torsdag 27. august 2015

BABY-NEDTELLING: EIN DAG PÅ OVERTID/ BABY COUNTDOWN: MY OWN COMING HOME-CARDIGAN

Så er termin-nedtellinga offisielt gjort om til baby-nedtellinga. Open slutt, med andre ord.

På strikkepinnane mine er framleis Frost-kjolen til Iben, så der er det ikkje så mykje nytt å vise. I staden har eg henta fram hentesett-jakka frå då eg var baby, som mamma strikka til meg.

Det var også den Iben var ikledd då ho reiste frå Ullevål for første gong.
Lillebror har jo som kjent fått heile to hentesett å velge mellom, så han blir ikkje kledd i denne på si første reise. Men han skal nok få brukt den mykje, han og.

It seems we have to give the due date countdown a new name, so from today, let's just call it 'the baby countdown.' The end is open, in other words. This cardigan my mom knitted for me to wear coming home from the hospital when I was born, and my toddler Iben also wore it when she first left the hospital. As littlebrother has got no less than two sets to choose from, he will not be wearing it on his first journey out into the world, but I guess there will be plenty of opportunities later. 

4 kommentarer:

  1. Så kjekt å kunne bruke noko av det du sjølv brukte når du var baby, veldig søt jakke! Er den i ull? Mange av strikkakleda eg hadde som baby (på 80t) såg veldig fine ut på bilde, men når vi henta dei ned var nesten alt i syntetisk garn og ikkje noko som eg ville kledd ein baby i no. Synd, for mykje av det ser veldig fint ut. Håpar du slepp å vente så mykje lenger no.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, den er heldigvis i ull. Har også erfart at ein del av strikkeplagga frå tidleg 80-tall er temmeleg syntetiske, men dei aller finaste (som har overlevd) er i ullstrikk.

      Slett
  2. Koselig med babyplagg som går i arv. Tror den nye verdensborgeren kommer til å ha mye fint i klesveien. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det og jo lenger han venter med å komme ut, jo fleire klede får han. Mulig det er det som er strategien hans?

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment