lørdag 5. januar 2019

Å STRIKKE MED EIN FARGE I MND: #ONECOLORAMONTH2018

I 2018 hadde eg eit stort mål: Å strikke med berre lagergarn. Men korleis skulle ein garnjunkie som meg klare det? Løysinga blei å strikke med ein farge i mnd, og det var morsommare enn eg hadde trudd! Her er mine erfaringar:

Du har kanskje vore borti emneknaggen #onecoloramonth2019 på Instagram, og lurt på kva den eigentleg betyr? Om det er reglar? Og kva ein gjer for å vere med? Her får du vite alt du treng!

Har du også masse fantastisk garn som du ikkje heilt kjem i gang med å strikke med? Det hadde eg!
Bakgrunnen:
Januar 2018 stod for døra. Eg rydda heime, og fekk knapt lukka igjen den digre skuffa som huser garnlageret mitt. Ideen om å prøve å strikke kun med lagergarn i nokre månader hadde alt vore tenkt nokre gongar, men tidlegare forsøk på garnkjøpestopp hadde alltid endt i nye garnkjøp etter kort tid. Eg trengte ein plan, noko som kunne inspirere meg og få lagergarnet til å friste meir enn garnbutikken.

Ideen om ein farge i mnd:
Faktum var at eg hadde mange fargar eg nesten aldri strikker med, sjølv om eg synst dei er fine. Eg har lett for å velge nøytrale fargar som blått, grått og kvitt, mens lageret hadde fylt seg opp av nydeleg garn i gult, grønt og rosa. Det er garn eg synst er kjempefint, men som alltid berre blei liggande. For å dytte meg sjølv i gang med å endeleg ta garnet i bruk, fann eg ut at eg kunne prøve å strikke med ein hovudfarge kvar månad  - og berre med garn frå lageret. Målet var å gje liv til alt det fine garnet  - i alle fargar.

Eitt enkelt nøste kan bli mange ting. F.eks ei lita veske som denne.
Frå nokre månader - til eit heilt år:
Eg oppretta emneknaggen #onecoloramonth2018 på Instagram, og eg strikka ein månad med blått, deretter med gult og så med grønt. Opprinneleg tenkte eg å gje meg sjølv slack etter nokre månader, og veksle mellom lagerstrikk og kjøp av nytt garn til enkeltprosjekt innimellom. Men fargestrikkinga gav meirsmak. Eg fortsatte med kvitt, rosa og brunt, og plutseleg var halve året gått.

Eg innsåg at det ville vere fullt mogleg for meg å fortsette med lagerstrikkinga resten av året - både fordi eg hadde nok garn til det - men mest av alt fordi eg hadde lyst til det. Innsikten kom ganske overraskande på meg: Frå å lukke augo hardt igjen kvar gang eg passerte Pickles-butikken i Markveien for ikkje å gje etter for den underliggande trangen til å kjøpe-kjøpe-kjøpe i starten av året, oppdaga eg at eg fint kunne gå gjennom nydelege garnbutikkar på ferie i ullbyen Reykjavik utan å vurdere å kjøpe noko anna enn eit ferdigstrikka sokkepar.

I staden for å kjenne eit intenst behov for å kjøpe, samla eg idear til kva eg kunne bruke garnet heime til - fordi eg hadde full oversikt over alt på lager, og inspirasjon til å fortsette å strikke med det.

Du bestemmer sjølv kor detaljerte planer du vil legge for dine strikkemånader. Eg syntes det var
nyttig å planlegge kva eg ville strikke i starten av kvar fargemånad, men du legg sjølv opp eit løp som passer deg!
Frå 2018 til 2019:
Heldigvis har eg ikkje så mykje garn at eg kan strikke to år på rad med berre lagergarn (sjølv om eg ikkje har brukt opp heile lageret det siste året). Men mot slutten av 2018 blei eg kontakta av mange på Instagram som hadde lyst til å gjere det samme som meg i det kommande året. Dermed var emneknaggen #onecoloramonth2019 født.

Frå å vere eit prosjekt som eg (og etterkvart nokre få medstrikkarar) holdt på med, blei det eit prosjekt som mange hadde lyst til å prøve seg på.

For eg trur det er mange som har det som meg: Vi som strikker mykje, kjøper også mykje garn. Og dermed har vi etterkvart også store lager av garn som ikkje blir brukt - og som vi leiter etter inspirasjon til å sette i gang å strikke med. Ein farge i mnd-prosjektet er meint nettopp som det: Som inspirasjon!

Babystrikk er perfekt til lagerstrikk dersom du har mykje garn med berre eitt eller to nøster av samme type/farge. 
Kva er reglane?
Fleire har kontakta meg den siste veka og spurt kva som er reglane for #onecoloramonth2019. Og sjølv om prosjektet ikkje har nokre reglar om kva som er lov/ikkje lov, er det i alle fall nokre tydelege rammer ein kan forholde seg til:

  • Strikk med lagergarnet ditt. Bruk fargane du alt har på lager, i staden for å kjøpe nytt.
  • Strikk med ein hovudfarge i mnd om du har fargar nok til det på lager. Mange av oss har ikkje 12 fargar blant garnet vårt (heller ikkje eg), og då er det ingenting i vegen for å strikke to eller tre mnd med samme farge - enten samanhengande eller spreidd utover året. Eg strikka f.eks tre mnd med blått og to med gult og rosa gjennom 2018. 
Eg oppdaga at det motiverte litt ekstra å ha garn frå månadens farge liggande framme heime. 
  • Fleirfargestrikk er sjølvsagt lov. Eg strikka masse med fleire fargar, og hadde som regel for meg sjølv at månadens hovudfarge skulle utgjere ein vesentleg del av det ferdige strikketøyet - men at eg kunne bruke mange andre fargar også i prosjektet om eg ville det.
Eskimogenseren blei eitt av mange fleirfargeprosjekt i løpet av året.
Du treng ikkje å halde deg strengt til ein farge om gangen. Denne genseren inneheld heile
seks ulike fargar, sjølv om den blei strikka den rosa månaden. 
  • Hold på så lenge du vil. Har du garn og inspirasjon nok til å fortsette heile året, så gjer du det. Treng du nokre månader pause - så tar du det. Og vil du berre følge prosjektet nokre månader, så gjer du det. Heile poenget er å gjere dette til noko lysbetont. Om det begynner å kjennast som tvang, er det ikkje verdt det. Strikking skal vere gøy!
  • Alle er velkommen! Uansett om du er trent strikker eller ganske ny, om du strikker 10 ting i mnd eller eit halvt prosjekt. Det venter ingen annan premie på deg enn følelsen av å ha vore veldig flink. Og den er uslåeleg ;)
Gul barnestrikk. Alt dette er strikka av lagergarn i løpet av året. 

Slik kjem du i gang:
  1. Rydd og systematiser! Få oversikt over alt garnet du har, og organiser det etter farge, etter garnkvalitetar, tjukkelse eller på ein annan måte som gir meining for deg. 
  2. Kvitt deg med tvangsgarnet. Joda, du har det heilt sikkert, du også: Garnet som har ligge der i årevis. Bomkjøpa. Restane som ikkje fristar. Fargane som er litt kjipe. Rett og slett: Garnet du ikkje liker og som du ikkje har lyst til å strikke med. Og det synst eg faktisk ikkje at du treng å gjere, heller. Då eg rydda mitt eige garnlager sorterte eg vekk alt garnet eg ikkje likte. Det havna i ein stor pose som blei gitt til barnehagen - som tok imot med opne armar. Og i løpet av året har eg kjent igjen det kjipe garnet i håret til steintrolla, i veven og i annan hobbyproduksjon som har kome heim frå barnehagen - der det har kome til sin rett på ein mykje betre måte enn om eg hadde tvinga meg sjølv til å strikke med det. Både skulen, barnehagen, sfo og bruktbutikken tar gjerne imot garnet du ikkje vil ha. Og du veit at alt garnet du sit igjen med er garn du verkeleg har lyst til å strikke med. Det hjelper på motivasjone
  3. Vei garnlageret! Og gjer det gjerne før du set i gang med årets strikkeproduksjon. Då held du heile tida oversikten over kor mykje garn du har brukt. (Eg var ikkje strukturert nok til å hugse på å veie mitt garnlager i fjor, og angra litt på det etterkvart - så dette tipset er noko eg har kome på i etterkant). 
  4. Gå gjennom oppskrifter. Finn små og store prosjekt du har lyst til å strikke i løpet av året, og sjå om du har garn du kan strikke dei med på lager. Skriv ned garnet/fargen på ein post it-lapp eller liknande, og fest lappen på oppskrifta. Då har du heile tida eit arkiv av oppskrifter som du kan sette i gang med når du er ferdig med det forrige, noko som gjer det enklare å ikkje føle at du må kjøpe nytt. 
  5. Bruk emneknaggen #onecoloramonth2019 på Instagram. Då blir det lett for andre som deltar å finne og følge deg, og du kan finne og bli inspirert av andre som deltar. 
  6. Ha det gøy! Ikkje føl at du delta i dette eller liknande prosjekt om du synst det verkar slitsomt eller begrensande- uansett om du har eit garnlager på 100 kg. Men om du har eit stort lager med mykje fantastisk garn som du gjerne vil strikke med, men aldri heilt kjem i gang med, kan det vere verdt å bli med. Kanskje har du erfart at f.eks ei skriveoppgåve er mykje lettare å gjennomføre dersom du får definerte rammer? Slik erfarte eg at det var med #onecoloramonth2018: Definerte rammer aukar kreativiteten, og gir inspirasjon til å sette i gang med prosjekt ein kanskje ellers ikkje hadde kome på!
Gult lagergarn venter på å komme på pinnane. 

VIL DU VITE MEIR?
Du finn mange postar om prosjektet i min Instagram-feed. Søk opp @ingvild_ullstrikk, og følg meg gjerne! På Instagram kan du også følge #onecoloramonth2019 for å finne andre som er i gang. 


Kunne du tenke deg å delta i #onecoloramonth2019? 

2 kommentarer:

  1. På ravelry.com kan man søge på en bestemt slags garn, og se hvad andre har strikket med det. Fremragende til inspiration! Man kan også søge på strikkefasthed, løbelængde osv, og dermed finde opskrifter der passer perfekt til den slags og mængde garn man har liggende :)

    SvarSlett
  2. Hei. Tusen takk for utførlig og inspirerende informasjon. Med et varelager så stort som mitt(kasser!!) Så blir d til at noe garn bare blir liggende. Nå har eg gjort noe med det i 2018. Veide/ målte lengdemeter på det eg strikka. No treng eg å gå et kakk videre. Har starta med å rydde ( for å få oversikt) og jobbe meg videre igjennom mønsterlager ( vi har mykje unødig der også��)
    Skal lage ein plan eg. Takk for masse goe tips.

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment