tirsdag 25. mars 2014

Å NAMNEMERKE STRIKKE-KLEDE / NAMETAGS FOR KNITTED GARMENTS

Nokre har kanskje lagt merke til dei små merkelappane som er festa til ein del av kleda eg har vist fram på bloggen, og har kanskje trudd at eg har prøvd å "merkevare"-merke dei. Men det har eg ikkje.

Dei kvite små merkelappane er rett og slett namnelappar for å vise kven dei små kleda tilhøyrer. I barnehagen må som kjent alt av klede og utstyr merkast, elles forsvinn dei fortare enn ein rekk å seie "no skal vi kle på oss."

Eg syntes det var synd å skulle "øydelegge" heimestrikka plagg med å stryke eller klistre på lappane som vi merker Iben sine butikk-kjøpte klede med. Medan bodyar og kjeledressar gjerne har vaskelappar og liknande der det er naturleg å kjapt klistre på ein liten namnelapp, har ikkje dei heimestrikka plagga noko slikt.

Løysinga blei å bestille desse vevde stofflappane med Iben sitt namn på, og å hand-sy dei fast i kvart plagg. Jobben er ikkje så stor som den høyrast ut. Ved å brette lappen over kanten av plagget, kan ein berre sy rett igjennom med nokre få enkle sting, å så heng det fast. Og det blir mykje finare enn ein klistrelapp!

Lappane bestilte eg frå Labelman på nett, men det finst mange andre leverandørar som leverer liknande lappar - til høgst ulike prisar.

You may have noticed the little, white tags I have sewn on some of the clothes shown on the blog. If you thought that the tags are my way of "branding" my knitting, you were wrong. The tags are simply name tags with Ibens name on them, so that her knitted garments don't get lost in kindergarten. I ordered the tags from Labelman, but there are several places on the web that sell similar tags. 

8 kommentarer:

  1. Jeg er helt enig med deg - stryke- og klistrelappene "ødelegger" den fine hjemmestrikken! Har også vevde navnelapper til mine to (fra minanamnband.se) som jeg bruker på de strikkede klærne. Skal dog innrømme at jeg til tider synder og bruker klistrelapper;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for tips, Guro! Det må nok bestillast fleire namnelappar om ikkje så veldig lenge...

      Slett
  2. Så lur måte å gjøre det på! Vi får vel et barnehagebarn her også etter hvert og da må vel en fylle garderoben med strikkeklær :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er vanskelig å komme utenom strikkeklede til barnehagebarn. Men så er det jo ein ganske hyggeleg jobb å lage dei små kleda, også, når ein er glad i å strikke...

      Slett
  3. Så kjempefin blogg! At eg har klart å gå glipp av den heilt til no er nesten merkeleg, men no har eg litt å kose meg med etter at ungane er i seng!

    SvarSlett
  4. Kjempe fin blogg og også flotte na
    vnelapper. Dette må jeg også ha. Glemmer som regel merking og lukker øynene og håper at ting ikke forsvinner. Har du tips til størrelse på lappene?

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Turid! Så hyggeleg å sjå deg her! Iben sine lappar er på ca 70x20 mm, og så mykje større enn det trur eg ikkje du vil ha behov for :)

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment