fredag 7. februar 2014

KLARE TIL Å VARME SMÅ LEGGAR / READY TO WARM LITTLE LEGS

Siste ferdige strikkeprosjekt er leggvarmarane etter mønster frå Den store guttestrikkeboka.

Samtidig blomstrar magnoliagreiner i vinduskarmen for å minne om at det faktisk kjem til å bli vår ein vakker dag, medan snøen/sluddet daler ned utanfor.

Ja til bar asfalt og joggesko og leggvarmarar, seier eg!

Som vanleg har eg justert oppskrifta bittelitt, og istaden for glattstrikk eller strukturmønsteret i boka, har eg gått for dobbel perlestrikk istaden. Enkelt og fint. Eg er veldig glad i perlestrikk!

Garnet er (nok ein gong) Pickles Pure Wool. 
Eg var ikkje heilt overbevist om at eg likte dette garnet då eg brukte det først på strikkevesten, men eg har begynt å like det betre no. Eg synst framleis det er litt stivt, men til gjenjeld er fargane fantastiske. Ja, eg har sagt det før, men eg gjentar det nok ein gong. Eg liker det veldig fine vesle spelet i fargane, som gir liv til plagga, utan at det blir for rotete (eg er elles ikkje overbegeistra for garn med veldig mykje fargespel i).

Leggvarmarane er det tredje resultatet i kelimfarge-prosjektet.
I tillegg har eg strikka eit par med vottar, som eg har tova (denne gongen meir suksessfullt) i det rosa kelimfarge-garnet. Fotos visast fram med ein gong eg har rukke å fotografere vottane i dagslys.

No kjenner eg at eg er klar for ei pause frå dette garnet og desse fargane, sjølv om eg nok kjem til å bruke opp restane eg har av det gule og lilla garnet til noko småstrikk seinare. Andre prosjekt med andre garntypar er planlagt, og ligg klar til å kome på strikkepinnane!

The legwarmers are finally finished. Along with the magnolia branches in my livingroom, they make me long for spring and snow free streets (and being able to let Iben go outside without putting on four layers of clothing). The yarn is once again Pickles Pure Wool, which I have started to like more and more. 

10 kommentarer:

  1. Utrulig flotte fargar, og et stort JA til VÅREN!!!! God helg til deg!

    SvarSlett
  2. Søte leggings, og jeg liker ideen din med å ta utgangspunkt i kelimteppet for inspirasjon. Flotte farger. Ofte trenger jeg å strikke noe helt annet etter et fargerikt prosjekt, variasjon er viktig :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, no kjente eg behov for å strikke med litt dusare fargar...

      Slett
  3. Kjempefine, og sikkert veldig gode! Desse fargane er heilt drøm. Eg tenkte akkurat det same om Pure Wool tidlegare i dag faktisk - er på tredje prosjektet med det, og er blitt veldig glad i det sjølv om eg ikkje var heilt overbevist med ein gong :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å høyre at vi har same erfaring :)

      Slett
  4. Veldig fine leggvarmere. Herlige farger på de siste plaggene dine! Flotte bilder også:)

    SvarSlett
  5. Fine leggvarmere og nydelig farger på plaggene som vises på det siste bildet.

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment