lørdag 5. april 2014

FAVORITT-TUNIKA MED RYSJEKRAGE / FAVOURITE TUNIC IN PICKLES INSPIRATIONAL RELAY


Det er ei stund sidan eg annonserte at eg skulle vere med i Pickles sin store inspirasjonsstafett. Her er resultatet - og mønsteret - gratis!

Mitt bidrag er ein variasjon over mønsteret i Pickles favoritt-tunika, med rysjekant rundt halsen og innfelte lommer, og ein liten, dekorativ holrad nederst

Mønsteret til Pickles gir strikkaren valet mellom å strikke tunikaen rett eller i A-form, og med ulike variasjonar til ermer. Eg gjekk for ein rett variant, med puff-ermer.






Rysjekant har eg aldri strikka før.
Men eg synst det er veldig mange fine rysjekragar på strikke-klede for tida, og har hatt lyst til å prøve å strikke ein sjølv. Så eg improviserte litt. Og resultatet er eg veldig nøgd med!

Frå merino til alpakka. 
Opprinneleg skal tunikaen strikkast i Pickles Extra Fine Merino, men eg har istaden gått for Pickles Pure Alpaca, som har same strikkefastheit som merino-garnet. Eg er veldig glad i alpakka-garn generelt, og synst ein såpass enkel tunika som dette, når eg droppa striper og mønster, gjer seg med eit litt hårete, levande garn. Fargane eg har brukt er «Isbjørn» og «Naturlig lysegrå». Grått er hovudfargen, som de ser, medan kvitt er brukt på rysjekanten, puff-ermene og som ein kontrastfarge inni lommene.


Eg har strikka tunikaen i størrelse 2 år,
og det er også den størrelsen eg deler i oppskrifta her på bloggen. Eg synst tunikaen var eit kjekt prosjekt å ha på pinnane, og kan godt tenke meg å strikke ein til i eit meir sommarleg garn. Kanskje ein fargerik variant i Pickles Summer Wool? 

Og mønsteret?
Det finn du her - riktignok ein scanna versjon av skisseblokka mi. Eg har prøvd å skrive t-y-d-e-l-e-g, og satsar på at handskrifta er lesbar for dei fleste. Størrelsen er altså 2 år, men om du kjøper mønsteret til tunikaen i andre størrelsar frå Pickles, kan du jo alltids ta triksa frå mitt mønster og overføre dei til større eller mindre tunikaer. Det burde ikkje by på så store problem, trur eg.





Kva seier to-åringen sjølv?
Ho verkar nøgd med sin nye «sjole», og kunne fotograferast så lenge det var fri tilgang på kjeks, og lov å løpe rundt i ring.

Og for ordens skuld: garnet har eg fått gratis av Pickles. 
Ta ein tur i butikken deira i Markveien om du skulle vere i Oslo. Det er ein skikkelig snopebutikk for oss som er glade i garn!

 A while back I announced that I was going to participate in Pickles inspirational relay, and this is what i have knitted: A tunic based on Pickles' favourite tunic, but with my own alterations. I have added a ruffled collar and pockets to the original pattern, and used Pickles Pure Alpaca yarn instead of Pickles Extra Fine Merino. The size is for a two year old, and I loved knitting it. I am sharing my pattern here, but unfortuantely, it is only in Norwegian. 

23 kommentarer:

  1. Aldeles nydelig liten jente i søt tunika!
    Det beste med inspirasjonsstafetten er å oppdage nye, fine blogger og bloggere:) Du imponerer!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk for så hyggeleg kommentar!

      Slett
  2. Nåmmen, så utrolig nydelig!

    SvarSlett
  3. Så utrolig herlig! Verdig deltaker i Inspirasjons-stafetten, -jeg ble i hvertfall inspirert:-) Og så fant jeg jo bloggen din, som jeg definitivt kommer til å besøke igjen...

    SvarSlett
  4. Så kjekt å se at jeg sendte stafettpinnen i riktig retning! Nyyyydelig!!

    SvarSlett
  5. Denne var jo berre supersøt! Det skal litt til å gjere meg beigeistra for den hårete alpakka-looken, men til denne kjolen passa garnet kjempebra.

    SvarSlett
  6. Utrolig flott kjole! Nydelig med rysjene, og det ble liksom ikke for mye dilldall siden kjolen gikk i grått og hvitt. Innertier:)

    SvarSlett
  7. Kjempe fin kjole! Den vil jeg gjerne lage selv :)
    Men jeg fant ikke mønsteret under linken som var oppgitt - den ledet til Pickles..
    Har du mulighet til å se på det?

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du vil strikke den! Mønsteret mitt finn du link til litt lengre nede i blogg-innlegget, og eg kopierer det også inn her: https://www.dropbox.com/s/v46p8299rr6qwew/Favoritt-tunika%20med%20rysjekrage.pdf

      Slett
  8. Den ble lekker!
    Fargevalget var midt i blinken, nå er den søt, ikke klissete. :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så kjekt at du synst det. Og eg er sjølvsagt heilt einig :)

      Slett
  9. NYDELIG!! Herlig med alle detaljene:)

    SvarSlett
  10. Denne var kjempefin. Veldig enig med hun som sa "søt men ikke klissete". Morsomt med hullkanten nederst. En liten detalj som "gjør" seg. Kan sikkert bli fin i Summerwool, men mulig det garnet er litt tykkere. Har strikket "Litt Pippi" i det garnet og liker det godt :)

    SvarSlett
  11. Å, så utrolig søt den ble! Fantastisk å se hva du klarte å trylle frem fra de grå og hvite nøstene:-)

    SvarSlett
  12. Fantastisk! Kan du ikkje leggje oppskrifta inn på Ravelry?!

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment