mandag 24. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: LITT BORTESTRIKK, 2 DAGAR IGJEN / DUE DATE COUNTDOWN: SHOPPED KNIT, 2 DAYS LEFT

Lenge før eg visste om babyen i magen var gutt eller jente, kom eg over denne nydelege strikkejakka på Noa Noa, og den blei det første plagget innkjøpt til den lille.

Jakka er i bomull, og sidan eg ikkje er så veldig glad i å strikke bomullsplagg sjølv, passer det godt å satse på bortestrikk på bomullsfronten. Eg synst jakka er utruleg fin, både til gutt og til jente.

Ein av bakdelane med å vente ein gutt denne gongen, er at Noa Noa berre har jenteklede til dei små.
Iben har fått mange nydelege små plagg frå Noa Noa, men dei er stort sett veldig jentete, og eignar seg ikkje til å gå i arv til ein gutt. Men kanskje kleskjeden tek til fornuft, og lager noko like fint til gutar også?

Long before I knew whether I was expecting a boy or a girl, I bought this lovely cardigan for the baby. It is from Noa Noa, and a perfect match for me, since I am not such a fan of knitting in cotton myself. 

4 kommentarer:

  1. Heisann!

    Fant bloggen din i dag, og har lest et godt stykke nedover. Fine ting og gode bilder, koselig å lese. Lykke til med det som skal skje! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt! Og takk for lykkeønskning! Akkurat no kjennast det som at babyen har tenkt å bli i magen for alltid...

      Slett
  2. Helt enig, Noa Noa har så mye fint til små :)

    Har du forresten sett Newbie-serien til Kappahl? Mange fine plagg i duse toner i grått/blått/beige :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, Iben har hatt masse frå den serien, og lillebror har også fått litt. Berre synd dei ikkje lager dei i større størrelsar, for eg finn masse fint der som hadde vore supert til Iben, men som dessverre er for smått. Men det er absolutt eit bra tips for Noa Noa-erstatningar til guttebaby.

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment