tirsdag 18. juli 2017

OPPSKRIFT: MIDTSOMMARTEPPE

Sjølvsagt skal barna ha eit fint og godt teppe i vogna også når det er sommar og varmt.

Norsk sommar er som kjent lunefull, og gjerne også vind- og regnfull. Eit tynt helseteppe kan bli for lite å ha over seg i vogna på ein norsk sommardag, mens eit ullteppe kan bli for mykje. 

Midtsommarteppet er noko midt i mellom. Det er tjukt, nesten som ei lett dyne, men framleis luftig og svalt. Og med strukturmønsteret som minner om ei eng av hveteaks, er teppet skapt for å hauste kompliment ute på trilletur. 



Og du: Midtsommarteppet er ikkje forbeholdt dei minste. Eg skal definitivt strikke eit lengre teppe med nokre fleire repetisjonar av mønsterrapporten i bredda, som eg kan ha liggande på verandabenken til kjølige sommarkveldar!

OPPSKRIFT PÅ MIDTSOMMARTEPPE:

Garn: Cotton Tube Mix frå Stoff og Stil. For eit heilårsteppe kan du gjerne velge eit anna garn, f.eks i ull eller alpakka, noko som vil gjere teppet mykje lettare og varmare. Cluet er å velge eit temmelig tjukt garn, som funkar til tjukke pinnar, slik at du verkeleg får fram strukturen i mønsteret. 
Garnmengde: 1000 gr.
Pinnestørrelse: Rundpinne nr 10 + ein hjelpepinne til flettemønsteret. 
Størrelse på ferdig teppe: Bredde ca 92 cm, lengde ca 97 cm.

Legg opp 70 masker på rundpinne nr 10. Arbeidet skal strikkast fram og tilbake på pinnen. Strikk 4 pinnar perlestrikk.* Dette danner ein perlestrikka kant øverst på teppet. 



Så begynner vi på sjølve mønsterdelen frå rettsida. 

Første pinne: Strikk perlestrikk over dei første 4 maskene. Dei første og dei siste 4 maskene strikker du alltid i perlestrikk. Dette danner langsgåande kantar på kvar side av teppet. Deretter strikker du 2 vrang, *8 rett, 2 vrang*. Gjenta frå * til * til det gjenstår 4 masker på pinnen, dei strikker du i perlestrikk. 

Andre pinne: Snu arbeidet, og strikk vrangsida. Først 4 masker i perlestrikk, så strikker du rett over rett-maskene og vrang over vrang-maskene. Dei siste 4 maskene strikkast i perlestrikk.

Tredje pinne: 4 masker perlestrikk, 2 masker vrang. *Sett dei første 2 maskene på ein hjelpepinne bak arbeidet, og strikk dei 2 neste maskene. Strikk deretter maskene frå hjelpepinnen. Sett så dei neste 2 maskene på ein hjelpepinne foran arbeidet, og strikk dei neste 2 maskene, før du strikker maskene frå hjelpepinnen. Strikk 2 vrangt.* Gjenta frå * til * til det gjenstår 4 masker på pinnen, strikk så dei i perlestrikk. 

Fjerde pinne: Først 4 masker i perlestrikk, så strikker du rett over rett-maskene og vrang over vrang-maskene. Dei siste 4 maskene strikkast i perlestrikk.

Gjenta pinne 1-4 til teppet begynner å bli så langt som du ønsker det. Avslutt med 4 pinnar perlestrikk. Fell av. 

Fest lause trådar. Kjør gjerne teppet ein runde i vaskemaskina, og strekk det ut mens det er vått, før du lar det tørke flatt. 

*Perlestrikk: Strikk 1 rett, 1 vrang ut pinnen. Snu arbeidet. På neste pinne strikker du vrangt over rett og rett over vrangt.  


Eg synst det er kjempekjekt om du vil strikke teppet, og om du i tillegg tagger det med #midtsommarteppe og @skaperrom på Instagram, undervegs og når du er ferdig, set eg kjempestor pris på det!

2 kommentarer:

  1. Så vakkert teppe, og så fin blogg! Jeg måtte legge den til i blogglista mi:)

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment