tirsdag 25. februar 2014

VOGNTEPPE TIL BARNEHAGEBRUK / STROLLER BLANKET FOR SLEEPING OUTSIDE IN KINDERGARTEN

Sjølv om det ikkje er så mykje å vise fram enno, blir det likevel strikka i heimen. Men sidan det går i gåvestrikk, må nok blogg-oppdateringane vente inntil vidare. 

I staden blir det ein pledd-pausefisk.
Dette sikksakk-pleddet strikka eg til Iben tidleg i haust, for at ho kan bruke det som vognteppe når ho skal sove ute i barnehagen.

Mønsteret er sikk-sakk-teppet frå Pickles,
og oppskrifta finn ein her. Gratis er det også!
Istaden for å bruke 3-tråds merino, slik oppskrifta foreslår, gjekk eg for ein tjukkare variant og Abuelita tjukk merino i fargane «snøkrystall» og «gråpus». Dermed blir teppet mykje tjukkare og betre eigna til vognbruk på kalde vinterdagar.

Teppet var kjekt og enkelt å strikke, 
og med tjukke pinnar og tjukt garn gjekk det også ganske raskt framover - sjølv om det er klart at det tek litt tid å strikke eit pledd når ein vil ha litt lengde på det. Eg strikka det temmeleg langt, slik at det kan brettast dobbelt for bruk på ekstra kalde dagar.

Og eg trur nok at eg godt kan tenke meg å strikke dette ein gong til i andre fargar. 
Det skal faktisk seiast at eg først strikka starten av eit teppe i tre forskjellige rød- og rosafargar, men at eg tidleg gjekk tom for garn. Og då eg fekk dilla meg til å stikke innom Pickles for å kjøpe meir, hadde dei gått tom for to av fargane eg hadde brukt. Dermed blei det berre å starte på nytt i nye fargar.

Note to self:
Sørg for å ha nok garn når ein set i gang med slike store prosjekt!

I knitted this blanket in the autumn, so that Iben could use it in her stroller while sleeping outside in kindergarten. Most Norwegian kindergartens wants the children to sleep outside in their strollers during the day naps, also in winter. In Ibens kindergarten the children sleep outside every day until the temperature reaches -10 degrees celsius. It might sound could, but when you are dressed in several layers of wool clothing and put into a sleepingbag filled with down, and then have a wool blanket on top, I promise that you will not freeze. The pattern is from Pickles, and it is free (but in Norwegian - use Google translate). 

18 kommentarer:

  1. This blanket is absolutly beautiful !

    SvarSlett
  2. Dette var veldig fint! Tenker at jeg starter på dette snart! Brukte du samme pinnestørrelse og samme antall masker?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg synst å hugse at pinnestørrelsen er den samme som i oppskrifta, men at eg kutta ned ein sikk-sakk i bredden sidan eg brukte tjukkare garn. Men ta det som ei sanning med modifikasjonar. Eg burde bli flinkare til å loggføre slike prosjekt, slik at eg veit kva eg skal gjorde om eg skal sette i gang å strikke det samme ein gong til. No blir det stort sett gjetting...

      Slett
  3. Kjempefint teppe! Spesielt fin fargekombinasjon til dette møsnteret.

    SvarSlett
  4. Så fint det var! Jeg likte godt at det var i grått og hvitt. Jeg begynte også på et slikt teppe en gang, men rakk opp igjen på grunn av dårlig garnvalg. Nå frister det å prøve på nytt:)

    SvarSlett
  5. Eit vakkert teppe! Vart eit heilt anna, og rolegare uttrykk enn på originalen hos Pickles.
    Likte godt at du starta med smalare striper. No vart eg inspirert!

    SvarSlett
  6. Så nydelig teppe du har strikket!

    SvarSlett
  7. Kjempeflott vognteppe, liker godt fargekombinasjonen med lyst og grått - lekkert! - og takk for link til oppskrift!

    SvarSlett
  8. Dette var en veldig fin versjon av Pickles-teppet! Det grafiske kommer så godt frem og de smale stripene er raffinerte! Jeg har tenkt på et babyteppe til en gave noen dager, og nå sa det bare klikk, så jeg har bestilt garn til et sikk-sakk-teppe. Mitt blir i flere farger, men grått og hvitt er med. Takk for inspirasjonen! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så hyggeleg kommentar! Takk! Og så kjekt at du blei inspirert! Teppet er i dagleg bruk i barnehagen, og kjekt og kjapt å strikke. Og så mottek det mykje skryt når vi er ute på trilletur :)

      Slett
  9. Beautiful ! I love it ;) Je vais essayer de le traduire le tuto en français !!!

    SvarSlett
  10. Nydelig pledd. Husker du hvor mange nøster med garn du brukte?

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment