lørdag 16. mai 2015

GRUNNEN TIL BLOGG-PAUSEN / WHY IT'S BEEN SO QUIET

Eg veit det ikkje har vore imponerande aktivitet her sidan nyttår. Men eg har hatt ein god grunn.

Og grunnen ser de på bildet; ein aktiv krabat i magen som er venta til verda i slutten av august. Ein skulle kanskje tru at slike nyhende hadde fått meg til å sette inn turbo på babystrikkinga, men den gong ei. Eg har vore så kvalm at berre tanken på strikking har vore fråstøtande. Og lenge etter at kvalmen gav seg, fortsatte eg å bli kvalm kvar gang eg tenkte på strikking.

Men no er formen mykje betre, og strikketøyet er tatt fram igjen. Eg skulle gjerne love store mengder babystrikkespam, men eg trur det er best å sjå an overskuddet før eg kjem med lovnader...

---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

This little man will be born in the end of august, and because nausea and knitting don't go well together, I have not been knitting much these last months. 

But now I am feeling much better, and hopefully there will be a lot of baby knits to show you soon!

12 kommentarer:

  1. Gratulerer!
    Jeg tok likegodt bloggpause hele siste svangerskap, noen ganger er det sånn det blir.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk!
      Godt å høyre at vi er fleire som ikkje har blogginga som topp-prioritet i svangerskapet :)

      Slett
  2. Gratulerer! Eg ventar ei jente ganske nøyaktig ein mnd etter deg, så skjønnar det er andre ting som tar tid og energi. Her har strikkelysten vore laber, merkeleg nok, men eg har ei lang strikkeliste så eg håpar det tar seg opp snart. Håpar å sjå mykje fint strikk her framover, eg hadde ihvertfall syns det var kjekt om du ville dele litt av strikkeplanane med oss :-) Du har veldig god smak og fin samansetting av fargar, så eg er spent på kva du kjem til å strikke (når strikkelysta kjem tilbake).

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Akkurat no blir det i alle fall strikka litt, så eg skal prøve å få delt ein del av det + strikkeplanar på bloggen!

      Slett
  3. Åh, dette så jeg først nå, nettopp fordi jeg selv har baby i magen og ikke vært i stand til å lese blogger på en god stund. Gratulerer så mye! Det nærmer seg for deg nå! Gleder meg til å se hva du lager til nurket. Vet du kjønn?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Kirsti, og gratulerer! Det blir ein lillebror som kjem i august!

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment