fredag 10. januar 2014

BARNEHAGE-STRIKK / KNITTING FOR KINDERGARTEN

Ribbestrikka genser, ribbestrikka bukse og rillestrikka vottar etter mønster frå boka Strikk til nøstebarn av Kathrine Gregersen. Bukse og genser er strikka i merino extra fine frå Drops, vottane er strikka i alpakka.  




Som eg har vore inne på før, er praktisk å foretrekke framfor pent når det kjem til kvardagsklede for barnehagebarn. Og ein favoritt innan praktisk kvardagstrikk er grå ribbestrikk. Fordi:
  • Ribbestrikka plagg omfavnar små kroppar, og gjer at plagga ikkje tek stor plass inni vinterdressar eller parkdressar. 
  • Ribbestrikk utvider seg også automatisk når plagga blir kledd på større barn. Derfor har ribbestrikk lang levetid, sidan ein kan vakse ganske lenge i dei.
  • Om ein strikker buksene litt lengre enn nødvendig i beina, og genserar med litt lengre armar, kan bein og armar brettast opp, og plagga leve i årevis. 
  • Og kvifor grått? Fordi få flekkar synst på grå ull. Og fordi grått er den ulitmate unisex-fargen. Brukt saman med rosa blir det veldig jentete. Brukt saman med f.eks. brunt eller beige blir det heilt kjønnsnøytralt. Og brukt saman med blått blir det plutseleg veldig guttete. Dermed kan plagga leve vidare som arvetøy til både jenter og gutar etter at førstemann har vakse ut av dei. 
A favourite in practical everyday wear for children in kindergarten is ribbed knitted grey garments like the ones in the photo. Ribbed knitting embraces little bodies, so that the garments don't take up too much space inside outerwear in the winter. Ribbed knitting also expands as you grow, and therefore lasts longer. And if you knit the legs and arms longer than needed right now, you can fold them up, and it will take years before the children grow out of them. And why grey? Because hardly any stains will show on grey wool. And because it is the ulitmate unisex colour. Worn with pink, grey seems girly. With blue, it is boyish. And with brown or beige, it is totally unisex.

1 kommentar:

  1. Et fint ullsett for barnehage barn. Det var lurt å velge grått som farge. Du skriver at du har strikket i Merino extra fine fra Drops. Hva er strikkefastheten på det garnet? Oppskriften går fra str. 2-4 år som det minste. Er størrelsen litt stor da? Jeg skal strikke settet i str 2 år og må antagelig redusere antall masker da. Har du strikket knapphull i ragland?

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment