lørdag 1. mars 2014

KJAPP VOTTESTRIKK / PRACTICAL BABY MITTENS

Det er ikkje første gong eg har blogga om desse vottane. Men eg har lyst til å vise fram eit lite utval i ulike fargar.

Votte-mønsteret frå Nøstebarnboka, og eg har strikka mange av desse etterkvart, (sjå t.d. her og her!) både fordi dei er kjappe å strikke, og fordi dei er veldig praktiske og enkle å få på små barnehender.

At vottane er strikka med dobbelt tråd, gjer dei tette og varme.
Og eg har prøvd å strikke dei i fleire ulike garn, noko som gir vottar som kan brukast til ulike temperaturar.

Dei rosa vottane på bildet er strikka med garnet Fager frå Pickles.
Fargen heiter "Frisk", og er skikkeleg fin! Eg er veldig, veldig glad i dette garnet, som er lett, mjukt og med fantastiske, melerte fargar. Det er satt saman av mohair og merino, og ulla er 100 % norsk. Det gjer også at garnet er DYRT (60 kr for eit hespe med 25 g), men til små prosjekt er det jo overkomeleg.

Vottane med lilla farge er strikka med Pickles Extra Fine Merino.
"Dyp aubergine" heiter fargen, som er ein veldig mørk lillafarge. Dette garnet liker eg forsåvidt godt, men det er  eigentleg litt for "glatt" for desse vottane, for dei blir ikkje så varme som f.eks vottane i Fager eller vottar strikka med alpakka. Vottane har heller ikkje blitt tova noko særleg, sjølv etter å ha blitt brukt mykje, så desse eignar seg nok best når det ikkje er som aller kaldast ute.

Og heilt nederst i vottebunken ligg vottar i alpakkagarn.
Nærmare bestemt Pickles Pure Alpaca i fargen "Frisk bringebær". Dette garnet er veldig godt eigna for vottestrikk, for vottane tover seg lett etter litt bruk, og blir tjukke, tette og varme. Fargen er derimot eigentleg litt voldsom, synst eg, men vottane var eit resultat av innkjøp frå år tilbake i garnlageret, og slike innkjøp er det jo greit å få brukt opp i småprosjekt som dette.

NB! 
Erfaringsmessig MÅ vottane utstyrast med ei snor som er festa i begge vottar, som kan trekkast inni dressen. Elles vil ein eller begge vottar forsvinne før ein rekker å seie "skal vi gå ut og leike".

I have knitted many pairs of these mittens the last year (see here and here), both because they are fast to knit and because they are very easy and practical to get on my little toddlers hands. The mittens are knitted in different yarns, which means that they can be used for different temperatures. The purple ones are knitted in merino wool, and are the ones that cannot be used when it is very cold outside. This yarn do not seem to get felted, even though they have been used a lot. The pink mittens on the other hand, are both warm and good to use on cold winter days. 

2 kommentarer:

  1. Takk for tips! Disse vottene har jeg strikket i gave men nå når frøknen må ha barnehagevotter må det kanskje bli et slikt par :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Berre hyggeleg, Stine! Eg sleit med å finne gode og praktiske vottar då Iben begynte i barnehagen, men desse anbefalast verkeleg!

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment