torsdag 16. oktober 2014

SNØFLAK-GENSER UTAN SNØFLAK / SNOWFLAKE SWEATER ON A SNOWY DAY

I dag har den første snøen falt (men heldigvis ikkje lagt seg), og kva passer vel betre då enn å vise fram ein snøflak-genser frå Paelas? Riktignok utan snøflak-struktur.

Eg begynte nemleg å strikke genseren med holmønster-strukturen i front, nøyaktig slik oppskrifta viser. På bildene til Paelas ser strukturen kjempefin ut, men eg syntes den blei litt for enkel i verkelegheita. Om ein følger struktur-mønsteret, blir det dessutan liggande ein liten tråd på tvers ved kvart hol, som eg mistenker at lett kan henge seg fast i greiner og liknande når ein vilter toåring leiker. Derfor var eg redd genseren raskt ville bli øydelagt.

Holmønstret blei bytta ut med dobbel perlestrikk,
noko som gjer genseren litt kjedelegare, men kanskje også litt meir praktisk. Eg liker at det berre er fronten som er strikka med struktur, medan rygg og armer er i glattstrikk. Det skaper ein fin kontrast til fronten, og gjer strukturen tydelegare.

Garnet eg har brukt er Pickles Extra Fine Merino i fargen «kremet oker».
Eigentleg skal ein strikke genseren med dobbelt tråd i Soul og Sky frå Du Store Alpakka, men eg brukte garnet eg hadde for hand - og som dessutan skulle ha nesten same strikkefastheit. Eg liker merino-garnet veldig godt, og etter ein vask blir det også veldig, veldig mjukt. Så mjukt at den høge halsen har problem med å halde seg oppe, og blir litt slapp.

Oppskriftene til Paelas er forøvrig veldig fine, og godt forklarte. Dei anbefalast!
Eg har tidlegare strikka både simelthen bukse og perlevest, og liker veldig godt begge to. Eg sikler veldig etter å strikke både Myk genserFlora-topp og Fly with me-vest, men innser at eg inntil vidare må prioritere å strikke litt meir praktiske ting til barnehagebruk, no som vinteren ser ut til å komme ved Oslofjorden. Både halsar og luer er på pinnane!

The first snow fell today in our village by the Oslofjord, and it is only suitable then to show you my snowflake sweater. At least it was supposed to be a snowflake sweater, but when I tried knitting the structured part in the front, I did not really like it, so I ended up knitting the front in double seed stitch. The yarn is Pickles Extra Fine Merino in the colour Creamy ochre, and the pattern is from the talented Paelas-girls

6 kommentarer:

  1. Veldig fin genser! Liker godt okerfargen. Jeg har ikke prøvd noen Paelas-oppskrifter enda, men skal snart gjøre det:)

    SvarSlett
  2. Det gjør seg godt med dobbel perlestrikk kun i fronten. Ser også ut som det er veldig god passform på genseren.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, genseren er ganske smal. Eg hadde lett ei stund etter ein smal, høghalsa genser, som ikkje er så tjukk at barnet får hetetokter innandørs. Og alt dette har eg funne i denne, som har veldig god passform!

      Slett
  3. Den ble kjempefin i perlestrikk!

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment