Fiks ferdig jakke! Og når vårsola endeleg gløtta fram etter veker med regn i byen, blei det også høve for ute-fotografering. |
Innimellom all babystrikkinga og gåvestrikkinga, blir det ein sjeldan gong også prioritert tid til å strikke noko til meg sjølv. Det tek berre litt lengre tid å få plagga ferdig. Men no har eg ei flott jakke å vise fram!
Før eg satte i gang med denne jakka, leita eg nettet rundt for å finne ei fin strikkeoppskrift til ei jakke med sjal-krage. Eg har nemleg hatt ei slik jakke frå H&M som eg elska, og som eg brukte i mange år, men som til slutt blei øydelagt då den forvilla seg inn i ein 60-gradersvask. Sjal-kragen gjer at jakka blir feminin i snittet, og at den draperer seg fint rundt nakken. Og så føles det både pynta og casual på ein gong.
Til slutt landa eg på ei oppskrift frå Ravelry, som (bonus!) er gratis!
Eg syntes kragen på jakka såg fin ut, men eg gjorde ein del andre endringar i strikkeprosessen. Blant anna hadde eg lyst på ei jakke med litt lengde, så eg har strikka både ryggen og forstykka lengre enn oppskrifta foreslår. Dessutan bytta eg ut ribbestrikk-strukturen i oppskrifta med dobbel perlestrikk, som eg har strikka heile jakka med.
Og fargen heiter "gråmelert". Eg har aldri strikka med dette garnet før. Som namnet tilseier er det ei blanding av alpakka og saueull, noko som gjer det litt stivare enn rein alpakka, men som også gjer at strukturen i jakka held seg godt. Garnet er ganske tjukt, og eg likte veldig godt å jobbe med det til denne typen plagg.
Eg begynte å strikke jakka tidleg i fjor haust, så prosjektet har tatt si tid.
Ikkje fordi den nødvendigvis bør ta så lang tid å strikke, men fordi plagg til meg sjølv som oftast blir nedprioritert blant andre prosjekt - f.eks. nødvendigheiter som tjukkesokkar eller vottar til barnehagebruk. Sidan eg har strikka jakka lengre enn jakka i oppskrifta, gjekk eg også tom for garn undervegs i prosjektet, og derfor blei det ein naturleg pause fram til eg fekk prioritert å endeleg bestille meir på nettet.
Iben ville også gjerne vere med på nokre bilder. |
Garnet blir ikkje solgt i nokon av dei garnbutikkane i Oslo som eg pleier å bruke, så då blei løysinga nett-bestilling frå Sandnes Garn. Litt kjipt, sidan det kjem porto i tillegg. Og enda kjipare var det at eg dessutan gjekk tom for garn igjen når eg berre hadde ein halv arm å strikke, og derfor måtte nett-bestille på nytt med kun eitt einaste nøste i ordren. Det blei eit dyrt nøste.
Og er eg nøgd?
Ja! Jakka blei ganske tjukk, så dette kan faktisk eigne seg fint som ei vårjakke til å ha utanpå andre klede når det blir litt varmare i været. Eller som ei fin jakke å ha på kontoret mot sommaren, når ein gjerne er litt for lettkledd/varmt utevær-kledd for å sitte stille i eit air conditionert kontor. Då er det godt å ha noko fint og varmt å legge over skuldrene.
It is not often that I knit anything for myself. Somehow knitting wool socks and mittens for Iben seems more important. But now I finally have something finished for myself. The jacket is knitted from this free Ravelry pattern, but I have made some alterations. Instead of knitting it in ribbed knitting, I have used double seed stitch. And I wanted a long jacket, so I have knitted the back and the frontparts longer than the pattern suggests. The yarn is Alpakka/Ull from Sandnes Garn.
Dette var en utrolig flott jakke! Kjekt med litt egostrikk innimellom:) Jeg har akkurat kjøpt garn til en jakke til meg selv, men frykter det tar lang tid før den blir ferdig
SvarSlettTakk! Og lykke til med egostrikk, Kirsti!
SlettEgostrikk må til! Kjempefin jakke:)
SvarSlettTakk takk!
SlettSå fin. Det er så deilig med alt som blir ferdig, og enda bedre når det er til en selv. Litt egenluksus!
SvarSlettJa, ikkje sant!
SlettKjempefin jakke!!! Denne havner rett på Pinteresttavla mi. Jeg har akkurat begynt på en Pickles høstjakke som (når den er ferdig) blit mitt aler første egostrikk. Jakken din ser minst like god ut som høstjakka. God søndag!
SvarSlettSå hyggeleg at du likte den! Pickles-jakka er kjempefin - den stod også på vurderingslista før eg satte i gang å strikke denne.
SlettVel gjennomført - denne jakka ble kjempefin! Den ser veldig deilig og anvendelig ut. Dette mønsteret må sjekkes ut!
SvarSlettLiker veldig godt det garnet. Blandingen av alpakka og ull gir en super kombinasjon av mykt og stødig:-)
Håper du får brukt jakka masse fremover - veldig greit at den både kan brukes inne på kalde dager og ute på litt varmere dager! Jeg liker veldig godt å strikke til meg selv - det tar jo selvfølgelig mye mer tid men ingenting er så deilig som egenstrikkede gensere/jakker! Jeg liker også tanken på at det er såkalt "slow fashion" - tidløst og varig. Har alltid mange prosjekter på gang så da er det greit å ha noen som er litt større og tar litt lengre tid:-)
Ha en finfin mandag!
Tusen takk, Guro! No har vårsola verkeleg gjort sitt inntog i byen, så eg satser på at det snart kjem dagar då temperaturen tillét at jakka kan brukast som utejakke. Slow fashion er eit godt begrep for slik strikking - det tek tid, men jammen blir ein glad i resultatet!
SlettUtrolig stilig jakke i en nydelig farge!
SvarSlettMåtte sikre meg mønsteret jeg nå! ;-)
Tusen takk, Hege!
Slett