fredag 14. mars 2014

NEW YORK, NEW YORK


Årets påskeferie blir venninnetur til New York. Utan barn. Ei heil veke. 

Eg kan knapt vente! Og sjølv om hovudformålet med reisa overhodet ikkje er strikke-innkjøp, og reisefølget knapt har tatt i ein strikkepinne nokon gong, skal eg nok klare å snike meg avgarde til Purl Soho for både inspirasjon og påfyll til garn/stoff-lageret.

Først må eg berre forvisse meg om at dei ikkje held påskestengt. 
Det er riktignok få nasjonalitetar som held så mykje høgtidsstengt som nordmenn, og amerikanarar kan ikkje måle seg med oss når det kjem til å ta fri. Men forrige gong eg var i New York (også då i påska) viste det seg at den store kamerabutikken der eg skulle hamstre nytt fotoutstyr, tilsynelatande var den einaste butikken i heile byen som hadde stengt i påska.
Eg trur faktisk eg må sende Purl Soho ein mail med ein gong...

This years easter holiday will be a girls trip to New York. Without children. A whole week. I can hardly wait! And although the purpose of the trip not mainly is to buy knitting gear, I will definitely make time to visit Purl Soho!

18 kommentarer:

  1. Misunnelig!! Eg ville også prøvd å lokalisere garn fra Brooklyn Tweed og Quince & co, om så bare for å garntafse litt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for garntafse-tips, Marie! Eg setter det opp på New York-googlelista mi!

      Slett
  2. Ååå, heldige deg! Det kommer nok til å bli fantastisk!

    Sier meg enig angående Quince & Co-garn. Kjempegod kvalitet og fine farger! Brooklyn Tweed har jeg ikke prøvd, men hørt mye bra om. Purl Soho drømmer jeg også om. Du må nok sette av litt plass i kofferten til garn:-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, muligens må eg reise nedover med heilt tom koffert, om eg skal få plass til alt eg har lyst til å ta med meg heim. Det er ikkje berre garn som står på shoppelista, og med eit reisefølge som har stålkontroll på vintage og som har ein imponerande shopping-stamina, bør eg vere godt rusta til å sette i gang med big spending...

      Slett
  3. Heldige, heldige, du! Jeg besøkte Purlsoho i 2008 og har veeeldig lyst tilbake (ja, ta med ekstra bag/koffert). Nyte det!

    SvarSlett
  4. Stas! Vi var i NY for snart seks pr siden, og da var jeg ikke så bevandret i amerikansk garn at jeg visste hva jeg skulle lete etter. Jeg ble bare så overveldet av alle fargene, at jeg ikke klarte kjøpe noe fornuftig på Purl, haha! God tur! Det hørtes himmelsk ut!

    SvarSlett
  5. Kom over dette innlegget fra ei som tipser om garnbutikker i New York. Hadde nettopp vært innom bloggen din, så da måtte jeg tilbake for å tipse deg. Jeg får bare enda mer lyst til å dra tilbake til New York. Synes alle drar dit for tiden. ;-)

    http://eddysblogg.wordpress.com/2014/01/26/new-york-ur-en-stickares-perspektiv/

    Kari :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, Kari! Denne skal eg absolutt ta ein kikk på!

      Slett
  6. Dit skal eg òg i påska! Blir neppe Purl-besøk på meg denne gongen, men var der for eit par år sidan med ei viss søster. Fin butikk, det.

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, såklart Hedda måtte til Purl :)

      Slett
    2. Trur vi var der i halvannan time.

      Slett
    3. Sikkert kjempekjekt for deg :)

      Slett
    4. Eg er jo ikkje totalt uinteressert, då, så det gjekk heilt fint. Men eg kunne nok ha greidd meg med mindre. :-)

      Slett
  7. Var det forresten B&H du skulle kjøpe kamerautstyr på? "Alle" (det kan eg så klart ikkje slå heilt fast, men iallfall alle eg såg) som jobbar der er ortodokse jødar, så det forundrar meg ikkje om dei tek Passover-fri.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, på B&H. Og at dei var ortodokse jødar, oppdaga vi også. Litt seint, berre. Dvs då vi stod utanfor og prøvde å komme inn ei stengt dør. Løysinga blei ein liten Canon-butikk i nærleiken av Madison Square Garden, som (om ikkje anna) kunne finne fram objektivet eg ønska meg frå bakrommet. Men fråtsing blei det dessverre ikkje.

      Slett
    2. Får satse på det er heidningar som driv Purl, då.

      Og ja, det er noko heilt eige når utstyret kjem rullande på eit "bagasjeband". Henting frå bakrommet er for pyser.

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment