mandag 25. mai 2015

BLEIEBUKSE MED STRUKTURSTRIKK / BABY SHORTS FOR LITTLE BROTHER

Som sagt er eg endeleg i full gang med babystrikkinga. Det er mogleg det er redebygging-instiktet som har slått til, for det strikkast plutseleg mykje, og eitt av plagga som har blitt ferdige er denne mørkeblå bleiebuksa.

Mønsteret er i utgangspunktet bleiebuksa frå Den store guttestrikkeboka til Charlott Pettersen, som eg har strikka fleire av før. Denne gongen har eg imidlertid endra strukturen i mønsteret litt, til ein struktur med ein kombinasjon av fletter/hullstrikk. Eg synst det blei veldig vellukka.

Garnet er Tynn merinoull frå Sandnes Garn, 
og fargen er marineblå. Dette er mitt første møte med garnet, og eg likte det veldig godt. Eg kan tenke meg at det held seg godt etter vask, noko som jo er ganske essensielt til babyplagg. No er garnet kjøpt inn i fleire andre fargar, som snart skal bli meir babystrikk.

På pinnane har eg også ei rillestrikka jakke i samme garn og farge.
Eller... jakka er eigentleg ferdig og tatt av pinnane for ei stund sidan, men manglar knappar. Kanskje får eg ånden over meg i løpet av kvelden?

My knitting pace is finally picking up speed, and the result is a growing number of baby garments. First one up is this dark blue soaker for little brother. 

6 kommentarer:

  1. Bleiebuksa ble jo kjempefin i det mønsteret:)

    SvarSlett
  2. Så lekker bleiebuksa ble i flette/hullmønsteret. Sandnes tynn merino frister. Så mange lekre farger, og tynt og mykt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Ja, eg synst også det er veldig mange fine fargar i dette garnet, både til jenter og guttar. Og eg er veldig glad i å strikke i tynn merinoull, så dette garnet blir det definitivt brukt meir av!

      Slett
  3. Så fin bleiebukse og ble flott med endret struktur :) Lykke til med redebyggingen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! I helga blei det både beisa ein vegg, hengt opp ei kjøkkenhylle og rydda i alle kjøkkenskuffene + strikka masse, så det er ikkje lenger tvil om at redebygginga er i gang :)

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment