lørdag 25. januar 2014

FERDIG MATROSGENSER / FINISHED SAILOR SWEATHER

Pen, og nesten litt høgtideleg? Dette blir nok ein genser å pynte seg i, meir enn ein barnehagegenser. Mottakaren måtte bestikkast med brødskiver før ho var villig til å ta ein liten fotosession medan det var dagslys. 
Denne var kjapp og kjekk og strikke, og i tynt alpakkagarn blei resultatet lett, luftig og anvendeleg!

Inspirert av Silje Helen sine re-makes av matrosgenseren frå Den store guttestrikkeboka, satte eg i gang med min eigen versjon av gensaren.

Garnet er Pickles pure thin alpaca i fargen "lys kamel", og eg har brukt pinne nr 2,5 på heile plagget (oppskrifta i boka foreslår Dale Lille Lerke og pinne nr 3). Elles har eg fulgt alle måla for oppskrifta i størrelse 2 år. Ved strikking i alpakka blir sjølvsagt gensaren varmare enn om eg skulle brukt bomull/ull-blandinga i Lille Lerke-garnet, men sidan alpakka er så lett og tynt garn, blir likevel ikkje genseren for varm.

Istaden for oppbrettskant nederst på forstykke/ryggstykke og armar, har eg gått for 8 rader med enkel perlestrikk istaden. Det blei litt rotete i denne garnkvaliteten, synst eg, så om eg skulle strikka gensaren ein gong til, hadde eg nok gått for rillestrikk istaden.
Kragen er eit eige kapittel. Eg hadde lyst til at den skulle ha eit eller anna struktur-mønster, og prøvde heile tre variantar med ulike mønster, før eg til slutt gjekk for ganske enkel vaffelstrikk. Kragen er starta og avslutta med to riller, i tillegg til at dei ytterste tre maskene på kvar side strikka er strikka i rillestrikk.

Her er ei enkel oppskrift på vaffel-mønstra strikk:

Rad 1 (baksida): 1 rett, 2 vrang. Gjenta ut pinnen.
Rad 2 (rettsida): 1 vrang, 2 rett. Gjenta ut pinnen.
Rad 3: Strikk alle rett.
Gjenta rad 1 - rad 3 til du har lengda du ønsker.

My re-make of the sailor sweather from Den store guttestrikkeboka is finally done - and photographed. With the lack of natural daylight/photo light in Oslo during winter, I had to wait until the weekend to be able to take photos of the result while it is light outside. 

I quite like the result. I have used Pickles pure thin alpaca yarn, which makes the garment light weight and thin, but still warm. I wanted some kind of structured stitch for the collar, and started knitting it three times in different stitches, before I ended up with a pretty simple waffle stitch. 

Here is the waffle stich patten:

Row 1 (back): Knit 1, purl 2. Repeat.
Row 2 (front): Purl 1, knit 2. Repeat.
Row 3: Knit all.
Repeat row 1-3 until you have reached the length you want.  

9 kommentarer:

  1. Åh, så fin denne var! Søt jente, pen genser og fine bilder:)

    SvarSlett
  2. Den ble nydelig! Delikat farge og enkelt og pent vaffelstrikk.

    SvarSlett
  3. Rett og slett nydelig, herlige bilder;)

    SvarSlett
  4. Den ble nydelig! Kjempefin løsning på kragen ♥

    SvarSlett
  5. Så fin den ble! Elsker den fargen!

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment