tirsdag 15. juli 2014

BARSELGÅVE TIL SOMMARBABY / KNITTED GIFT FOR THE SUMMER BABY

Romper og babysokkar frå Strikk til smårollinger, cardigan frå Babystrik på pinde 3 og lue frå Myk start. 
Då eg fekk vite at vesle Elida var født, hadde eg allereie barselgåva (nesten) klar. 

Det er allereie fleire månader sidan eg begynte å strikke romperen frå Strikk til smårollinger-boka til babyen i mi venninne Sara sin mage. Men etter at både romperen og eit par babysokkar var ferdigstrikka, kom eg fram til at det eigentleg var ein ganske dårleg ide å strikke rosa gåve til ein baby fordi venninna mi hadde ein følelse av at det var ei jente.

For å sikre meg at det iallefall var noko å gi babyen, strikka eg derfor ei kvit jakke.
Men då meldinga kom om at jenta var fødd, sette eg sporenstreks i gang med å fullføre settet med ei rosa lue.

Det bleik-rosa garnet er Line weight frå Purl Soho, innkjøpt i New York i påska.
Og for eit garn! Eg elska å strikke med det! Garnet er kjempetynt, i rein merino, og plagga blir lette og luftige og perfekte. Det passer supert til babystrikk, og hadde det ikkje vore for at det var så tynt, skulle eg gjerne strikka noko til meg sjølv med det, også. Men eg er redd tålmodet ikkje strekk til. Fargen eg har brukt her heiter treffande nok Ballet pink, og er ein lys, lys rosafarge som ikkje blir for sukkersøt. Kvart hespe med garnet er på 100 g, og eg har fortsatt ein del igjen av nøstet etter å ha strikka både romper, sokkar og lue.

Til cardiganen og dusken på lua har eg nok ein gong vald Alpakka silke-garnet frå Sandnes garn,
som eg har brukt mykje av til nyfødd-strikk. Cardiganen er (som mange sikkert ser) nok ei rillestrikka jakke frå Lene Holme Samsøe sitt hefte Babystrik på pinde 3. No kjenner eg at eg må ta ei pause frå denne modellen ei stund. Lua er strikka etter mønster frå boka Myk start, og sokkar og romper er etter mønster frå boka Strikk til smårollinger.

Og apropos Strikk til smårollinger...
Det er første gong eg strikker noko frå boka, som eg synst er veldig fin reint visuelt. Men romperen var ein stor test for mi evne til å forstå strikkeoppskrifter. Eg må seie rett ut at den oppskrifta var ekstremt dårleg forklart. Hadde det ikkje vore for at romperen er så fin, hadde eg ikkje gadda å fullføre den. Det har gjort at eg har kvidd meg for å sette i gong med å strikke andre ting frå boka, fordi eg er redd for at også det vil føre til frustrasjon. Er det nokon som har opplevd det same?

This week my friend Sara gave birth to little baby girl Elida. And my gift for the summer baby was (almost) finished. I started knitting the pink romper several months ago, but after finishing both the romper and the socks, I found out that maybe it was not the best idea to knit pink garmets to the coming baby based on a feeling my friend had that it might was a girl. So to be sure that I at least had something to give the little one, I knitted a white cardigan. When I got the message late one night that Elida - a girl - was born, I immediately started knitting the pink hat to finish the gift. The pale pink yarn is the Line weight yarn from Purl Soho that I bought in New York during my easter holiday. And what a yarn! I love knitting with it! It is so light and lovely, and the garments seems flawless with this yarn. Luckily I have more of this yarn in my stash!

23 kommentarer:

  1. For et nydelig sett! :)

    Har ikke strikket noe fra Smårollinger-boka, men har lest litt rundt omkring at folk sier oppskriftene er vanskelige å forstå. Veldig synd!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er veldig dumt! Har lyst til å strikke meir frå boka, men vil samtidig unngå strikkefrustrasjon...

      Slett
  2. Jeg må visst gjøre det til vane å lese strikkeblogger, så slipper jeg unødvendig frustrasjon når jeg kjøper strikkebøker som viser seg å ha vanskelige oppskrifter!
    Jeg så på Strikk til smårollinger her om dagen, men endte opp med å kjøpe Myk start og Den store guttestrikkeboka i stedet. Som fersking innenfor strikking vil jeg tro de passer meg bedre. Jeg kan heller håpe at Smårollinger snart dukker opp på biblioteket. Flere av plaggene virker jo veldig fine.

    SvarSlett
    Svar
    1. Guttestrikkeboka og Myk start er veldig fine bøker for nybegynner. Begge har veldig godt forklarte oppskrifter. Eg har strikka masse frå begge bøkene, og anbefaler dei verkeleg!

      Slett
  3. Helt nydelig! Fantastiske farger �� inspirerende!

    SvarSlett
  4. For eit herleg sett! Elskar den sarte rosafargen.

    Lurte på om eg skulle skaffe meg boka du nemner, men no vart eg litt i tvil. Trur eg må ta ein nærare kik på den før eg eventuelt kjøper den.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, fargen er heilt fantastisk! Hadde det ikkje vore for at porto/toll på USA-kjøpt garn gjer nettkjøp frå Purl ganske dyrt, skulle eg hamstra dette garnet!

      Slett
  5. Helt enig ang oppskriftene i den boka! Skikkelig frustrerende! Men den rumperen er såå søt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra at det ikkje berre er eg som er dårlig til å lese strikkeoppskrifter!

      Slett
  6. Det var modig å strikke så mye i rosa. Flaks at moren gjettet riktig, for klærne var kjempesøte! Særlig romperen, så synd at oppskriften var vanskelig :/

    SvarSlett
    Svar
    1. Modig, eller berre dumdristig:). Eg trøsta meg med at plagga alltids kunne gis vekk til nokon andre om det var ein gutt som kom...

      Slett
  7. Så nydelig sett til en liten snuppe :-) kjekt med noe rosa, men jammen kjekt med noe hvitt og nøytralt også siden det passer til det meste i en liten frøkengarderobe :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, min erfaring er at kvite strikkejakker er gull verdt i ein babygarderobe, sidan den kan brukast saman med alt!

      Slett
  8. Åå, for et fint lite jentesett :) Heldig lita frøken (og mamma). Jeg blir så inspirert hver gang jeg er innom deg :)

    Holder på med to prosjekter fra denne boka og må si meg enig med deg. Syns det er en del tungvinte løsninger/forklaringer. Føler jeg må følge med på mønsteret hele tiden, selv på en enkel glattstrikket genser - så derfor ligger de to prosjektene i bunnen av strikkekurven akkurat nå :p

    SvarSlett
  9. For et herlig sett! Perfekt barselsgave! Jeg har også strikket romperen (har ikke hatt tid til å blogge) og jeg måtte vri hode for å forstå oppskriften, så jeg er enig med deg. Heldigvis et flott resultat og en mye brukt romper:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Fint å høyre at det ikkje berre er meg som ikkje klarer å lese oppskrifter, Kiristi. Gler meg til å sjå romperen!

      Slett
  10. For et nydelig sett! Og garnet noterer jeg meg bak øret ettersom jeg snart skal på tur til New York :) Har hørt at andre også har hatt litt problemer med den oppskriften.

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment