onsdag 29. januar 2014

ENKEL VEST I FLOTT FARGE / SIMPLE VEST IN THE COLOUR OF CLEMENTINE JUICE

Ein enkel vest er resultat nummer to i kelim-farge-prosjektet

Mønsteret er Pickles enkel vest, med nokre småendringar av underteikna. Oppskrifta foreslår å bruke rundpinne nr 5,5, men då eg skulle begynne å strikke, oppdaga eg at eg ikkje eigde ein slik rundpinne. Istaden brukte eg rundpinne 4,5. For å få det til å passe til ei jente på snart to år, tok eg utgangspunkt i maskeantall og felling for str 3-4 år, men brukte lengdene for størrelse 2 år.

Eg har strikka med dobbel tråd i Pickles Pure Wool i fargen "God morgen"
Dette var mitt første møte med Pure Wool-garnet, og i forhold til f.eks. alpakka (som eg strikker veldig mykje med for tida), er dette garnet veldig stivt og litt stikkete. Fordelen er jo sjølvsagt at stive garn også held veldig godt på fasongen. Det fungerer fint til eit plagg som dette, sidan ein ikkje vil at ein babyvest skal vere for laus. Men eg trur nok ikkje eg ville brukt dette garnet til plagg som skal ligge rett mot huda.

Fargen er eg veldig nøgd med. 
Den gir meg assosiasjonar til varme og klementin-juice, og vil vere fin saman med mange andre fargar.

Og oppskrifta? Veldig enkel!
Og ingen montering overhodet. Med dobbelt garn er den strikka kjapt i løpet av to kveldar. Eg noterer meg at denne gjerne kan strikkast igjen.

A simple vest is my second garment in the kelim-colour-project, and I used this Pickles pattern, with some alterations. I did not have circular knitting needles in size 5,5, so instead I used 4,5. To make it fit a little girl who soon turnes two, I knitted it in size 3-4, but used the measurements for size 2. The yarn is Pickles Pure Wool in the colour "God morgen" ("Good morning"), and the entire vest is knitted with double thread. Although the yarn is a bit too stiff and itchy to my taste, I love the colour, which I think will go well with many other colours. 

16 kommentarer:

  1. Som du produserer om dagen! Nok et flott plagg:) Herlig fargevalg. Denne vesten ligger høyt på strikkelista mi.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, noko må ein jo gjere når snøen lavar ned som aldri før over Oslo, og det ikkje er spesielt fristande å gå ut på kveldstid :)

      Slett
  2. Knallfint! Eg har litt same meining om Pure Wool - litt stivt, men sikkert god hold i, og veldig fine fargar!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser fram til at mini tek vesten i bruk, så eg får prøvd ut korleis garnet oppfører seg over tid. Men eg tipper at det vil holde seg veldig godt.

      Slett
  3. Herlig farge. Kjekt å lese sammenligningen med garntyper siden jeg strikker mye med alpakka og enda ikke har prøvd et eneste Pickles garn (tilgi meg Pickles, det er ikke fordi jeg ikke har lyst)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, dette garnet er veldig ulikt alpakka. Mykje meir klassisk "ullgarn", om du skjøner kva eg meiner. Men det virker veldig solid og slitesterkt.

      Slett
  4. Så fin! Herlig farge:-) Enig med deg i at Pure Wool ikke er det mykeste garnet, men det holder seg utrolig bra:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det som er ekstra fint med Pure Wool-fargen, er at den ikkje er heilt jamnt innfarga, slik at det heile tida er bittesmå spetter av kvit ull innimellom. Det gir eit veldig fint spel i plagget!

      Slett
  5. Skal si du er produktiv. Herlig farge!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, plutseleg blei det mykje kveldsfri og mykje snø utandørs og veldig herlig å sitte inne og strikke. Og plutseleg blei det nokre resultat å vise fram, også :)

      Slett
  6. Ingeborg kommenterer om strikking som ho kan svært lite om30. januar 2014 kl. 21:47

    Finfin! Mamma strikka ei slik ei til Agate, men ho brukte litt tjukt garn, trur eg. Den blei litt trang i armhola, men det kan ha med garnet og strikkefastheita til ho mor å gjere. Den blei diverre litt for kort for frøken Lang også!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, eg synst å hugse eg har sett ein slik på Agate. Eg har ikkje fått prøvd vesten på Iben enda, for ho er i "Vil ikke"-modus om dagen. Satsar på å lure den på ho i løpet av helga, så eg får testa om den faktisk er passe. Ellers kan det jo hende den går i Agate-korga med arvetøy.

      Slett
  7. Så kjekt å sjå på bloggen din! Mykje fint, og kjekke innlegg å lesa medan eg sit her inne med kaffikoppen og høyrer på snøstormen utanfor :)

    SvarSlett
  8. Fin vest! Og ein fin blogg som i alle fall gir meg strikkeinspirasjon! No har eg lagt deg til i leselista mi:-)

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment