tirsdag 30. september 2014

PERLESTRIKK MED VINGER / A WINTER VEST

Enda eit Paelas-mønster er tatt av pinnane, og denne gongen blei det ein fin perlestrikka vest med vinger!

Som tidlegare nemnd, synst eg Paelas-jentene har veldig mange fine strikkemønster. Denne vesten anbefalast om ein er på utkikk etter eit kjapt prosjekt, eller om ein er nybegynner. Den er både enkel og rask å strikke, samtidig som den blir veldig, veldig fin!

Sidan oppskrifta ikkje har nokon facit på kva garn ein skal bruke, tok eg eit djupdykk i garnlageret.
Det er jo liksom meininga at eg ikkje skal kjøpe så mykje nytt garn, men heller bruke frå det eg allereie har. Og til slike prosjekt som dette, der det ikkje er store mengder garn som trengs, er det ingen grunn til å springe i butikken. Eg endte med å bruke to trådar med ulike, grå alpakkagarn som eg hadde liggande. Eg trur det eine er Drops Alpaca Mix i fargen som heiter «lys perlegrå», medan den andre gråfargen er litt mørkare, og av usikker herkomst. Begge garna er i allefall relativt tynn alpakka-ull.

Det som er fint med vestar som dette, er at ein i grunn kan bruke akkurat kva garn ein vil!
Med tjukt garn treng ein berre ein enkelt tråd, og med tynt garn dobler ein, eller tripler, for den del. Vesten kan både vere stor og vid, og inntilsittande og smal. Begge deler funker, noko som gjer at ein kan bruke akkurat dei garna ein har liggande, og uansett få eit fint resultat. Eg gler meg iallefall til at toåringen skal ta denne i bruk!

Another Paelas pattern has been tested, with success. This time, I have knitted a winter vest with two threads of alpaca in two shades of grey. The vest is lovely, particularly the little «wings» on the shoulders. 

12 kommentarer:

  1. Kjempe søt , og ingenting er bedre enn at en kan bruke lager garn

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje sant! Eg føler eg får garnet gratis kvar gang eg strikker frå garnlageret :)

      Slett
  2. Kjempefin vest, liker versjonen din!

    SvarSlett
  3. Så fin! Tror jeg også må strikke denne til mine to nieser til jul. Har ikke tid til de store strikkeprosjektene nå for tiden, så denne må jo være perfekt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, den er super til kjappe strikkeprosjekt. Og så blir det så fint!

      Slett
  4. Kjempefin!! Og mye finere med snor enn med knapp! Hvordan festet du snora? Er den strikket? Mvh Ingrid

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Ingrid! Snora er er ei strikka i-cord-snor. Den er festa i vesten ved at eg begynte å strikke snora med å plukke opp tre masker frå kanten av vesten, og fortsatte snorstrikkinga derfra. Då heng snorene automatisk fast :)

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment