we are. No baby yet. Today it feels like we will not meet him until some time in 2016, but I guess neither my body nor the hospital will let that happen. Anyway: In the photo today you can see the tiny booties I wore myself when I left the hospital for the first time, knitted by my mom. Now they are ready for a new citizen of the world. So please come out, little man!

tirsdag 25. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: EIN BABYSTRIKK-STABEL, 1 DAG IGJEN / DUE DATE COUNTDOWN: A BABYKNITS STACK, 1 DAY LEFT

I morgon er dagen. Kanskje kjem lillebror då. Kanskje ikkje.

Bunkar med heimestrikka plagg er i alle fall klare til å ta imot han. Og er ikkje tøflane på toppen av bunken fine? Dei er i ullfilt og handsydde, kjøpt på loppis i vår. Eg gler meg til å prøve dei på små føtter!

Will we be welcoming our little baby boy tomorrow? Maybe, and maybe not. At least we have piles of knitted garment waiting for him. And don't you just love the white and yellow booties? They are made from felt wool and handsewn, and I found them at a fleamarket earlier this year. I cannot wait to try them on!

lørdag 22. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: MINISTRIKK-HENTESETTJAKKA, 4 DAGAR IGJEN / DUE DATE COUNTDOWN: BACK BUTTONED JUMPER, 4 DAYS LEFT

Noko av det første eg strikka etter at den verste kvalmen hadde gitt seg i starten av svangerskapet, var den kjempefine jakka frå Ministrikk-hentesettet, med knappar på ryggen.

Eg synst den er klassisk og nydeleg. Shortsen som høyrer til fekk eg derimot aldri til å bli heilt fin, så den gav eg til slutt opp. Men jakka passer jo saman med det aller meste, og kan fint kles på med dei fleste plagg i lillebrors kommode.

Eg bytta ut Drops Baby Merino med Lille Lerke frå Dale Garn, og det fungerte fint. 
Jakka har nok blitt bittelitt større enn den skal vere, riktignok, men eg trur ikkje det gjer noko. Den vil i alle fall vare lengre!

This jumper, with buttons in the back, was one of the first things I knitted for the baby. The pattern is available in English here!

onsdag 19. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: HENTESETT-BONANZA, 7 DAGAR IGJEN / DUE DATE COUNTDOWN: BABY KNIT BONANZA, 7 DAYS LEFT

Det er altså blitt strikka to fulle hentesett her i huset: Eitt i rein ull, og eitt i ull/bomull-blanding. Og sjølv om berre eitt av dei vil brukast som hentesett, skal nok begge få komme til nytte når den nye verdsborgaren kjem. 
No gler eg meg veldig til å møte han, det må eg berre seie... 
For sjølv om det er ei veke til termin i dag, kunne han gjerne kome for fleire dagar sidan for min del.
The knits for the baby is piling up, and I am more than ready for his arrival. 

søndag 16. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: EIT LETTARE HENTESETT - 10 DAGAR IGJEN / DUE DATE COUNTDOWN: COTTON AND WOOL, 10 DAYS LEFT

Sidan temperaturane mildt sagt har svinga mykje i sommar, har eg vore redd for at eit hentesett i rein ull ikkje kan brukast den dagen lillebror skal heim frå sjukehuset. No er løysinga her: Hentesett nummer to, denne gongen strikka i blandingsgarn med bomull og ull.

Settet består av denne romperen, strikka i Mini Duett frå Sandnes Garn, og super-enkle rillestrikka plagg i form av ein cardigan og ei kyse - begge strikka i Lille Lerke frå Dale Garn. Oppskrifta til dei to siste er frå Sandnes Garn-heftet 1508 Tynn merinoull, men eg har altså bytta ut tynn merinoull-garnet med Lille Lerke.

Eg har altså godt for at det enkle er det beste med dette settet.
Romperen er riktignok bittelitt avansert, men jakka og lua er verkeleg noko av det aller enklaste ein kan strikke, og kan fint strikkast av alle nybegynnarar. Likevel synst eg uttrykket er veldig fint. Og jo enklare plagga er, jo lettare er det å kombinere dei med andre babyplagg, noko som heilt klart er ein fordel.

Så får vi sjå korleis temperaturane blir framover.
No er i alle fall både ull og bomull/ull-blanding pakka i fødebagen, så vi burde vere godt rusta.

I have already knitted a set that I was planning to dress the baby in for leaving the hospital. But with temperatures changing from autumn to the hottest summer every second day, I worried that we might not be able to dress him in wool. The solution: To knit another set, but this time in yarns made from a mix of cotton and wool. 

lørdag 8. august 2015

MEIR BABYSTRIKK / KNITS FOR THE BABY











Ei bleiebukse, to bittesmå babysokkar og ei djevellue har kome av pinnane, og saman med babyjakka frå tidlegare i sommar blir dei eit fint sett.

Alle plagga er strikka i babyull frå Dale Garn.

Sokkane er frå same oppskrift som cardiganen, 
som er å finne i Dale Garn sitt hefte 310 Baby hentesett.

Djevellua er ein heilt klassisk modell.
Oppskrifta til liknande luer finn ein mange stader, men akkurat denne har eg strikka etter oppskrift frå Dale Garn-hefte nr 226, som også heiter Baby hentesett (eg har visst ein viss kjærleik for hentesett...).

Bleiebuksa har eg gjort ein litt eigen vri på.
Utgangspunktet er bleiebuksa frå Den store guttestrikkeboka til Charlott Pettersen, men eg har bytta ut strukturstrikken i originaloppskrifta med strukturen ein finn på cardiganen. For å få størrelsen til å passe ein nyfødt (orignaloppskrifta starter på str 3-6 mnd) har eg brukt pinnestørrelse 2,5 i staden for 3.

Og så må eg berre vise fram ein liten detalj: Knappane!
Det er kanskje ikkje så lett å sjå på bildet, men dei kvite knappane på jakka er trekt med stoff. Eg synst dei er heilt nydelege. Knappane er gamle, og funne i farmors syskrin. Farmora mi døydde mange år før eg blei født, og det er ekstra kjekt å kunne ta i bruk noko ho har hatt.




A soaker, two tiny baby socks and a hat has been knitted for the baby lately. Together with the baby cardigan I knitted earlier this summer, it makes a nice set. And I just have to point out one thing: The buttons on the cardigan. It is not so easy to see from this photo, but the white buttons are covered with fabric, and very delicate. I found them in my grandmother's old sewing box. She had been dead for several years before I was even born, so I think it is extra special to be able to use them on our baby's clothes. 

lørdag 25. juli 2015

BAMBUS-BLEIEBUKSE / A SOAKER KNITTED IN BAMBOO YARN

Tidlegare i sommar kjøpte eg det nye bambus-garnet frå Pickles på impuls, utan vidare planar for kva eg skulle strikke av det. Resultatet blei denne mjuke bleiebuksa, strikka utan oppskrift.

Eg prøvde først å finne ei oppskrift på babyshorts eller bleiebukse i passande strikketetthet, men måtte gi opp. Så for første gong har eg strikka noko heilt utan nokon som helst veiledning. Eg måtte starte på nytt eit par gongar før eg var fornøgd med størrelsen, men deretter støtte eg ikkje på nokon problem.

Bambus-garnet har eg blanda kjensler for.
Å strikke med det var som å strikke med stivt bomullsgarn. På samme måte som bomull er det ikkje elastisk i det heile tatt. Men den ferdige bleiebuksa har blitt supermjuk og lett, og plagget har eit veldig fin skinn som bomullsgarn ikkje har - som ikkje kjem fram på bileta.

Størrelsen håper eg at vil passe til ein heilt nyfødd ein,
og det blir spennande å sjå korleis den passer når lillebror kjem til verda.
Earlier this summer I bought a bamboo yarn from Pickles on pure impulse, without any further knitting plans for it. I wanted to knit a soaker for the coming baby, but could not find any suitable patterns to fit the yarn. So I did something I have never done before: I knitted a whole garment without any instructions. And I actually think it turned out rather well!

fredag 24. juli 2015

EI HENTE-JAKKE / THE BABY'S FIRST CARDICAN?

Noko anna som har blitt strikka i løpet av sommarferien, er denne vesle jakka, som muligens blir ein del av lillebrors hentesett.

Eg skriv muligens fordi eg føler eg må ta litt forbehold om kva temperaturar vi får når minstemann skal reise heim frå sjukehuset. På dei (mange) kalde sommardagane vi har hatt, er eg sikker på at: "Javisst skal han ha hentesett i rein ull!" Men når vi dagen etterpå kan vere heile dagen på stranda i steikande sol, framstår eit ull-hentesett som heilt meinigslaust.

Oppskrifta er frå Dale Garn-heftet 310 Baby hentesett (passande nok). 
Her har eg for ein gongs skuld ikkje gjort nokon endringar, men strikka alt etter boka. Garnet er Babyull frå Dale Garn.

Så inntil vidare er det altså ikkje heilt bestemt om jakka får æren av hentesett-status.
Men pakka i sjukehus-bagen, det blir den.

This summer has been unusually cold in Norway. The good thing about the low temperatures and windy, rainy weather, is that there has been plenty of time to knit. This blue cardigan is one of the garments that has been produced during summer, and now I am wondering if it should be a part of our new baby's outfit for when leaving the hospital for the first time. My problem is - again - the weather. After this summer, it is hard to predict whether the temperatures in the end of august will be low enough to dress him in pure wool. So I might have to knit something else, just in case...

torsdag 23. juli 2015

KVIT BABY-ROMPER / ANOTHER ROMPER FOR THE BABY

Årets ferie-strikking har blant anna resultert i denne kvite romperen til minstemann, strikka i vestnorsk sommarregn. 

Oppskrifta er frå Sandnes Garn-heftet 1415 Lun start,
men eg har gjort nokre endringar undervegs. Garnet eg har brukt er Mini Duett frå Sandnes Garn, istaden for Lanett, som oppskrifta bruker. Og for å få garnvalet til å passe til størrelse 0-3 mnd, har eg brukt pinnestørrelse 2,5 istaden for 3. Ellers har eg følgd oppskrifta til punkt og prikke.

Eg likar spesielt godt strukturen i mønsteret, som nesten ser ut som korn i ein kornåker.
Og eg likar godt garnet, som er tynt-tynt, og ei blanding av ull og bomull, noko som forhåpentlegvis kjem til å passe bra mot slutten av august. Skjønt, med denne sommaren er det vanskeleg å spå korleis veret i august blir...

This years vacation knitting has, among other garments, resulted in this white romper for little brother. It is knitted in a cotton/wool mix yarn, that I hope will be good for an august baby. 

torsdag 28. mai 2015

ROMPER I TYNN MERINO ULL / THE LIGHT BLUE SUMMER ROMPER

Sjølv om lillebror ikkje skal kome til verda før heilt i slutten av august, klarte eg ikkje la vere å strikke ein sommarleg romper til han. 

Oppskrifta ropte til meg frå strikkehefte-sidene,
og eg gav etter. Vi kan jo håpe at det framleis er litt varme i lufta i august/september. Og viss ikkje, får vi bruke den med body og strømpebukse under. Oppskrifta er frå heftet 1508 Tynn merinoull frå Sandnes garn.

Garnet er (igjen) Tynn merinoull frå Sandnes garn,
som har blitt ein liten favoritt i det siste. Ikkje loar det, og ikkje klør det, og samtidig er det tynt og kjem i mange fine fargar. Eit skikkeleg vinnargarn til babystrikk, med andre ord.


Even though little brother is not due before the very end of August, I could not resist knitting this summer romper for him. Let us hope there is still some summer heat left in the air in Norway when he arrives. 

mandag 25. mai 2015

SKYGGELUE / BABY CAP

Babylua med skygge frå Strikk til smårollinger har eg hatt lyst til å strikke sidan eg kjøpte boka. Og no har eg ein god unnskuldning. 

Lua er strikka med dobbel tråd i Tynn merinoull frå Sandnes Garn, 
noko som gjer den tett og god. Heilt kløfri er den også.

Mønsteret var lett å følge, og sjølv om det tok litt tid å strikke lua (som er strikka på pinne nr 2), var den ikke komplisert å strikke i det heile tatt. Kan anbefalast til nybegynnarar!

Den einaste endringa eg gjorde i forhold til originaloppskrifta,
var å bytte ut glattstrikka skygge med rillestrikk. Eg strikka først ein glattstrikka skygge, men den berre krølla seg opp og la seg som ein kant langs lua, så eg rekte det opp igjen og strikka riller i staden.

Eg tipper det blir fleire versjonar av denne etterkvart.

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

This baby cap is knitted with double thread in thin merino wool yarn, which makes it totally non itchy for the little baby. I love it!

BLEIEBUKSE MED STRUKTURSTRIKK / BABY SHORTS FOR LITTLE BROTHER

Som sagt er eg endeleg i full gang med babystrikkinga. Det er mogleg det er redebygging-instiktet som har slått til, for det strikkast plutseleg mykje, og eitt av plagga som har blitt ferdige er denne mørkeblå bleiebuksa.

Mønsteret er i utgangspunktet bleiebuksa frå Den store guttestrikkeboka til Charlott Pettersen, som eg har strikka fleire av før. Denne gongen har eg imidlertid endra strukturen i mønsteret litt, til ein struktur med ein kombinasjon av fletter/hullstrikk. Eg synst det blei veldig vellukka.

Garnet er Tynn merinoull frå Sandnes Garn, 
og fargen er marineblå. Dette er mitt første møte med garnet, og eg likte det veldig godt. Eg kan tenke meg at det held seg godt etter vask, noko som jo er ganske essensielt til babyplagg. No er garnet kjøpt inn i fleire andre fargar, som snart skal bli meir babystrikk.

På pinnane har eg også ei rillestrikka jakke i samme garn og farge.
Eller... jakka er eigentleg ferdig og tatt av pinnane for ei stund sidan, men manglar knappar. Kanskje får eg ånden over meg i løpet av kvelden?

My knitting pace is finally picking up speed, and the result is a growing number of baby garments. First one up is this dark blue soaker for little brother. 

mandag 1. desember 2014

EI GÅVE NÅR KULDA SET INN / GIFT FOR A NOVEMBER BABY

Forrige veke blei ein mjuk pakke sendt vestover til vesle Hauk i Bergen.

Her på Nesodden våkner vi no til rimkledde tre og is på sølepyttane om morgonen, og frå husa kjem grå røyk ut av pipene. Eit novemberbarn må få varme klede, så klart, og i pakken låg ei strikkejakke og ein babyshorts.

Jakka er ei ikkje-rillestrikka rillestrikka jakke frå Babystrik på pinde 3.
Eg tok utgangspunkt i oppskrifta i heftet, men strikka den i glattstrikk, og la inn to fletter på kvar side av knapperaden. Slik blei jakka litt meir særprega, men samtidig enkel.

Shortsen er bleiebuksa frå Den store guttestrikkeboka,
som eg også har strikka tidlegare.

Garnet til både jakka og shortsen er Dale Baby Ull i fargen "Elefantgrå",
som etter mi meining er mykje meir blå enn grå. Eg gjekk tom for garn då eg skulle i gong med å strikke ribben rundt beina på shortsen, så løysinga blei ribb og snor strikka i ein rest lysebrunt garn i Alpakka Silke frå Sandnesgarn.

This week I sent a gift to little Hauk, who has just been born in Bergen. A november baby needs wool, and I think these two garments are both practical and beautyful for a little baby boy.