Det er få ting eg liker så godt å strikke som bittesmå babyplagg. Og sidan venegjengen har satt i gang ein skikkeleg baby boom i år, har eg mange småplagg på pinnane. Denne pakken med nydeleg ullstrikk blei nettopp sendt vestover til ei lita snelle i Sunnfjord.
Kysa har eg lenge hatt lyst til å strikke, og mønsteret er gratis!
Det finn du
her hos Drops, og lua er faktisk enkel og grei å strikke, sjølv om den ser litt komplisert ut. Garnet er ein rest
Abuelita 3-trådsgarn frå Pickles, som eg hadde liggande etter at eg strikka
denne balakalvaen. Det er ikkje alltid eg er heilt nøgd med Drops-oppskriftene, men for denne kysa bøyer eg meg i støvet. Den blei verkeleg knallfin, og eg fekk umiddelbart lyst til å sette i gong med å strikke fleire. Den einaste endringa eg gjorde, var å droppe tvinna snøring, og istaden strikke ei i-cord-snor over tre masker. Eg synst aldri at tvinna snører fungerer heilt, og foretrekker litt kraftigare saker. Størrelsen er 6-9 mnd.
Jakka er enda ei rillestrikka jakke frå heftet Babystrik på pinde 3.
Det er tredje gong eg strikker jakka, og eg synst alltid at dei blir like fine. Jakka er enkel med eit flott snitt, som gjer at den kan brukast til det aller meste. Eg strikka den i størrelse 6 mnd, men for at den skal kunne vare lenge, strikka eg den lengre enn oppskrifta foreslår. Garnet er
Baby Alpaca Silk frå Drops i fargen "pudder", som er kvit med ein liten anelse rosa i seg. Som eg har vore inne på tidlegare, synst eg garnblandingar i alpakka og silke er veldig fint å bruke til babystrikk. Ein unngår at plagget blir veldig hårete, som det blir med rein alpakka, samtidig som silken gjer plagget litt svalare, meir slitesterkt og - ikkje minst - heilt villt mjukt.
Og endeleg fekk eg prøvd meg på bleiebuksa frå Den store guttestrikkeboka!
Eg har sett på oppskrifta sidan boka blei innkjøpt, men mitt eige barn har blitt for stor til å vere mottakar, så då måtte eg finne nokon andre å strikke den til. Også her er størrelsen 6 mnd, og eg har brukt det same alpakka/silke-garnet som eg strikka jakka i. Eg likte oppskrifta godt, og vil absolutt strikke den igjen, og kanskje prøve meg med nokre andre variasjonar i strukturen. Buksa verkar veldig elastisk, og kan truleg brukast lenge.
Prikken over pakke-i-en er dei rosa sandalane.
Her gjekk siste rest av det rosa garnet med, og det såg stygt ut som det kom til å bli for lite då eg nærma meg slutten på sandal nummer to. Men det gjekk heldigvis akkurat. Garnlageret har dermed minka littegrann. Mønsteret er frå Debbie Bliss-boka
Babystrikk, og enkelt og greitt å følge, med detaljerte forklaringar. Størrelsen er ca 3-6 mnd. Og blei dei ikkje fine? Perkekt for ei lita frøken som skal pynte seg litt!
My favourite thing to knit is tiny newborn garments. I suits me fine that my friends are having a baby boom year. These small garments have recently been sent to my good friend who just had a little girl. You can find the pattern for the hat here - and it is free - and for once, also in English. Both the hat and the little sandals are knitted in this merino yarn from Pickles. The jacket and the baby shorts are knitted in the lovely yarn Baby Alpaca Silk from Drops, in the colour "powder" - which is white with a slight hint of pink.