søndag 5. januar 2014

ARVE-STRIKK / HAND ME DOWN-KNITS

Å strikke til babyar kan verke meiningslaust, sidan dei små veks så fort ut av kleda sine. Då er det fint å kunne gje kleda vidare til andre småtassar som blir fødd.
På Lillehammer kjem det snart ein liten baby til verda. I helga reiste eg på besøk til dei komande foreldra med ein pose klede frå då Iben var bitteliten. I posen låg både bomullsbodyar og små pyjamaser. Men det kjekkaste å gje vekk er klede ein har laga sjølv.

Den vesle babyen får ei sennepsgul strikkejakke, ei grå, lita lue og to par ullsokkar som eg strikka då eg venta Iben. Strikkejakka er eit stykke skikkelig praktisk babystrikk, med ein fin unisex-farge, strikka med dobbel tråd alpakkagarn - slik at den både er tjukk og god for ein vinterbaby å ha på nede i ein ull/skinnpose på trilletur, og lun å ha på innandørs når den er knappa opp. Mønsteret er frå boka Babystrikk av Debbie Bliss.


Lua er også strikka i alpakkagarn, etter mønsteret 'Glattstrikket djevellue i tynn alpakka' frå boka Myk start av May B. Langhelle. I den boka finst også mønsteret til dei kvite raggsokkane, som eg har strikka utallige av til Iben i ulike fargar og garnkvalitetar.


Sokkane med mønster på er strikka etter ei oppskrift eg fann i et gammalt hefte, som eg ikkje finn att. Garnet er også her alpakka. 

Sidan babyar veks så fort, er slitasjen minimal på dei små klesplagga, og det er knapt nok mogleg å sjå at har blitt brukt. Heimestrikka ullplagg er kvalitetsplagg som vil vare i generasjonar, og som kan gis vidare til stadig nye små. At ullplagg også er meir fleksible i størrelsen enn f.eks. bomullsplagg, gjer at kleda også kan brukast lengre av kvart barn.

Dei aller finaste strikkeplagga til Iben ligg framleis gøymd i ein kasse på loftet, og skal sparast til eventuelle søsken, eller til Iben sjølv får barn ein gong. 

Knitting for little babies may seem pointless, given how fast the little ones grow out of their clothes. It's nice then to know that home knitted wool clothes are of such good quality that the little garments can be passed on to new babies. A friend will soon become a mother, and this weekend I gave her a bag of hand me down-clothes from when my daughter Iben was newborn. Among little onesies and cotton pyjamases, the bag also contained these woollen clothes that I knitted when I was expecting Iben. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv ein kommentar her / Write your comment