torsdag 20. august 2015

TERMIN-NEDTELLING: FROST-KJOLE TIL STORESØSTER, 6 DAGAR IGJEN / DUE DATE COUNTDOWN: A DRESS FOR BIG SIS, 6 DAYS LEFT


Det er ikkje berre babyen det blir strikka til. Paelas-boka er så full av inspirasjon til stor jente-strikk at eg ikkje klarte å la vere: Frost-kjolen har offisielt kome på pinnane.

I motsetning til arvedrakta, er dette eit plagg som krev konsentrasjon. I mengder. Men det er kjekt å strikke noko komplisert ein gong i blant, også.

Og så satsar eg på at namnet "Frost-kjole" gir kjolen innpass hos treåringen.
Her har det nemleg gått i Elsa og Anna til den store gullmedalje heile sommaren. Og etter erfaringar frå andre småbarnsforeldre, vil feberen neppe gå over med det første.

Although knitting for the baby has been my main focus for this summer's knitting projects, his big sister also gets something once in a while. And now the Frost-dress from the new book by the Paelas-girls is my new project. It is pretty complicated, but it's nice to knit something complicated, too. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Skriv ein kommentar her / Write your comment