fredag 6. juni 2014

FOR STOR, MEN AKKURAT PASSE / TOO BIG, BUT IT STILL FITS PERFECTLY

Denne kysa skulle eigentleg vere barselgåve til ei lita frøken. Istaden har to-åringen fått ei ny lue. Kva skjedde?

Det aner eg faktisk ikkje. Eg sette i gong med å strikke kysa etter eit mønster frå Dalegarns katalog nr 142, som eg lånte av mamma då eg var på Vestlandet ein tur forrige helg. Størrelsen skulle vere 6-9 mnd, og eg brukte garnet Alpakka Silke frå Sandnes garn. Eg stussa litt undervegs i strikkinga på at kysa såg veldig stor ut, men tenkte at det sikkert kom til å sjå annleis ut når den blei montert.

Men tvert imot.
- Dette er då verkeleg eit stort hovud for ein baby på 6-9 mnd, tenkte eg, og prøvde for moro skuld kysa på to-åringen Iben, som i tillegg alltid har hatt eit ganske stort hovud for alderen. Og jammen passa den heilt perfekt!

Så no har Iben fått ny kyse.
Og babyen må få noko heilt anna. Og eg er berre glad for at eg eg ikkje strikka i størrelse 12-18 mnd. Då hadde det truleg vore meg den passa til. Og det hadde kanskje ikkje vore like kledeleg.

This hat was supposed to be a gift for a newborn little baby girl. Instead my toddler Iben who just turned two got a brand new hat. What happend? To be honest, I really don't know. I knitted the hat from a pattern I borrowed from my mom while visiting my parents last weekend. The size was 6-9 months, but while knitting it, I thought that it looked rather big. And I was right. Just for fun, I tried it in my daughter Iben, who has quite a big head for her age, and it fits her perfectly. Somewhere, something has gone wrong. But at least Iben has a brand new hat. And the baby has to get something else...

12 kommentarer:

  1. Oh so sweet, that hat is really lovely on her - lucky Iben.

    SvarSlett
  2. Den var no veldig fin til 2 åringen så litt flaks i uflaksen er lov ha! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, heldigvis! Eg begynte å føle på ein dårleg strikke-karma...

      Slett
  3. Så merkelig at den skulle bli så stor da! Men greit at den passet til Iben :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, faktisk har eg lenge lett etter inspirasjon til ei kyse til Iben. Men no er det jo løyst!

      Slett
  4. Den var jo veldig søt. Og du hadde sikkert blitt riktig yndig selv i kose størrelse 12-18 mnd :)

    SvarSlett
    Svar
    1. kyse!... Autokorrektur, altså...

      Slett
    2. Hehe, eg trur ikkje vi skal prøve oss på kyse-strikking til meg med det første...

      Slett
  5. this is so adorable. i love all the things you knit... very inspiring!

    SvarSlett
  6. Så søt lue og fint bilde:)

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment