fredag 7. august 2015

LIBERTYKANT TIL BABYKORGA / SEWING A BUMPER FOR THE CRIB

Ingen prosjekt har vore viktige nok til å bruke det nydelege Libertystoffet eg kjøpte i New York i fjor. Til no. I kveld blir stoffet til ein koseleg kant som skal kle innsida av lillebrors babykorg. 

Korga blei kjøpt på loppis i vår. Den er kjempefin, og har eit understell i bambus som går på hjul, slik at den enkelt kan trillast frå rom til rom. Korga har sjølvsagt fått spesialtilpassa, ny madrass.

Kanten er sydd utan noko spesielt mønster, berre etter mål av korga.
Eg har brukt ei lang remse vatt eg hadde liggande, og bretta den dobbelt, slik at den blir litt tjukk. Deretter har eg bretta Libertystoffet slik at det dekker begge sider av vatten, og sydd "quilte-linjer" loddrett langs heile kanten, slik at vatten held seg på plass inni stoffet.

Eg hadde håpa på at stoffet skulle rekke til dynetrekk, også, 
men det ser ut at eg har akkurat litt for lite. Den siste resten kan kanskje bli til ein liten babyshorts i staden?

Finally, the beautyful Liberty fabric i bought in New York last year has found it's proper use. Tonight it is turning into a bumper for littlebrother's babycrib. 

3 kommentarer:

  1. Så fint stoff! Går det an å sy dynetrekk om du har et annet stoff på den ene sida, eller skjøte til med annet stoff på oversida og en blonde eller bånd imellom?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, ikkje sant? Eg skal ta ein ny vurdering på stoffmengden i morra, men det ser ut til at stoffet eg har igjen er for smalt. Men det går jo sjølvsagt an å skjøte på med eit anna stoff. Vi får sjå!

      Slett
    2. Å ja, da blir det jo litt annerledes ja, men spent på hva du finner på med stoffresten!

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment