mandag 12. mai 2014

SY SJØLV TIL BUNADSSESONGEN / IT IS THE 'BUNAD'-SEASON

Ikkje for å høyrast eplekjekk ut, men barnebunad er det faktisk ikkje så vanskeleg å sy sjølv. 

Iallefall om ein går for fantasi-varianten, og tek i bruk stoff og materiale ein har for hand, eller lett kan kjøpe på loppis eller i stoffbutikkar. Ibens bunad er ein slik bunad, som i helga fekk lufte seg då vi var i barnedåp. Bunaden sydde eg på våren i fjor, og den blei brukt i ein dåp og på fjorårets 17.mai-feiring. Eg håpte at den skulle passe i år også, og det gjer den heldigvis. Men neste år blir den nok for liten.

Det er mykje prat om at bunader er så vanskeleg å sy.
Men eg meiner heilt oppriktig at om du har sydd ein kjole, klarer du også å sy ein fantasibunad i liten storleik. Det krevst berre litt meir tolmod, for naturleg nok tek det litt lengre tid enn ein sommarkjole sydd på ein kveld. Så om du skal ha bunaden klar til 17.mai, er du nok litt seint ute...

Ikkje gå for innkjøp av eksklusive og dyre stoff. 
Bunaden skal trass alt truleg berre brukast to-tre gonger før den er for liten. Ibens bunad har liv og kyse i raudt ullstoff frå Panduro, stakk i mørkeblå vadmel som eg hadde liggande i ein av stoffkassane mine, og diverse band kjøpt på bla.a. Husfliden og stoffbutikkar på Grønland. Forkleet fekk Iben i barselgåve av ei av mine venninner, som hadde kome over det på loppis. Opprinneleg sydde eg også ei enkel kvit bunadsskjorte, men den gjekk ikkje over hodet i år, så då blei det ein barnebluse frå min eigen barndom istaden.

Då eg skulle sy bunaden, leita eg etter eit eigna mønster i diverse sy-bøker på biblioteket.
Men eg fann ikkje noko til så små barn. Derfor endte eg opp med å teikne mønsteret sjølv, etter mål frå nokre av kleda til Iben. Det blir jo litt prøving og feiling når ein gjer det på den måten, men om ein passer på å starte litt større enn ein trur ein treng, kan ein alltids klippe av og smale inn til det blir passe.

Til kysa hadde eg derimot litt mønster-hjelp.
Eg tok utgangspunkt i kyse-mønsteret frå boka Barnetøy du selv kan sy 0-3 år av Elsebeth Gynther, men eg gjorde nokre endringar, blant anna ved å fore kysa, sette inn strikk rundt nakken og sy inn tre lag med ulike blonder/band i opninga rundt ansiktet.

Resultatet er ein veldig enkel, men likevel høgtideleg småbarnsbunad.
For det er ein bunad, sjølv om den ikkje høyrer til ein fast bunadstradisjon. Bunader blei opprinneleg sydd av det stoffet og dei fargane ein hadde tilgjengeleg. Og kan ein ikkje brodere? Ja, då blir det bunad utan broderi!

Bunad is the Norwegian national costume, and there are strict rules when it comes to what they should look like. My own bunad is a traditional national costume from the Sunnfjord-area on the west coast of Norway, but my daughters' bunad, on the other hand, is made from my own imagination. You can call it a fantasy-bunad. I have sewn Ibens bunad myself, made mostly from fabric I had in my fabric stash. And the good thing about making something from your own imagination, is that there are no rules. So although Ibens' bunad strictly is not a 'bunad', since it does not fit into the norm, it definitely still looks like a Norwegian national costume. The pictures are from a baptism we attended this weekend, but Norways' constitution day is right around the corner, so there might be a few more bunad-shots in the next days...

15 kommentarer:

  1. (Fortsatt) knallfin!
    Gleder meg til å kle opp min Iben til helga :)

    SvarSlett
  2. Nydelig hun er :-) så flink du er som greier slikt!

    SvarSlett
  3. Wow, den var kjempefin, og for en god ide! Jeg tror ikke jeg ville "gjennomskuet" at det ikke er en godtkjent bunad, jeg er imponert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, nei i dåpen i helga fekk eg til og med høyre "Den kysa der er nok ei veldig gammal bunadslue!" av ei gammal tante. Ho blei veldig imponert over at den var heilt ny og sjølv-sydd. Så til og med gamle tanter kan lurast av denne :)

      Slett
  4. Så utrolig nydelig hun er i bunaden sin :) Den var kjempefin, så flink du er. Selv blir jeg litt skremt bare av å høre ordet symaskin så dette er nok ikke noe for meg ;)
    Håper du får en herlig dag :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, om symaskina skremmer deg, bør du ikkje gå i gang med å sy bunad. Takk for hyggeleg tilbakemelding!

      Slett
  5. Helt skjønn! Flott at du deler gode råd til oss som går med barnebunad "i magen" - jeg suger til meg alle tips og satser på å sy selv til neste bunadsesong. Jo flere gode eksempler jeg ser, jo mer gleder jeg meg til å ta fatt :) Bunad er gøy!

    SvarSlett
    Svar
    1. Lykke til! Det er gøy å sy bunad! Ein føler at ein bidrar til å lage eit skikkeleg tradisjonsplagg, som kanskje kan gå i arv og glede fleire etterkvart!

      Slett
  6. Flott bunad! Flott du forteller litt om prosessen, kjekt å høre om.

    SvarSlett
  7. Jeg måtte inn og studere bunaden litt nærmere, og lurer på et par ting: Har du sydd bånd til knyting av kysa, eller sitter den godt uten knyting? Og har du sydd i hekter foran på vesten eller snøres den?

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har sydd bånd til knyting av kysa ja, elles hadde den nok blitt tatt av temmeleg fort. Og vesten har hekter foran. Eg skal prøve å få tatt eit par nærbilder av bunadsdetaljar dei nærmaste dagane, som eg kan dele på bloggen!

      Slett
  8. Så utrolig flott:) For et praktplagg! Jeg er imponert.

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment