tirsdag 3. juni 2014

DANSEKJOLENS TRANGE FØDSEL / TRYING TO KNIT THE DANCING DRESS

Då eg såg den fantastiske dansekjolen på Ministrikk første gong, tenkte eg: «Den skal eg strikke!». Og det har eg også prøvd å gjere.

Mønsteret blei kjøpt, og eg bestemte meg for den fine lyseblå fargen til i Lille Lerke-garnet. Og så satte eg i gong med strikkinga.

Om ikkje anna, er jo fargen fin...
At least the colour is good...


To gongar.
Og to gongar har eg rekka den påbegynte kjolen opp igjen, fordi eg har lese mønsteret feil. No kvinner eg meg opp til å sette i gong på tredje forsøk. Hadde ikkje kjolen vore så fin, hadde eg gitt opp for lengst.

Eg veit ikkje om mønsteret er dårleg forklart?
Eller om eg berre er for kjapp i vendinga, og ikkje set meg skikkeleg inn i det før eg set i gong? Men kvar gong har plasseringa av holmønsteret når eg aukar, kome feil ut i forhold til forklaringa, slik at holraden til slutt havner utpå armane når eg skal i gong med å dele av armane frå resten av kjolen. Før tredje forsøk skal eg iallefall lese mønsteret n ø y e. Og stemmer det ikkje no, gir eg opp.

Er det nokon andre som har opplevd det same?

I instantly fell in love when I first saw Charlott Pettersens pattern for this girly dancing dress. I imediately bought the pattern, and a gorgeous light blue colour in the yarn Lille Lerke, which is a mix of cotton and merino wool. I started knitting, but realized I had misread the pattern. I started knitting all over again. And it turnes out I have misread it again! I don't know if it is me who is too hasty, or if the pattern is poorly explained. But if it does not turn out right the third time around, I give up...


5 kommentarer:

  1. Alle gode ting er tre? Håpar du får det til denne gongen! Eg har ikkje prøvd mønsteret så eg kan ikkje kome med gode råd, men håper nokon andre kan. Eg beundrar tolmodet ditt! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Ingvild! No ser det heldigvis ut som koden er knekt!

      Slett
  2. Hei! Jeg er også i gang med dansekjolen og ser ut til å ha gjort samme feil som deg, for hullmønsteret havnet også ut på armene hos meg.. Hva gjorde du annereledes 3.gangen? Takk for alle tips du har å komme med! Hilsen Kathleen

    SvarSlett
  3. Hei, jeg har akkurat begynt, og allerede på 2. økning får jeg det ikke til å stemme med hullene? Jeg er på "hull 4", når jeg ifølge oppskriften skal være ved det siste merket..! Hva gjør jeg feil?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Karin! Du gjer kanskje den same feilen som eg gjorde i starten. Eg synst å hugse at eg feiltolka korleis ein aukar ved sidemerkene, og at det var der problemet låg. Ikkje heilt enkelt å forklare korleis eg las det feil...

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment