lørdag 18. oktober 2014

TOPPLUE FRÅ 'STRIKK TIL MAMMA OG MINI' / IBEN'S GOT A BRAND NEW HAT

Eg er ein sucker for fine strikkebøker, og har gått til innkjøp av Charlott Pettersens «Strikk til mamma og mini». Herman-topplua er første strikkeprosjekt derfrå, og den falt verkeleg i smak!

Lua er både knallfin OG enkel og kjapp å strikke. Og Iben på to år ropte begeistra: «Den er min, første gong ho såg den - noko som må tolkast som at den absolutt er godkjent til bruk. Det er forøvrig veldig stas med dusk om dagen, så alle plagg med dusk får kjapt godkjent-stempel.
At oppskrifta dessutan er restegarn-venleg, gjer også at den får stjerner i mi bok.
Det korallfarga garnet er ein rest Mini alpakka frå Sandnes garn som eg hadde igjen etter å ha strikka ei av desse jakkene. Det var såpass lite at det er vanskeleg å vite kva ein skal bruke det til, og då er slike prosjekt som dette ekstra fine å ty til. Riktignok hadde eg litt mindre enn det eg burde hatt om oppskrifta skulle følgast til punkt og prikke, men det synst eg ikkje gjer noko.
Det grå garnet er også alpakka, nærmare bestemt Drops Alpaca Mix i fargen lys perlegrå. Det er eit litt tynnare garn enn det korallfarga, men det er ikkje merkbart på den ferdige lua. Også dette blei henta frå garnlageret.

Denne lua har eg kjempelyst til å strikke fleire av. 
Den krev ytterst lite konsentrasjon, og eignar seg godt til tv-strikking - eller til båtpendlerstrikking, som eg held på med. Einaste plassen ein treng å konsentrere seg, er heilt øverst, når det kjem nokre fellingar mot dusken. Elles er det berre å strikke rundt og rundt i ribbestrikk.

Tenk at noko så enkelt kan bli så fint! Det liker eg!

I have bought myself a new book with knitting patterns for mom and mini (Norwegian book by Charlott Pettersen), and the first pattern I have tried to knit is this hat for Iben. She loves it (mostly because it has a pompom, I suspect), and I love it. Win win!

12 kommentarer:

  1. Ja, what's not to like?!? Fin lue, restegarnsbruk og fornøyd mottaker - rene kinderegget :) Skjønne bilder, forresten.

    SvarSlett
  2. Beautiful - the colours really suit Iben

    SvarSlett
  3. Nydelig liten lue frøken du har :)

    SvarSlett
  4. Søt jente med flott lue! Det er så fint å se andre strikke fra den boka og åpne øyene mine litt, jeg hadde faktisk ikke lagt merke til lua før nå, og nå vil jeg strikke en:)

    SvarSlett
  5. Den fargekomboen var bare kjempefin! Forstår at den ble godt mottatt :) Ikke et dumt prosjekt å bruke restegarn på så dette tipset tar jeg med meg :)

    SvarSlett
  6. Ja, raske prosjekter hvor man kan bruke restegarn er noe vi liker! Tommelen opp! Kjempefin lue:)

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment