lørdag 5. januar 2019

Å STRIKKE MED EIN FARGE I MND: #ONECOLORAMONTH2018

I 2018 hadde eg eit stort mål: Å strikke med berre lagergarn. Men korleis skulle ein garnjunkie som meg klare det? Løysinga blei å strikke med ein farge i mnd, og det var morsommare enn eg hadde trudd! Her er mine erfaringar:

Du har kanskje vore borti emneknaggen #onecoloramonth2019 på Instagram, og lurt på kva den eigentleg betyr? Om det er reglar? Og kva ein gjer for å vere med? Her får du vite alt du treng!

Har du også masse fantastisk garn som du ikkje heilt kjem i gang med å strikke med? Det hadde eg!
Bakgrunnen:
Januar 2018 stod for døra. Eg rydda heime, og fekk knapt lukka igjen den digre skuffa som huser garnlageret mitt. Ideen om å prøve å strikke kun med lagergarn i nokre månader hadde alt vore tenkt nokre gongar, men tidlegare forsøk på garnkjøpestopp hadde alltid endt i nye garnkjøp etter kort tid. Eg trengte ein plan, noko som kunne inspirere meg og få lagergarnet til å friste meir enn garnbutikken.

Ideen om ein farge i mnd:
Faktum var at eg hadde mange fargar eg nesten aldri strikker med, sjølv om eg synst dei er fine. Eg har lett for å velge nøytrale fargar som blått, grått og kvitt, mens lageret hadde fylt seg opp av nydeleg garn i gult, grønt og rosa. Det er garn eg synst er kjempefint, men som alltid berre blei liggande. For å dytte meg sjølv i gang med å endeleg ta garnet i bruk, fann eg ut at eg kunne prøve å strikke med ein hovudfarge kvar månad  - og berre med garn frå lageret. Målet var å gje liv til alt det fine garnet  - i alle fargar.

Eitt enkelt nøste kan bli mange ting. F.eks ei lita veske som denne.
Frå nokre månader - til eit heilt år:
Eg oppretta emneknaggen #onecoloramonth2018 på Instagram, og eg strikka ein månad med blått, deretter med gult og så med grønt. Opprinneleg tenkte eg å gje meg sjølv slack etter nokre månader, og veksle mellom lagerstrikk og kjøp av nytt garn til enkeltprosjekt innimellom. Men fargestrikkinga gav meirsmak. Eg fortsatte med kvitt, rosa og brunt, og plutseleg var halve året gått.

Eg innsåg at det ville vere fullt mogleg for meg å fortsette med lagerstrikkinga resten av året - både fordi eg hadde nok garn til det - men mest av alt fordi eg hadde lyst til det. Innsikten kom ganske overraskande på meg: Frå å lukke augo hardt igjen kvar gang eg passerte Pickles-butikken i Markveien for ikkje å gje etter for den underliggande trangen til å kjøpe-kjøpe-kjøpe i starten av året, oppdaga eg at eg fint kunne gå gjennom nydelege garnbutikkar på ferie i ullbyen Reykjavik utan å vurdere å kjøpe noko anna enn eit ferdigstrikka sokkepar.

I staden for å kjenne eit intenst behov for å kjøpe, samla eg idear til kva eg kunne bruke garnet heime til - fordi eg hadde full oversikt over alt på lager, og inspirasjon til å fortsette å strikke med det.

Du bestemmer sjølv kor detaljerte planer du vil legge for dine strikkemånader. Eg syntes det var
nyttig å planlegge kva eg ville strikke i starten av kvar fargemånad, men du legg sjølv opp eit løp som passer deg!
Frå 2018 til 2019:
Heldigvis har eg ikkje så mykje garn at eg kan strikke to år på rad med berre lagergarn (sjølv om eg ikkje har brukt opp heile lageret det siste året). Men mot slutten av 2018 blei eg kontakta av mange på Instagram som hadde lyst til å gjere det samme som meg i det kommande året. Dermed var emneknaggen #onecoloramonth2019 født.

Frå å vere eit prosjekt som eg (og etterkvart nokre få medstrikkarar) holdt på med, blei det eit prosjekt som mange hadde lyst til å prøve seg på.

For eg trur det er mange som har det som meg: Vi som strikker mykje, kjøper også mykje garn. Og dermed har vi etterkvart også store lager av garn som ikkje blir brukt - og som vi leiter etter inspirasjon til å sette i gang å strikke med. Ein farge i mnd-prosjektet er meint nettopp som det: Som inspirasjon!

Babystrikk er perfekt til lagerstrikk dersom du har mykje garn med berre eitt eller to nøster av samme type/farge. 
Kva er reglane?
Fleire har kontakta meg den siste veka og spurt kva som er reglane for #onecoloramonth2019. Og sjølv om prosjektet ikkje har nokre reglar om kva som er lov/ikkje lov, er det i alle fall nokre tydelege rammer ein kan forholde seg til:

  • Strikk med lagergarnet ditt. Bruk fargane du alt har på lager, i staden for å kjøpe nytt.
  • Strikk med ein hovudfarge i mnd om du har fargar nok til det på lager. Mange av oss har ikkje 12 fargar blant garnet vårt (heller ikkje eg), og då er det ingenting i vegen for å strikke to eller tre mnd med samme farge - enten samanhengande eller spreidd utover året. Eg strikka f.eks tre mnd med blått og to med gult og rosa gjennom 2018. 
Eg oppdaga at det motiverte litt ekstra å ha garn frå månadens farge liggande framme heime. 
  • Fleirfargestrikk er sjølvsagt lov. Eg strikka masse med fleire fargar, og hadde som regel for meg sjølv at månadens hovudfarge skulle utgjere ein vesentleg del av det ferdige strikketøyet - men at eg kunne bruke mange andre fargar også i prosjektet om eg ville det.
Eskimogenseren blei eitt av mange fleirfargeprosjekt i løpet av året.
Du treng ikkje å halde deg strengt til ein farge om gangen. Denne genseren inneheld heile
seks ulike fargar, sjølv om den blei strikka den rosa månaden. 
  • Hold på så lenge du vil. Har du garn og inspirasjon nok til å fortsette heile året, så gjer du det. Treng du nokre månader pause - så tar du det. Og vil du berre følge prosjektet nokre månader, så gjer du det. Heile poenget er å gjere dette til noko lysbetont. Om det begynner å kjennast som tvang, er det ikkje verdt det. Strikking skal vere gøy!
  • Alle er velkommen! Uansett om du er trent strikker eller ganske ny, om du strikker 10 ting i mnd eller eit halvt prosjekt. Det venter ingen annan premie på deg enn følelsen av å ha vore veldig flink. Og den er uslåeleg ;)
Gul barnestrikk. Alt dette er strikka av lagergarn i løpet av året. 

Slik kjem du i gang:
  1. Rydd og systematiser! Få oversikt over alt garnet du har, og organiser det etter farge, etter garnkvalitetar, tjukkelse eller på ein annan måte som gir meining for deg. 
  2. Kvitt deg med tvangsgarnet. Joda, du har det heilt sikkert, du også: Garnet som har ligge der i årevis. Bomkjøpa. Restane som ikkje fristar. Fargane som er litt kjipe. Rett og slett: Garnet du ikkje liker og som du ikkje har lyst til å strikke med. Og det synst eg faktisk ikkje at du treng å gjere, heller. Då eg rydda mitt eige garnlager sorterte eg vekk alt garnet eg ikkje likte. Det havna i ein stor pose som blei gitt til barnehagen - som tok imot med opne armar. Og i løpet av året har eg kjent igjen det kjipe garnet i håret til steintrolla, i veven og i annan hobbyproduksjon som har kome heim frå barnehagen - der det har kome til sin rett på ein mykje betre måte enn om eg hadde tvinga meg sjølv til å strikke med det. Både skulen, barnehagen, sfo og bruktbutikken tar gjerne imot garnet du ikkje vil ha. Og du veit at alt garnet du sit igjen med er garn du verkeleg har lyst til å strikke med. Det hjelper på motivasjone
  3. Vei garnlageret! Og gjer det gjerne før du set i gang med årets strikkeproduksjon. Då held du heile tida oversikten over kor mykje garn du har brukt. (Eg var ikkje strukturert nok til å hugse på å veie mitt garnlager i fjor, og angra litt på det etterkvart - så dette tipset er noko eg har kome på i etterkant). 
  4. Gå gjennom oppskrifter. Finn små og store prosjekt du har lyst til å strikke i løpet av året, og sjå om du har garn du kan strikke dei med på lager. Skriv ned garnet/fargen på ein post it-lapp eller liknande, og fest lappen på oppskrifta. Då har du heile tida eit arkiv av oppskrifter som du kan sette i gang med når du er ferdig med det forrige, noko som gjer det enklare å ikkje føle at du må kjøpe nytt. 
  5. Bruk emneknaggen #onecoloramonth2019 på Instagram. Då blir det lett for andre som deltar å finne og følge deg, og du kan finne og bli inspirert av andre som deltar. 
  6. Ha det gøy! Ikkje føl at du må delta i dette eller liknande prosjekt om du synst det verkar slitsomt eller begrensande- uansett om du har eit garnlager på 100 kg. Men om du har eit stort lager med mykje fantastisk garn som du gjerne vil strikke med, men aldri heilt kjem i gang med, kan det vere verdt å bli med. Kanskje har du erfart at f.eks ei skriveoppgåve er mykje lettare å gjennomføre dersom du får definerte rammer? Slik erfarte eg at det var med #onecoloramonth2018: Definerte rammer aukar kreativiteten, og gir inspirasjon til å sette i gang med prosjekt ein kanskje ellers ikkje hadde kome på!
Gult lagergarn venter på å komme på pinnane. 

VIL DU VITE MEIR?
Du finn mange postar om prosjektet i min Instagram-feed. Søk opp @skaperrom, og følg meg gjerne! På Instagram kan du også følge #onecoloramonth2019 for å finne andre som er i gang. 


Kunne du tenke deg å delta i #onecoloramonth2019? 

tirsdag 18. juli 2017

OPPSKRIFT: MIDTSOMMARTEPPE

Sjølvsagt skal barna ha eit fint og godt teppe i vogna også når det er sommar og varmt.

Norsk sommar er som kjent lunefull, og gjerne også vind- og regnfull. Eit tynt helseteppe kan bli for lite å ha over seg i vogna på ein norsk sommardag, mens eit ullteppe kan bli for mykje. 

Midtsommarteppet er noko midt i mellom. Det er tjukt, nesten som ei lett dyne, men framleis luftig og svalt. Og med strukturmønsteret som minner om ei eng av hveteaks, er teppet skapt for å hauste kompliment ute på trilletur. 



Og du: Midtsommarteppet er ikkje forbeholdt dei minste. Eg skal definitivt strikke eit lengre teppe med nokre fleire repetisjonar av mønsterrapporten i bredda, som eg kan ha liggande på verandabenken til kjølige sommarkveldar!

OPPSKRIFT PÅ MIDTSOMMARTEPPE:

Garn: Cotton Tube Mix frå Stoff og Stil. For eit heilårsteppe kan du gjerne velge eit anna garn, f.eks i ull eller alpakka, noko som vil gjere teppet mykje lettare og varmare. Cluet er å velge eit temmelig tjukt garn, som funkar til tjukke pinnar, slik at du verkeleg får fram strukturen i mønsteret. 
Garnmengde: 1000 gr.
Pinnestørrelse: Rundpinne nr 10 + ein hjelpepinne til flettemønsteret. 
Størrelse på ferdig teppe: Bredde ca 92 cm, lengde ca 97 cm.

Legg opp 70 masker på rundpinne nr 10. Arbeidet skal strikkast fram og tilbake på pinnen. Strikk 4 pinnar perlestrikk.* Dette danner ein perlestrikka kant øverst på teppet. 



Så begynner vi på sjølve mønsterdelen frå rettsida. 

Første pinne: Strikk perlestrikk over dei første 4 maskene. Dei første og dei siste 4 maskene strikker du alltid i perlestrikk. Dette danner langsgåande kantar på kvar side av teppet. Deretter strikker du 2 vrang, *8 rett, 2 vrang*. Gjenta frå * til * til det gjenstår 4 masker på pinnen, dei strikker du i perlestrikk. 

Andre pinne: Snu arbeidet, og strikk vrangsida. Først 4 masker i perlestrikk, så strikker du rett over rett-maskene og vrang over vrang-maskene. Dei siste 4 maskene strikkast i perlestrikk.

Tredje pinne: 4 masker perlestrikk, 2 masker vrang. *Sett dei første 2 maskene på ein hjelpepinne bak arbeidet, og strikk dei 2 neste maskene. Strikk deretter maskene frå hjelpepinnen. Sett så dei neste 2 maskene på ein hjelpepinne foran arbeidet, og strikk dei neste 2 maskene, før du strikker maskene frå hjelpepinnen. Strikk 2 vrangt.* Gjenta frå * til * til det gjenstår 4 masker på pinnen, strikk så dei i perlestrikk. 

Fjerde pinne: Først 4 masker i perlestrikk, så strikker du rett over rett-maskene og vrang over vrang-maskene. Dei siste 4 maskene strikkast i perlestrikk.

Gjenta pinne 1-4 til teppet begynner å bli så langt som du ønsker det. Avslutt med 4 pinnar perlestrikk. Fell av. 

Fest lause trådar. Kjør gjerne teppet ein runde i vaskemaskina, og strekk det ut mens det er vått, før du lar det tørke flatt. 

*Perlestrikk: Strikk 1 rett, 1 vrang ut pinnen. Snu arbeidet. På neste pinne strikker du vrangt over rett og rett over vrangt.  


Eg synst det er kjempekjekt om du vil strikke teppet, og om du i tillegg tagger det med #midtsommarteppe og @skaperrom på Instagram, undervegs og når du er ferdig, set eg kjempestor pris på det!

søndag 17. april 2016

BLOGG-PAUSE / NO TIME TO BLOG

Det er ein underdrivelse å seie at det har vore stilt på bloggen i det siste. Dødt, er vel heller ordet. Men det betyr ikkje at eg har slutta å strikke. 

For strikkinga har eg på ingen måte slutta med. Men blogging har eg ikkje heilt klart å finne verken tid eller inspirasjon til i det siste. Derimot har eg blitt flinkare til å oppdatere Instagram, så om du framleis vil følge mine små og store strikkeprosjekt, er det veldig hyggeleg om du søker opp og følger @skaperrom på Instagram.

Ein liten smakebit med Instagram-bilder. / Some of the pictures from my Instagram profile. 

Those of you who have followed my blog for some time, must have noticed the lack of new posts the recent months. The reason? Lack of time and inspiration. But that does not mean that I don't knit, because I do. A lot. It just does not show on the blog. So if you'd still like to see what I knit, you should follow me on Instagram, where I still find time to post pictures. You find me as @skaperrom. See you on Instagram!

torsdag 8. oktober 2015

STRIKK I BRUK / KNITS BEING USED

No som dagane er kaldare, er det fint at vi har skuffer fulle av mjukt og varmt strikketøy til Alfred og Iben. 

Sokkane eg strikka i mai er no heilt perfekte i størrelsen, og må brukast så lenge det varer. Alfred ligg ikkje på latsida, og vekstkurven går bratt oppover, så her skifter vi klesstørrelse temmeleg ofte...

Og eg er kjempenøgd med Baby boho-teppet frå Ministrikk! Vi bruker det masse, både til kviling inne, og til turar med vogna.

As the days gets colder, it is nice to have drawers full of soft and warm litte knits!

tirsdag 6. oktober 2015

HAUSTGARN / NEW YARN FOR AUTUMN

Gårsdagens trilletur på Grünerløkka resulterte i dette haustlege garn-innkjøpet på Pickles. 

Eg gler meg til å sette i gang og strikke med det!

Yesterday I went strolling in town in the autumn sun, and ended up with this yarn from Pickles. I cannot wait to start knitting!

søndag 4. oktober 2015

SOFT IS-JAKKE / AUTUMN CARDIGAN

Med hausten på full innmarsj, passer det bra at soft is-jakka i haustleg gulfarge er ferdig.

Oppskrifta er laga av Paelas, og kan kjøpast her.
Eigentleg skal den strikkast i Lerke, men eg har brukt Drops Merino Extra Fine i fargen «sennep», for eit litt varmare plagg som kan brukast gjennom vinteren. Eg strikka den i størrelse 3 år, og den er romsleg og god til treåringen Iben, og vil nok passe lenge. Ryggen er strikka litt ekstra lang, for sikkerheit skuld.
Eg liker godt detaljane på denne jakka,
samtidig som den er relativt enkel å strikke. Mesteparten av jakka består trass alt av heilt basic rillestrikk.
Autumn is here, and I have finished an autumn colored cardigan for Iben. Pattern from Paelas.

mandag 21. september 2015

UT PÅ TUR / THE BABY BOHO BLANKET GOES STROLLING

Vi ønsker haustlege dagar velkommen slik: Trilleturar med gresskar-farga Baby boho blanket.

Og endeleg passer det blå hentesettet, også! (Det viste seg å vere for stort på sjukehuset, så Alfred reiste heim i det kvite.)

Cooler temperatures are welcomed with stroller walks, and finally we can use more wool and the Baby boho blanket!

søndag 20. september 2015

FROST-BLÅ FLETTESOKKAR / CABLE SOCKS FOR THE THREE YEAR OLD

Haustens sokkestrikk til treåringen er i gang for alvor, og eg har strikka nok eit par flettesokkar etter mi sjølvkomponerte flettesokk-oppskrift.

Oppskrifta er gratis - du finn den her!

Treåringen er (fortsatt) forelska i Frost-universet,
og var veldig nøgd med at sokkane er Elsa-blå. Så viss det kan få ho til å bruke dei i staden for Olaf-sokkane frå H&M, som ho aller helst vil ha på seg kvar einaste dag, er det jo topp.
Another pair of socks for my three year old is finished, and this time I have knitted another pair of cable sock from my own pattern.

The pattern is free, and you can find it here!

Iben is still very much in love with the universe from the Frozen movie, and she was more than pleased when I told her that the socks are Elsa blue. So if it will make her use them instead of the Olaf-socks from H&M that she wants to wear every day, I will be a happy mom. 

lørdag 19. september 2015

BABY BOHO BLANKET


Då eg såg bildet av det litt utradisjonelle babyteppet frå Ministrikk første gong, visste eg umiddelbart at dette blei eg nødt til å strikke.

Og på pinne nr 10 og 12, med tjukt garn, har det gått fort å strikke.
Teppet har ikkje vore nokon prioritet (for prioriteten er for tida amming og søvn), så det har berre blitt strikka litt innimellom. Likevel har teppet raskt vokst og blitt større - og no altså ferdig.


Garnet er Easy frå Sandnes Garn, og fargen heiter «Gresskar». 
Eg synst fargen er kjempefin, og gler meg til det blir meir haustleg ute, og teppet får pynte vogna når eg og Alfred skal ut på haustlege trilleturar. Men inntil vidare pynter den opp babykorga inne.
Korga blei kjøpt på loppis i Oslo i vår, og kanten har eg sydd sjølv, med lekkert, mjukt Libertystoff innkjøpt i New York.
Even though knitting is not a priority these days (My priority is breastfeeding and sleep), the baby boho blanket was knitted in no time. With needle size 10 and 12, and a thick yarn, this is a fast blanket to knit. I love the non traditional look for a baby blanket. The pattern is from lovely Ministrikk. I love the color, and cannot wait for autumn days when it will match the autumn colors outside as it is warming little Alfred in his stroller on our daily walks. But right now it is being used in our bassinet. And don't you just love the bumper in our bassinet? I have sewn it with lovely fabric from Liberty. 

lørdag 12. september 2015

SOKKAR TIL LILLEBROR OG STORESØSTER / WARM SOCKS FOR WINTER

Sidan hausten nærmar seg med store skritt, har eg innsett at det er nødvendig med litt praktisk strikk i heimen. 

Og ullsokkar må seiast å vere blant det mest nødvendige ein strikker i løpet av året, sjølv om det kanskje ikkje er det aller morsomste.

Når eg først var i gang med sokkestrikk, blei det til at Iben og Alfred fekk like sokkar.
Iben er veldig begeistra for alt som er likt for tida («Se! Vi har lik jakke!», «Den sekken er lik min sekk!»), så eg tenkte det kunne vere lurt å gi ho og lillebror noko som er likt.

Mønsteret til Ibens sokkar er ein modifisert versjon av sportssokken frå Barnestrikk fra Paelas.
Eg har brukt maskeantallet og lengdemåla frå sportssokken, men strikka hælen anleis. Dessutan har eg droppa stripene oppe på leggen, og i staden strikka hæl og tå i kontrastfarge.

Alfreds sokkar er strikka etter mønster frå Myk start-boka.
Det mønsteret er supert, og eg har brukt det mykje til sokkestrikk.

Så no er i allefall to par sokkar ferdige til kalde haust- og vinterdagar.
Men det må nok minst eitt par Iben-sokkar til på pinnane før vi kan seie oss rusta for snø og regn og barnehagebruk.

As autumn and winter are approaching faster than I like to admit, I realized I needed to knit some more practical knits for the kids. And one of the most practical knits of all, is wool socks for winter. Iben is a big fan of everything that is similar these days («Look! We have the same jacket!», «That backpack is the same as mine!»), I figured it would be smart to knit the same socks for her and Alfred. 

fredag 11. september 2015

ROMPER I BRUK / I FINALLY GET TO DRESS HIM

Det er få ting som er så kjekt som å endeleg få kle på den vesle babyen kleda eg har strikka medan eg har venta på han. 

Dei har hengt til pynt på soverommet,
ligge folda pent saman i kommodeskuffa og vore bretta saman i sirlege bunkar, og minna oss på at snart er han her: Lillebror.

Og så kom han.
Og dei bittesmå kleda har fått ein liten eigar.

Romper frå Sandnes Garn-heftet 1415 Lun start, blogga om her. 
One of the (many) good things about finally having him here, is that I finally get to dress him in all the little garments I have knitted these months.

torsdag 10. september 2015

FERDIG FROSTKJOLE / NEW DRESS FOR IBEN

Frostkjolen blei faktisk ferdig før lillebror blei født. 

Sidan han lot vente på seg, fekk eg meir strikketid enn eg hadde rekna med før fødselen, og den tida blei brukt til å fullføre den utruleg fine kjolen frå Barnestrikk fra Paelas-boka. Og mottakaren verkar veldig nøgd med resultatet.

Kjolen er strikka i Babysilk frå Du store alpakka,
eit garn som er heilt fantastisk herlig å strikke med, og som gir utruleg mjuke plagg som er gode å ha på rett mot huda.



Eg gjekk tom for kvitt garn like før siste innspurt på halslinninga.
Løysinga blei å strikke halsen og ei i-cordsnor i grønnfargen frå skjørtet, og det synst eg i grunn at blei ganske bra.







Dette må bli haustens festkjole!
Trass i at det var litt langtekkeleg å strikke den, med det intrikate mønsteret på skjørtet,
var dette ein kjekk kjole å strikke. Og mønsteret er godt forklart i boka.

I did really finish Iben's dress before littlebrother's arrival! The pattern is from the Norwegian book Barnestrikk fra Paelas by the talented Paelas-girls, and I simply love it. Being knitted in babysilk, a mix of alpaca wool and silk, it is super soft and can be worn close to the skin without any itching. 

lørdag 5. september 2015

HEI ALFRED! / HE'S HERE!

2. september, ei veke etter termin, kom vesle, store Alfred til verda i full fart.

Berre fire timar tok det frå første rie heime på Nesodden til babyen blei født i eit varmt badekar på Ullevål, og i mellomtida var det både barnehagelevering av storesøster og stilleståande kø i morgonrushet på motorvegen mot Oslo, medan eit vanvittig regnver hamra på biltaket. 

