søndag 4. januar 2015

FLETTESOKK - GRATIS OPPSKRIFT / CABLE SOCKS - FREE PATTERN

Eg har lenge hatt lyst til å strikke eit par ullsokkar med fletter på til Iben, men har ikkje funne nokon oppskrift eg har likt. Etter litt eksperimentering, lagde eg derfor ei oppskrift sjølv.

Sokkane har blitt gode og varme, og flettene gjer dei veldig tøyelege og elastiske. Eg tipper at dei vil vare lenge, med andre ord.

Og oppskrifta deler eg sjølvsagt, så dersom nokon andre har lyst til å strikke dei, er det kjempekjekt!

FLETTESOKK:

Garn: Eg har brukt Pickles Pure Wool i fargen Rødkløver, som var ein rest eg hadde liggande etter å ha strikka desse leggvarmarane, men du kan i grunn bruke mange typar litt sterkt garn til slike sokkar. Eg har tidlegare strikka liknande sokkar i bla.a alpakka og merinoull. Sidan sokkane er såpass elastiske, er det ikkje nokon krise om garnet er litt tjukkare eller litt tynnare enn det eg har brukt, men for ordens skuld oppgir Pickles at garnet har strikkefastheit 23 masker og 32 rader for 10 cm.

Pinnar: Settpinnar i str 2,5.

Størrelse: Eg tipper desse er ca størrelse 3-4 år. Iben er to og eit halvt, og sokkane er akkurat bittelitt for lange til ho. Men du kan tilpasse størrelsen ved å strikke kortare eller lengre fot.

Mål: Fotlengde 15 cm (men det tilpassar du lett til mottakaren ved å måle foten hans/hennar, og forkorte eller forlenge sokken.)

Legg opp 48 masker på pinne nr 2,5, og fordel dei på fire pinnar. Strikk vrangbord to rett, to vrang til arbeidet måler ca 2 cm.

No begynner vi med flettestrukturen. Strikk *to vrang, fire rett*, og gjenta dette ut omgangen. Strikk tre omgangar til på same måten.

Den femte omgangen strikkast slik: *to vrang, sett dei to komande maskene over på ein hjelpepinne, og hold denne bak arbeidet. Strikk dei neste to maskene, og strikk deretter dei to maskene frå hjelpepinnen*. Gjenta frå * til * ut omgangen.

Omgang 1-5 gjentas til arbeidet måler ca 10 cm frå oppleggskanten.

Så skal vi i gang med hælen. Den strikkast i glattstrikk over halvparten av maskene. Strikk til det er ei maske igjen. Snu og strikk tilbake til det er ei maske igjen. Snu på nytt, og strikk til det er to masker igjen. Snu og strikk tilbake til det er to masker igjen. Fortsett slik til det er 8 masker igjen i kvar side.

Strikk deretter ei maske meir i kvar side for kvar pinne. For å unngå hol på sida av hælen, plukker du opp ei maske frå arbeidet før den siste maska, og strikker dei saman. Fortsett slik til du har strikka over alle maskene på hælen.

Og no er det sjølve foten vi skal strikke. Fortsett å strikke rundt, og hald fram med å strikke flettemønsteret på dei to pinnane oppå foten. Under foten strikker du glattstrikk. Strikk til foten måler ca 11 cm.

Felling til tå: Strikk rett på alle pinnar, og fell på kvar side av foten. Første pinne begynner midt under foten.

1. og 3. pinne:Strikk til det er tre masker igjen, strikk to masker rett saman, strikk den siste maska rett.
2. og 4. pinne: Strikk ei maske rett, to masker rett saman, og strikk deretter rett pinnen ut.

Strikk så ein omgang utan å felle.

Gjenta dei to omgangane til det er 6 masker igjen på kvar pinne. Deretter feller du kvar omgang til det er 4 masker igjen på kvar pinne. Fell av.

 Sy tåa saman frå vrangsida. Pass på at den blir flat. Fest trådar.

----------------------------------------------------------------------------------------------------------------
CABLE SOCKS:

Yarn: I have used Pickles Pure Wool, but the cables will make the socks quite elastic, so you could use both thinner and thicker yarn. The gauge is approximately 23 stitches and 32 rows for 10 cm.

Needle size: 2,5

Size: I guess these will fit a child aged 3-4. They almost fit my girl who is two and a half.

Measurements: Footlength 15 cm.

Cast on 48 stitches, divided on four double-pointed needles. Knit rib, knit two, purl two until the work is about 2 cm.

Now we will start knitting cables. *Purl two, knit four*. Repeat from * to * until end of round, and then repeat it again for the next three rounds. 

The fifth round is knitted like this: *purl two, put the next two stitches on a cable needle behind the work, and knit the two next stitches. Then knit the two stitches from the cable needle.* Repeat from * to * until the end of the round. 

Repeat round 1-5 until the work measures about 10 cm.

Now we will start knitting the heel. It is knitted with stockinette stitch over half of the stitches. Knit until there is one stitch left, Turn and knit back until there is one stitch left. Turn again, and knit until there is two stitches left. Turn and knit until there is two stitches left. Continue this way until there are 8 stitches left on each side. 

Then knit one stitch more every row. To avoid holes on the side of the heel, pick up a stitch from the work before the last stitch, and knit the two stitches together. Continue until you have knitted all the stitches on the heel. 

Now we knit the foot. Continue knitting round, and keep knitting the cable pattern on the two needles on top of the foot. On the two needles under the foot, you knit stockinette stitch. Keep knitting until the foot measures about 11 cm. 

Cast off to form the toe: Knit stockinette stitch on all needles, and cast off on each side of the foot. The first needle starts in the middle under the foot.

1. and 3. needle: Knit until there are three stitches left, knit two stitches together, then knit the last stitch.
2. and 4. needle: Knit one stich, knit two stitches togheter, then knit the rest of the stitches. 

Knit one round without casting off. 

Repeat the two rounds until there are 6 stitches left on each needle. Then cast off on every round until dere are 4 stitches on each needle. Cast off all the remaining stitches. 

Sew the toe together from the wrong side. Make sure it is flast. Fasten the threads. 

6 kommentarer:

  1. Så fine sokker :-) Og veldig fint garn :-) Takk for at du deler oppskrift!

    SvarSlett
  2. Hei. Søkte egentlig etter oppskrift på strikket finlandshette til barn, og da kom det opp billed fra bloggen din! Kjempekjekt😊 Ser at du og liker Nøstebarn sitt strikk, og diverse andre felles strikkebøker etc. Jeg har en gutt på 18mnd, og er rett og slett blitt forelsket i Nøstestrikk❤ Skal bli kjekt å få følge bloggen din, du er herved lagt til på "skrivebordet"😊

    SvarSlett
  3. Så fine! Take for at du deler oppskrift:)

    SvarSlett
  4. FIN blogg! Tack för fint mönster! <3
    Skulle gärna följa dig!
    Finns inte bloglovin??
    Med vänlig hälsning / Ingrid G

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment