Kjolar kan faktisk vere ganske praktiske plagg til små frøkner. Først er dei lange kjolar, så litt kortare kjolar, deretter tunikaer med bukse under.
Kjolen strikka eg til Iben seint på hausten i 2012. Mønsteret er henta frå Myk start av May B. Langhelle, der ho har laga eitt mønster som kan strikkast både som vest og som kjole, alt etter kor lang ein strikker den. Eg gjekk for kjole-varianten.
Størrelsen er 9-12 mnd, men den er faktisk framleis litt for stor for Iben - som snart blir to år!
Grunnen er nok at eg har brukt eit tjukkare garn enn oppskrifta foreslår. Eg gjekk nemleg for Pickles Extra Fine Merino, medan garnet i boka er Huldra tykt kamgarn frå Hillesvåg.
Eg liker den støvete rosafargen godt, men dessverre ser den ut til å ha gått ut av produksjon.
Eg meiner å hugse at den heitte "rosa karamell" eller noko slikt. Eg liker at den er feminin, utan å vere altfor rosa. Det kvite garnet er ein liten rest med angora.
Blondekanten nederst på kjolen er ei historie i seg sjølv.
Eg fann ikkje att oppskrifta då eg skulle avslutte kjolen nederst, og gløyde i farten at om ein berre slutter å strikke i rettstrikk utan å lage nokon avsluttande kant, kjem heile plagget til å rulle seg opp. Det oppdaga eg først då kjolen var felt av og ferdig, og kanten nede rulla heilt opp på magen, uansett kva eg gjorde. (Hadde ein fulgt oppskrifta, skulle kjolen sjølvsagt avsluttast med rillestrikk).
Løysinga var å strikke ein blondekant og sy den på nede.
Vekta av blondene hindrar kanten i å rulle. Det fungerer bra, og dessutan blei kjolen mykje finare enn om kanten ikkje hadde vore der. Oppskrifta til blondekanten er også henta frå Myk start-boka, der det finst eit praktisk lite oppslagsverk med oppskrifter over ulike småting ein kan hekle og strikke heilt bakerst i boka.
This pretty little dress I knitted for Iben late in the autumn of 2012, but since I used a different yarn than the pattern suggested, it is still a bit too big for Iben - even though the size is 9-12 months, and Iben soon turns two. The pattern is from the Norwegian book Myk start by May B. Langhelle.
Ja, den boka MÅ eg få tak i snarast! Kjempefin kjole!
SvarSlettTakk, Vigdis!
SlettSå utrolig fin denne ble som kjole, takk for inspirasjonen ! :)
SvarSlettTusen takk, Stine!
SlettSå skjønn og nydelig farge! Har strikka denne som gave til ei lita jente i 2tråds merinoull fra Nøstebarn og min erfaring med mønsteret var at den ble veldig bred. Vet ikke om det var strikkefastheten min som var på bærtur eller om det var mønsteret.
SvarSlettJa, min blei også ganske brei. Om den skal strikkast igjen, kan eg sikkert legge ut litt færre masker frå bærestykket til sjølve kjoleskjørtet, så passer den nok betre.
SlettSÅ fin! Flaks du gjorde "feil" først, knallfint med den kanten :)
SvarSlettJa, ikkje sant? Kanten fullfører liksom kjolen. Flaks i uflaks :)
SlettDet var jo rett og slett en heldig bommert, kjolen ble så nydelig med blondekant! Det var et godt tips:)
SvarSlettTusen takk, Kirsti!
SlettDu har blitt foreslått som deltaker på vår inspirasjonsstafett. Håper du kan sende oss en mail, hallo(at)pickles.no. Hilsen pickles:)
SvarSlett