fredag 3. januar 2014

MORMOR-STRIKK FRÅ BUTIKK / GRANNY-KNITS FROM DANISH BRAND MORMOR.NU

1  /  2  /  3  /  4  /  5  /  6


Kleda til det danske merket Mormor.nu gjer meg glad, og gir meg lyst til å strikke fargerike småplagg.

Og måten dei små Mormor-kleda blir produsert på, er også til å trekke på smilebandet av. Kvart plagg er nemleg handstrikka av ein gjeng på over 75 danske strikkedamer. Kvar onsdag møtast dei over kaffi og heimebakt kake når dei skal avlevere vekas strikkeproduksjon.

Eg har lenge lagt merke til desse plagga når eg har kikka innom små barnekledebutikkar rundt omkring i Oslo, og eg synst det er inspirerande kor lett ein kan sjå forskjell på Mormor-kle, og på andre strikke-kle som er maskinstrikka. Nettopp at plagga ikkje er perfekte, gjer dei enda meir perfekte i mine auge.

Fine Mormor-plagg kan bl.a. kjøpast på den herlige butikken Rakkerungene i Ullevålsveien i Oslo.

The little knitted clothes from the Danish brand Mormor.nu makes me want to knit colourful little clothes. All the garments are hand knitted by over 75 elderly Danish ladies, who meet up every wednesday for coffee and cake when they are to hand over their weekly knitting production. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv ein kommentar her / Write your comment