Viser innlegg med etiketten bunad. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bunad. Vis alle innlegg

lørdag 16. mai 2015

NY BARNEBUNAD TIL 17.MAI / HER NEW NATIONAL COSTUME

Nysydd stakk, nystrøken skjorte og nypussa sølv. Nasjonaldagen er i boks. For Iben.

Eg hadde håpa at bunaden eg sydde for to år sidan fortsatt passa, men måtte innsjå at det ikkje var tilfelle. Lovleg seint (for to veker sidan) sette eg derfor i gong med å sy ein ny. Mønsteret er sjølvteikna, og bunaden rein fantasi, men med tydeleg nasjonalromantisk inspirasjon.


Stakken er i mørkeblå vadmel, og livet i rød vadmel, begge frå Stoff og Stil. 
Bånda er ei blanding av Husfliden, Panduro, Stoff og Stil og gamle band eg hadde liggande. Forkléet er sydd av ein gammal, brodert duk kjøpt på loppis. Duken hadde nokre små brune flekkar som eg ikkje har fått vekk, men eg tenker at det ikkje gjer så mykje: Eit kvitt forklé på barnebunadar 17.mai får raskt fleire flekkar...

Skoa ho skal bruke har vi arva av ein kollega som hadde spart dei frå sin eigen barndom.
Då ho berre har fått gutar, var Iben så heldig å få dei, og dei passer perfekt som bunadssko til ei rød strømpebukse.


Foret inni bunaden er nok ein brodert duk frå loppis.
Ikkje at det synst når bunaden er på, men eg synst det er litt stas med slike små "hemmelegheiter", som berre kjem fram når plagget ikkje er påkledd nokon.

Så er altså Iben klar for nasjonaldagen. Og mine eigne førebuingar til påkledning 17.mai? 
Skjorta må strykast, bunaden prøvast på igjen (litt seint kvelden før?), sølv må finnast fram og kanskje pussast og sko må lokaliserast blant flyttekassar frå Oslo. Ikkje heilt i boks, med andre ord.

Eg trudde heilt ærleg eg kunne gi opp tanken på å kle meg i bunad i år, sidan eg trass alt er gravid i sjette månad. Men då eg prøvde på bunaden for nokre veker sidan, kunne eg til mi store forbausing konstatere at den gjekk på. Trang var den, riktignok, men på gjekk den!

No skal det seiast at eg har ein Sunnfjordbunad med høgt liv, slik at mesteparten av magen forsvinn i ein veldig vid stakk (og at knappane som held livet saman var litt vanskelege å få igjen), men eg synst likevel det var stas at eg (forhåpentlegvis) får den på meg. Kanskje på tide å sette i gang prøvinga...

-------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Tomorrow is the 17th of May, and our Constitution Day in Norway. I am just finished sewing this national costume - called 'bunad' - for Iben to wear, made from wool fabrics and old tablecloths.

lørdag 17. mai 2014

GRATULERER MED DAGEN / IT IS THE NORWEGIAN NATIONAL DAY

Eg i Sunnfjord-bunad. Iben i fantasibunad som liknar litt i stilen.
I am dressed in my national costume from the Sunnfjord area. Iben is dressed in her 'fantasy' bunad. 

I samband med nasjonaldagen deler eg nokre fleire detaljar frå Ibens heimesydde barnebunad. Som jo er veldig fin, om eg kan seie det sjølv.


Som eg skreiv her, sydde eg bunaden i fjor vår av to ulike ullstoff + bomullsstoff som fór i vesten, og diverse pynteband frå bla.a. Husfliden og stoffbutikkar på Grønland. Eg teikna mønsteret til bunaden sjølv, medan kysa er laga med hjelp frå boka Barnetøy du selv kan sy 0-3 år av Elsebeth Gynther. 

Pynteband som bling. 
Og som de ser av bildet, er kysa kanta med tre forskjellige pynteband mot ansiktet: Ei kvit blonde, eit gullband - bretta i folder, og eit mørkeblått fløyelsband. Innanfor fløyelsbandet, og i sømmane på sida av hovudet, har eg stukke inn eit gullfarga blonde-band frå Husfliden. Sidan eg ikkje kan å brodere, og derfor ikkje kunne dekorere kysa eller bunaden med broderi, synst eg dei fine banda mot ansiktet og i sømmane utgjer den store forskjellen - som gjer at kysa blir lagt merke til. Kall det gjerne bling! Både vesten og kysa er fora bomullsstoff.
Stoffet er frå Panduro, og eg hadde det liggande i ein av stoffkassane mine, og syntes det passa fint inni ein bunad. For å gjere det litt meir solid - og litt meir spesielt - har eg quilta det heilt enkelt ved å sy det fast i eit ullstoff med rette rader sydd med gul tråd, før eg festa foret til ytterstoffet på vesten. Det blå fløyelsbandet rundt ermet er det same som er brukt til å kante kysa. Og er ikkje sølja fin? Den brukte eg som bling på den kvite sommarkjolen eg hadde på meg då eg gifta meg, og eg synst det er fint at den no får eit vidare liv som Ibens første bunadssølje.

I opninga framme på vesten har eg stukke inn dei same gullblondene som i sømmane på kysa.
Igjen - bling-faktor! Og for å få vesten til å henge saman framme, har eg sydd inn hemper frå innsida av vesten, som ikkje skal synst når vesten er lukka.
Stakken på Iben sin bunad er i mørkeblå vadmel, kanta med gullband. 
Gullbandet er det same som er brukt bretta i opningskanten på kysa. Stakken er sydd i eitt stykke stoff, som ligg flatt framme og i folder på sidene og bak. Sømmen som syr saman stakken ligg midt framme. Sidan det skal vere forkle over, synst ikkje sømmen under. Trikset har eg henta frå min eigen bunadsstakk, som er sydd saman på same måte.
Men forkleet er ikkje heimesydd.
Det fekk Iben i barselgåve av ei av mine venninner, og eg kan hugse at eg sjølv hadde eit liknande på min barnebunad då eg var liten. Eg synst det er så fint at eg ikkje treng å lage noko nytt sjølv.
Heilt nede, bak på stakken, har eg gjort eit forsøk på å starte ein tradisjon.
Der har eg brodert inn namnet til den første som brukte bunaden, og årstalet då ho fekk den. Bunaden er allereie snart blitt for liten til Iben, men tanken er at andre kan få bruke den etter ho. Og kva er vel finare enn om alle brukarane får brodert inn namn og årstal for førstegongsbruk bak på bunaden, som eit lite historisk minnesmerke?

Today is the Norwegian national day, and we have been out celebrating with friends here in Oslo. In Norway it is the children who are marching in parades on our national day, and not the military. I think that is a very nice tradition. And all Norwegians who own a national costume ('bunad') wear it when we celebrate the 17th of may - which means that any Norwegian village or city, big or small, are filled with people in all kinds of beautyful bunads. (The tourists in Oslo are easy to spot in the crowds today...). Iben and I both wore our bunads today. Mine is a traditional national costume from the Sunnfjord area, and Iben's is a 'fantasy' take on the bunad, which does not follow the strict, traditional rules, but I think it looks great anyway. I have sewn it using different wool fabrics - the red one on the vest and the dark blue on the skirt - and a cotton fabric for lining both the hat and the dress. On the bottom of the back of the skirt, I have attempted to start a little tradition. I have embroideried Ibens name and the year she got the bunad. The plan is that the garment will be passed on to new little girls, and that they also can have their names embroideried onto the skirt. This way, the bunad will be bring with it a little piece of history... 

mandag 12. mai 2014

SY SJØLV TIL BUNADSSESONGEN / IT IS THE 'BUNAD'-SEASON

Ikkje for å høyrast eplekjekk ut, men barnebunad er det faktisk ikkje så vanskeleg å sy sjølv. 

Iallefall om ein går for fantasi-varianten, og tek i bruk stoff og materiale ein har for hand, eller lett kan kjøpe på loppis eller i stoffbutikkar. Ibens bunad er ein slik bunad, som i helga fekk lufte seg då vi var i barnedåp. Bunaden sydde eg på våren i fjor, og den blei brukt i ein dåp og på fjorårets 17.mai-feiring. Eg håpte at den skulle passe i år også, og det gjer den heldigvis. Men neste år blir den nok for liten.

Det er mykje prat om at bunader er så vanskeleg å sy.
Men eg meiner heilt oppriktig at om du har sydd ein kjole, klarer du også å sy ein fantasibunad i liten storleik. Det krevst berre litt meir tolmod, for naturleg nok tek det litt lengre tid enn ein sommarkjole sydd på ein kveld. Så om du skal ha bunaden klar til 17.mai, er du nok litt seint ute...

Ikkje gå for innkjøp av eksklusive og dyre stoff. 
Bunaden skal trass alt truleg berre brukast to-tre gonger før den er for liten. Ibens bunad har liv og kyse i raudt ullstoff frå Panduro, stakk i mørkeblå vadmel som eg hadde liggande i ein av stoffkassane mine, og diverse band kjøpt på bla.a. Husfliden og stoffbutikkar på Grønland. Forkleet fekk Iben i barselgåve av ei av mine venninner, som hadde kome over det på loppis. Opprinneleg sydde eg også ei enkel kvit bunadsskjorte, men den gjekk ikkje over hodet i år, så då blei det ein barnebluse frå min eigen barndom istaden.

Då eg skulle sy bunaden, leita eg etter eit eigna mønster i diverse sy-bøker på biblioteket.
Men eg fann ikkje noko til så små barn. Derfor endte eg opp med å teikne mønsteret sjølv, etter mål frå nokre av kleda til Iben. Det blir jo litt prøving og feiling når ein gjer det på den måten, men om ein passer på å starte litt større enn ein trur ein treng, kan ein alltids klippe av og smale inn til det blir passe.

Til kysa hadde eg derimot litt mønster-hjelp.
Eg tok utgangspunkt i kyse-mønsteret frå boka Barnetøy du selv kan sy 0-3 år av Elsebeth Gynther, men eg gjorde nokre endringar, blant anna ved å fore kysa, sette inn strikk rundt nakken og sy inn tre lag med ulike blonder/band i opninga rundt ansiktet.

Resultatet er ein veldig enkel, men likevel høgtideleg småbarnsbunad.
For det er ein bunad, sjølv om den ikkje høyrer til ein fast bunadstradisjon. Bunader blei opprinneleg sydd av det stoffet og dei fargane ein hadde tilgjengeleg. Og kan ein ikkje brodere? Ja, då blir det bunad utan broderi!

Bunad is the Norwegian national costume, and there are strict rules when it comes to what they should look like. My own bunad is a traditional national costume from the Sunnfjord-area on the west coast of Norway, but my daughters' bunad, on the other hand, is made from my own imagination. You can call it a fantasy-bunad. I have sewn Ibens bunad myself, made mostly from fabric I had in my fabric stash. And the good thing about making something from your own imagination, is that there are no rules. So although Ibens' bunad strictly is not a 'bunad', since it does not fit into the norm, it definitely still looks like a Norwegian national costume. The pictures are from a baptism we attended this weekend, but Norways' constitution day is right around the corner, so there might be a few more bunad-shots in the next days...