Lillebror slektar på farssida, og er heile 54 cm lang, og var nesten 4 kg tung då han blei født.
Og det er mogleg det er berre noko eg innbiller meg, men det verkar som han roar seg veldig ned når han får ull på kroppen... I dag er det nemleg skikkeleg haustleg her på Nesodden med kjølege temperaturar og ausande regn. Men ikledd arvejakka og arvesokkar frå mors hentesett, og svøpt i bølgeteppet eg strikka til han, ligg han roleg og slumrar vekk formiddagen. Og bleiebuksa er bambusbuksa, som eg blogga om her. Den er bitteliten, og akkurat passeleg akkurat no. Vi må med andre ord bruke den mykje dei neste dagane, for snart vil den berre framstå som eit bitte, bitte lite plagg som ein har vanskar med å tru at har passa til noko anna enn ei lita dokke. 
On September the 2nd, little Alfred came to the world, one week after his due date. From the first contraction it only took four hours until he was born in the hospital, so you could say he had quite a rush when he first decided it was time to face the world. He is a long little fella, with his 54 cm and 4 kg. We came back home yesterday, and today it feels like autumn outside, with rain and cold tempereatures. We are relaxing inside, dressed in wool:
- Socks and cardigan from when I was a little baby.
- Bamboo soaker I knitted for him.

tirsdag 1. september 2015

BABY-NEDTELLING: SEKS DAGAR PÅ OVERTID / BABY COUNTDOWN: SIX DAYS PAST DUE DATE

Eg kan melde om at vi venter ein ekte latsabb, som trivst veldig godt i mors mage, og som ikkje synst det er så nøye å ha barnehageplass.

Nope, no baby today, either.

søndag 30. august 2015

BABY-NEDTELLING: FIRE DAGAR PÅ OVERTID/ BABY COUNTDOWN: FOUR DAYS PAST DUE DATE

Då eg såg Ministrikks oppskrift på det utradisjonelle babyteppet Baby Boho Blanket, var eg solgt. 

Joda, lillebror har alt fått eit babyteppe. 
Og vi har fleire tepper frå då Iben var baby. Men eit så fint teppe, det klarer eg ikkje la være å strikke. Og med tjukke pinnar og tjukt garn, reknar eg med at det er kjapt å strikke også. Eg gler meg til å sette i gang!

Yes, I have already knitted a baby blanket for the baby. But when I saw the new Baby Boho Blanket pattern from Ministrikk, I was sold. Another baby blanket will soon be on my knitting needles. 

lørdag 29. august 2015

BABY-NEDTELLING: TRE DAGAR PÅ OVERTID/ BABY COUNTDOWN: THREE DAYS PAST DUE DATE

Den positive sida av at lillebror let vente på seg, er at det blir mykje strikketid. 

Frost-kjolen, som i starten føltes som eit evighetsprosjekt med sin intrikate struktur, er no snart ferdig. Iben inspiserte den, litt skeptisk, i morgontimane i dag, men var mest opptatt av å prøve å trekke ut strikkepinnane, så eg er usikker på dommen.

If we look on the bright side of the unexpected waiting period, it gives me a lot of extra time to knit. The dress for Iben will be finished soon!

fredag 28. august 2015

BABY-NEDTELLING: TO DAGAR PÅ OVERTID/ BABY COUNTDOWN: TWO DAYS PAST DUE DATE

Fortsatt ingen baby. Og i dag heller ikkje noko nytt på strikkefronten. Eg fortsetter på Frost-kjolen til Iben medan eg venter!

Still no baby, and today I do not have any photos to show you, either. I am still knitting the dress for Iben, and still waiting. 

torsdag 27. august 2015

BABY-NEDTELLING: EIN DAG PÅ OVERTID/ BABY COUNTDOWN: MY OWN COMING HOME-CARDIGAN

Så er termin-nedtellinga offisielt gjort om til baby-nedtellinga. Open slutt, med andre ord.

På strikkepinnane mine er framleis Frost-kjolen til Iben, så der er det ikkje så mykje nytt å vise. I staden har eg henta fram hentesett-jakka frå då eg var baby, som mamma strikka til meg.

Det var også den Iben var ikledd då ho reiste frå Ullevål for første gong.
Lillebror har jo som kjent fått heile to hentesett å velge mellom, så han blir ikkje kledd i denne på si første reise. Men han skal nok få brukt den mykje, han og.

It seems we have to give the due date countdown a new name, so from today, let's just call it 'the baby countdown.' The end is open, in other words. This cardigan my mom knitted for me to wear coming home from the hospital when I was born, and my toddler Iben also wore it when she first left the hospital. As littlebrother has got no less than two sets to choose from, he will not be wearing it on his first journey out into the world, but I guess there will be plenty of opportunities later.