søndag 2. februar 2014

ENDA EIN BABYSHORTS / ANOTHER PAIR OF BABY SHORTS







Kor mange ull-shortsar treng ei snart to år gammal jente? Meir enn ein, meiner iallefall eg.

Og no er altså shorts nummer to, strikka etter mønster frå Den store guttestrikkeboka ferdig. Den inngår som eitt av plagga i kelim-farge-prosjeket som eg har gåande om dagen. Den første shortsen eg strikka kan ein sjå her!

Shortsen ser litt baggy og merkeleg ut på bildet, men den blei faktisk veldig fin.

Garnet er Pickles Pure Wool i den knallfine fargen "ranukel", og shortsen er strikka i størrelsen 2-4 år.

Shortsen blei brukt for første gong i dag, saman med vesten eg strikka tidlegare i veka, då Iben pynta seg for å gå i barnebursdag i dag. Uheldigvis blei vesla kvalm på bilturen til festen, så vel framme var ikkje kleda heilt eigna for å bli fotografert lenger...

My second knitted pair of baby shorts in wool is finished. You can see the first one here. The yarn is Pickles Pure Wool in the very nice colour "ranukel". Iben used the shorts for the first time today, together with the yellow vest I knitted for her earlier this week. Unfortuantely, the little one got car sick on her way to the birthdayparty we attended today, so the timing was not really excellent for a photoshoot...

4 kommentarer:

  1. Åå, så fin shortsen ble i en slik sprek farge! Nå ble jeg inspirert her og vil strikke en shorts til minstegutten min i en fin sprek vårfarge (ikke rosa da;-))

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, er ikkje fargen fin? Eg er nesten litt forelska i den...

      Slett
  2. Dette var en nydelig farge! Jeg får trolig denne boka til helga, og jeg gleder meg enormt! Dette er ett av prosjektene jeg skal gå i gang med:)

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment