fredag 28. februar 2014

BARSELGÅVE TIL VINTERBABY / WELCOME TO THE WORLD, LITTLE WINTER BABY

Årets første baby i vennegjengen er fødd! Og når ein er ein liten vinterbaby, som attpåtil er født i vinterland på Lillehammer, må ein så klart ha eit sett heimestrikka, varme ullklede!

Silke og ull til baby
Gåva frå meg er fire små, kjempemjuke plagg, alle strikka i alpakka silke frå Sandnes Garn. Eg elsker å strikke babyklede i dette utruleg mjuke garnet, fordi det er så godt eigna nettopp til babyklede. Rein alpakka blir for «hårete» for småttingar som ikkje heilt har kontroll over armane sine, og som gjerne putter heile den genserkledde armen inn i munnen (med påfølgande spytting og vrede dersom genseren etterlet seg store mengder med hårete garn i babyens munn). Men blanda med silke slepp ein stort sett unna dette problemet, og i tillegg blir plagga heilt draumeaktig mjuke og glatte. Og så blir dei heller ikkje for varme.

Det er tredje gong eg strikker denne buksa.
Iben har tidlegare fått ein rosa variant, og jenta til eit vennepar fekk ei liknande brun bukse som dette. Slike duse, lyse brunfargar passer i grunn fint til både jente og gutt, og kan vere eit trygt fargeval om ein ikkje veit heilt sikkert om det er ho eller han som er inni magen. Mønsteret er frå boka Myk start av May B. Langhelle, og buksa er enkel og fin å strikke. Eg gjekk for størrelse 0-3 mnd.

Omslagsjakka har eg derimot aldri strikka før.
Men også denne var relativt enkel å strikke, utan så mykje montering, sidan både rygg, armar og framstykker strikkast i eitt stykke. Kantane blir deretter strikka til slutt. Mønsteret er frå Dalegarn-katalogen Baby Hentesett, med katalognummer 226, og eg har strikka jakka i størrelse 0-3 mnd.

Klassisk lyseblått og rosa er i utgangspunktet ikkje mine favorittfargar til baby.
Som spedbarn hadde Iben nesten ingen rosa plagg. Men sidan eg følte snittet til denne omslagsjakka var litt feminint, sikra eg meg med lyseblått, så foreldra ikkje stadig må seie "Nei, han er ein gutt" når han har på seg jakka. (Vi måtte stadig avkrefte at Iben var gutt då ho var baby. Muligens blei det rett og slett for lite rosa).

Lua har også blitt strikka etter mønster frå Myk start-boka.
Og mønsteret er så klart den klassiske djevellua, som eg er så glad i, med ein liten dusk på toppen. Størrelsen er også her 0-3 mnd.

Mønsteret til vottane er gratis, og henta frå Ravelry.
Der kallast dei «djevel mittens», og dei skal passe til babyar mellom 0 og 6 mnd.

This years first result of the baby boom among my friends has been born in winter wonderland Lillehammer. And a Norwegian winter baby will of course need quite a lot of wool clothing. The four garments I have knitted for the little boy are all made from silk and alpaca yarn. I love the combination of silk and alpaca for little babies, who cannot control their arms very well, and who are likely to put their entire arms into their mouths. Therefore I think pure alpaca yarn is too «hairy» for the smallest babies, but mixed with silk, you do not have the same problem. And the garments are pure wonder when it comes to softness! All the patterns are in Norwegian, except for the mittens, which are knitted from this free Raverly pattern. 

13 kommentarer:

  1. Utrulig fint! Fargene var nydelige, og Alpakka Silke må prøves ut! Myk start står på min "hva som MÅ kjøpes rimelig snart -liste"!

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Vigdis! Myk start-boka anbefalast verkeleg. Eg har strikka MYKJE frå den!

      Slett
    2. Fekk boka i posten i dag! JUHU!

      Slett
    3. Gler meg til å sjå kva du strikker frå den!

      Slett
  2. Eg har også strikka babykle i Sandnes Alpakka/silke, veldig mjukt og godt garn som eg vil tru passar godt til nettopp det formålet. Flotte kle du har strikka, det er mykje fint i "Myk start"-boka!

    SvarSlett
  3. Dette var alldeles nydelig! Liker veldig godt både fargene og de ulike plaggene du har satt sammen til et herlig sett:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk takk! Fekk første bilde av klede i bruk frå mamman til mottakaren i går, og han såg då iallefall sånn passe nøgd ut :)

      Slett
  4. Hei! Holder nå på med Bukse med seler fra myk start. Kan du hjelpe meg litt?? Helt i slutten på benet står det at du skal felle 2,1,1,1 på hver side av pinnen annenhver pinne..betyr det da å felle av, eller strikke 2 sammen? Og gjør du dette både i beg og slutten av samme pinne?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Vigdis! Såvidt eg hugsar strikka eg to saman. Men eg trur det skal gå heilt fint å felle også. Beinet skal jo syast saman etterpå, så det vil nok ikkje spele så stor rolle for resultatet om to strikker to saman eller feller av. Og eg gjorde det (såvidt eg hugsar) på starten og slutten av same pinne. Lykke til!

      Slett
  5. Tusen takk for raskt svar:) lurer på en ting til ang djevelkua: tok du første maske rett av, eller strikker du denne vanlig?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje akkurat djevelkua jeg mente da... :)

      Slett
    2. På lua tok eg første maska laust av, så kanten blir finare :)

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment