Kvart år når våren nærmar seg, får eg eit voldsomt behov for å omgje meg med fargar. Og no synst eg verkeleg det er på høg tid med vår!
Derfor er eg no i gang med årets første bomullsstrikkeprosjekt, som skal bli (nok ein) babyshorts etter mønster frå Den store guttestrikkeboka. Garnet er Drops Muskat i fargen 'lys orange', som er ein rest frå garnlageret mitt. Det er ein skikkelig knæsj farge, som verkeleg gir assosiasjonar til sol og varme.
Bomullsgarn er ikkje mitt favoritt-materiale å strikke med.
Men når det kjem til strikk for sommaren, er det ikkje til å kome utanom at det jo er praktisk å ha ein del bomull til barnebruk. Eg har også planar om å kjøpe nokre garn i bomull/ull-blandingar og strikke med mot sommaren. Men før eg går til eit slikt innkjøp, bør eg nok bruke opp litt meir av lagergarnet mitt først.
Every year when winter finally seems to come to an end, I want to knit in vibrant colours. And my ongoing knitting project is definitely knitted from a vibrant coloured yarn! I am knitting (yet another) pair of baby shorts, but this time I am knitting in a cotton yarn - Drops Muskat. I like wool knitting much better than knitting with cotton, but when it comes to summer knitting, it is practical to have quite a lot of cotton garments for the little one.
Og eg er i gang med same shortsen, i Lerke (ull/bomull), i striper med mørkeblå og hvit! Det er nok våren som gjer det ja:) så fint og friskt med oransje shorts!
SvarSlettTakk for hyggeleg kommentar, Vigdis! Einaste problemet no er at eg har gått tom for det oransje garnet. Er det ikkje typisk når ein i utgangspunktet berre skal bruke opp litt restegarn, slik at ein ikkje skal bruke unødige pengar på garn? Og så ender eg opp med å måtte kjøpe meir likevel.
SlettGod morgen:-) Du strikker fantastisk mye fint. Strikker du og selger også? Jeg drømmer om en shorts fra den store guttestrikkeboken og kunne tenkt meg å kjøpt en av deg:-)
SvarSlettanjadn@hotmail.com
Hei! Akkurat no strekk ikkje tida heilt til for alt eg planlegger å strikke, så dessverre strikker eg ikkje på oppdrag. Men det er veldig hyggeleg å bli spurt!
Slett