lørdag 15. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: NY STRIKK OG ARVESTRIKK - 11 DAGAR IGJEN / DUE DATE COUNTDOWN: NEW AND OLD KNITS, 11 DAYS LEFT

Eg er i gang med å sortere nye og gamle strikkeplagg til babyen, og det er veldig kjekt å ta fram dei små plagga som allereie finst i skap og skuffer.

For heldigvis er mange av plagga frå Ibens spedbarnstid kjønnsnøytrale, og eignar seg like godt til lillebror som dei gjorde til storesøster. 

På bildet er det tre generasjonar strikkeluer.
Den blå lua underst har eg strikka til lillebror (klikk her for å lese meir om den). Den kvite djevellua i midten er arvestrikk frå eg sjølv var liten, som allereie har blitt brukt av Iben, og som no er klar til nestemann. Og den grå lua på toppen er strikka til og brukt av Iben, men framstår nesten som ubrukt, og skal nok brukast mykje av den kommande babyen. 

Det tek litt tid å strikke heimestrikka plagg, sjølv om plagga til dei aller minste sjølvsagt går raskare.
Då er det ekstra stas at heimestrikk har lang levetid, og kan brukast av mange generasjonar barn, utan synleg bruksslitasje. 

I am going through new and old knits in baby sizes, and I love the fact that our coming baby will be using a lot of knits that were made long before his existence. Many garments from the time when Iben was a baby were knitted in gender neutral coulors, and will be just as lovely for her littlebrother. In the photo you can see three generations of baby hats. The blue one is new, and knitted for our baby boy (you can read more about it here, if you like). The white one was knitted for me when I was a baby, and has also been used by Iben. And the grey one on top was knitted for baby Iben, and will also be used by her brother. As it takes time to make handmade knitted garments, I appreciate that the garments can be passed on for generations, almost without any signs of being used at all. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv ein kommentar her / Write your comment