onsdag 15. januar 2014

FOR LITEN BALAKLAVA + FAVORITTVOTTAR / A TOO SMALL BALACLAVA + FAVOURITE MITTENS

Som eg har skrive før, er balaklava eit lurt plagg til småbarn som har knekt koden for å dra av seg lua. Og balaklavaen frå Nøstebarnboka har eg strikka to gongar. 

Slik går det gjerne når ein ikkje sjekker om lua er passeleg til mottakaren før både sjølve balaklavaen og fòret inni er ferdig strikka og montert. Det var tilfellet med denne rosa og gule saken. Då eg stolt stod der med ferdig resultat, og skulle dra den over hodet til ettåringen, satt den ubehageleg tett på. Resultatet blei at eg umiddelbart satte i gang med å strikke ny i større størrelse, medan denne knapt har blitt brukt. Den har istaden havna rett i arve-korga med klede som går rett til Ibens litt yngre vener.
Det som derimot har blitt mykje brukt, er dei gule vottane. Også dei er strikka etter mønster frå Nøstebarn-boka.

Og for nokre vottar! 

Tidlegare i haust, då vi for første gong skulle kle på ettåringen vottar med tommel, oppdaga vi at det var eit timelangt prosjekt å få dei på, samtidig som tommelen skulle på plass. Med desse vottane er det ikkje noko problem. Dessutan er dei veldig raske å strikke. Eg overdriver ikkje når eg påstår at det nesten er mogleg å strikke eit par i løpet av ein kveld.

Ein annan ting vi har oppdaga etter barnehagestart, er at vottar er forbruksvare. 

Ei snor som kan tres rundt nakken inni dressen er obligatorisk om dei ikkje skal forsvinne. Likevel har fleire par av desse vottane på mystisk vis gått hen til evige vottemarker. Iben har nemleg fått slike vottar både i gult, lilla, grått, rosa og korall. Og fleire blir det tydelegvis, om mor skal følge opp takten i votteforsvinninga.

Både vottane og balaklavaen er strikka med merinogarn frå Pickles, og balakalvaen er fóra med kvitt silkeullgarn.

As I have mentioned before, balaclava is a more practical choice than a hat when it comes to winterdressing for toddlers. This balaclava has hardly ever been used, as I realized that it was too small after I finished knitting. It has been put right into the hand me down-basket. The mittens, on the other hand, has come to be the most practical mittens I have ever come across. While we struggle to get the thumb in the right place in mittens I have bought, that is not a problem with these. And with double thread merino wool, they are very fast to knit. Iben already has pairs in several colours. And given how often she has managed to loose them so far, I will problably have to knit several more. 

2 kommentarer:

  1. Ja, balaklava er et must til småttiser. Jeg har faktisk aldri prøvd ut Nøstebarn sin oppskrift men har vært veldig fornøyd med Pickles sin "Skruehettelue". Det var jo utrolig smart å fore lua da!

    De rillestrikka vottene er helt geniale. Har også strikka mange par av de:-) Hvordan syns du forresten Abuelita-garnet har holdt seg i bruk?

    SvarSlett
    Svar
    1. Vottane strikka i Abuelita-garn har tova seg litt i bruk, men det gjer jo ikkje noko. Litt tova vottar blir jo berre varmare. Den neste balaklavaen eg strikka (http://ullstrikking.blogspot.no/2014/01/ein-praktisk-sak-practical-winter.html), blei også strikka med Abuelita. Den har vore i dagleg bruk sidan før jul, og eg har ikkje noko å seie på kvaliteten på garnet. Så hittil er eg veldig nøgd.

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment