lørdag 17. mai 2014

GRATULERER MED DAGEN / IT IS THE NORWEGIAN NATIONAL DAY

Eg i Sunnfjord-bunad. Iben i fantasibunad som liknar litt i stilen.
I am dressed in my national costume from the Sunnfjord area. Iben is dressed in her 'fantasy' bunad. 

I samband med nasjonaldagen deler eg nokre fleire detaljar frå Ibens heimesydde barnebunad. Som jo er veldig fin, om eg kan seie det sjølv.


Som eg skreiv her, sydde eg bunaden i fjor vår av to ulike ullstoff + bomullsstoff som fór i vesten, og diverse pynteband frå bla.a. Husfliden og stoffbutikkar på Grønland. Eg teikna mønsteret til bunaden sjølv, medan kysa er laga med hjelp frå boka Barnetøy du selv kan sy 0-3 år av Elsebeth Gynther. 

Pynteband som bling. 
Og som de ser av bildet, er kysa kanta med tre forskjellige pynteband mot ansiktet: Ei kvit blonde, eit gullband - bretta i folder, og eit mørkeblått fløyelsband. Innanfor fløyelsbandet, og i sømmane på sida av hovudet, har eg stukke inn eit gullfarga blonde-band frå Husfliden. Sidan eg ikkje kan å brodere, og derfor ikkje kunne dekorere kysa eller bunaden med broderi, synst eg dei fine banda mot ansiktet og i sømmane utgjer den store forskjellen - som gjer at kysa blir lagt merke til. Kall det gjerne bling! Både vesten og kysa er fora bomullsstoff.
Stoffet er frå Panduro, og eg hadde det liggande i ein av stoffkassane mine, og syntes det passa fint inni ein bunad. For å gjere det litt meir solid - og litt meir spesielt - har eg quilta det heilt enkelt ved å sy det fast i eit ullstoff med rette rader sydd med gul tråd, før eg festa foret til ytterstoffet på vesten. Det blå fløyelsbandet rundt ermet er det same som er brukt til å kante kysa. Og er ikkje sølja fin? Den brukte eg som bling på den kvite sommarkjolen eg hadde på meg då eg gifta meg, og eg synst det er fint at den no får eit vidare liv som Ibens første bunadssølje.

I opninga framme på vesten har eg stukke inn dei same gullblondene som i sømmane på kysa.
Igjen - bling-faktor! Og for å få vesten til å henge saman framme, har eg sydd inn hemper frå innsida av vesten, som ikkje skal synst når vesten er lukka.
Stakken på Iben sin bunad er i mørkeblå vadmel, kanta med gullband. 
Gullbandet er det same som er brukt bretta i opningskanten på kysa. Stakken er sydd i eitt stykke stoff, som ligg flatt framme og i folder på sidene og bak. Sømmen som syr saman stakken ligg midt framme. Sidan det skal vere forkle over, synst ikkje sømmen under. Trikset har eg henta frå min eigen bunadsstakk, som er sydd saman på same måte.
Men forkleet er ikkje heimesydd.
Det fekk Iben i barselgåve av ei av mine venninner, og eg kan hugse at eg sjølv hadde eit liknande på min barnebunad då eg var liten. Eg synst det er så fint at eg ikkje treng å lage noko nytt sjølv.
Heilt nede, bak på stakken, har eg gjort eit forsøk på å starte ein tradisjon.
Der har eg brodert inn namnet til den første som brukte bunaden, og årstalet då ho fekk den. Bunaden er allereie snart blitt for liten til Iben, men tanken er at andre kan få bruke den etter ho. Og kva er vel finare enn om alle brukarane får brodert inn namn og årstal for førstegongsbruk bak på bunaden, som eit lite historisk minnesmerke?

Today is the Norwegian national day, and we have been out celebrating with friends here in Oslo. In Norway it is the children who are marching in parades on our national day, and not the military. I think that is a very nice tradition. And all Norwegians who own a national costume ('bunad') wear it when we celebrate the 17th of may - which means that any Norwegian village or city, big or small, are filled with people in all kinds of beautyful bunads. (The tourists in Oslo are easy to spot in the crowds today...). Iben and I both wore our bunads today. Mine is a traditional national costume from the Sunnfjord area, and Iben's is a 'fantasy' take on the bunad, which does not follow the strict, traditional rules, but I think it looks great anyway. I have sewn it using different wool fabrics - the red one on the vest and the dark blue on the skirt - and a cotton fabric for lining both the hat and the dress. On the bottom of the back of the skirt, I have attempted to start a little tradition. I have embroideried Ibens name and the year she got the bunad. The plan is that the garment will be passed on to new little girls, and that they also can have their names embroideried onto the skirt. This way, the bunad will be bring with it a little piece of history... 

17 kommentarer:

  1. Å, jeg er helt forelsket i fantasibunaden til Iben. Den er aldeles nydelig, tusen takk for at du viste flere bilder av den :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt, Maria! Takk for fin tilbakemelding!

      Slett
  2. Så fin! (elles mållaus:)

    SvarSlett
  3. It sounds like a really lovely day, you both look fantastic in your dresses, Ibens bunad is really sweet - you have made a great job of it.

    SvarSlett
  4. Den var fin! Imponert over at man kan sy sånt selv, kanskje det er noe å tenke på til en senere anledning? Uansett, håper dere hadde en fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, fleire burde forsøke å lage barnebunader!

      Slett
  5. Så flott at du deler flere detaljer! Jeg eg imponert over alle de små og store finessene - dette er virkelig et stasplagg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, ikkje sant! Men sidan det er av ull, tåler det også at toåringen søler fløte-is over heile seg på 17.mai. Det er berre å tørke av med ein fuktig klut, og bunaden er like fin igjen (jada, vi har prøvd)

      Slett
  6. Noko så utruleg flott! Fantasibunaden er jo eit kunstverk - så kult at du har blanda Husfliden og Grønlandsskattar, det var jo slik med dei gamle bunadane og, kulturblanding og det beste frå inn- og utland :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Olaug! Litt av poenget då eg sydde den, var å bruke stoff eg alt hadde, i tillegg til å ikkje vere så nøye med at alt skulle følge bunadsreglane. No har eg lyst til å sy ein større versjon med meir mønster på. Kanskje neste vår?

      Slett
  7. Nydelig bunad! Holder på med en hallingstakk til min datter, alltid morsomt med inspirasjon!

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment