torsdag 24. april 2014

GARN-FANGST I NEW YORK / YARN NYC STYLE





Det blei ein liten tur innom Purl Soho i New York-påska.

Og fangsten?
Etter mykje kikking og kjenning i hyllene (og etterkvart også litt subtil hinting om at det begynte å bli litt kjedeleg frå ikkje-strikkande venninne) endte eg opp med seks hesper av Purls eige line weight garn. Det er det tynnaste, vakraste merino-garnet eg har sett. Eg gjekk for to hesper kvar av fargane Ballet Pink, Light Blue og Steel Blue. 

Kva skal det bli av dette, då?
Eg har ikkje heilt bestemt meg for det, enda. Men som fargane indikerer, må det bli baby- eller småbarnsstrikk. Kvar hespe inneheld mange meter med garn, så eg trur dette skal rekke til ganske mykje småstrikk... Eg klarer nesten ikkje å vente med å begynne å strikke, så spent er eg på å sjå korleis dette garnet ter seg når det kjem på strikkepinnane.

I tillegg til garn kjøpte eg også to Liberty-stoff på Purl, som skal bli små sommarklede. Eg gler meg til å vise fram etterkvart som plagga blir til!
I managed to get to Purl Soho during my New York stay, and ended up with these six skeins of Purls own line weight yarn. It is the thinnest, most beautyful merino yarn I have ever seen. I chose the colours Ballet Pink, Light Blue and Steel Blue. I haven't quite decided what I am going to knit yet, but as the colours indicate, it will probably be something for babies or little people. I cannot wait to start knitting, and to see how the garments turn out with this lovely yarn!

At Purl I also bought two Liberty fabrics that will become little summer clothes. 

2 kommentarer:

  1. God fangst det der! Ser ut til å vere eit herleg garn. Eg likte godt fargane du har vald ut, sarte og fine.

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment