fredag 26. juni 2015

STRIKKING PÅGÅR / KNITTING AWAY

Sjølv om det ikkje har vore så stor aktivitet på bloggen, så blir det altså strikka i heimen om dagen.

Problemet er at strikketida akkurat no er forbeholdt to prosjekt: 
Eit bølge-teppe og ei flettejakke. Begge til babyen. Og begge tek tid. Mykje tid.

Og det slår ikkje feil: Kvar gong eg strikker på noko tidkrevande, får eg lyst til å strikke noko anna. 
Eg fantaserer om å starte på små babyluer og sokkar, korte prosjekt som er ferdige på eit par kveldar. Men hittil har eg vore flink og holdt meg til dei to tinga eg er i gang med, noko som forsåvidt har vore fruktbart: Teppet er ferdig om ikkje så veldig lenge (håper eg), og jakka (den grå saken på bildet øverst til høgre under) har fått ferdig eitt framstykke, og eg har satt i gang strikking av ryggen.

For ikkje å friste meg sjølv for mykje til å begynne å strikke noko nytt, har eg holdt meg unna garnbutikkar. Heilt til i dag.
Etter å ha brukt ettermiddagen hos frisøren (inkludert nakkemassasje. Takk snille Ida på Dugg i Birkelunden som veit kva høggravide har behov for!), klarte eg ikkje unngå å gå innom Grünerløkka Garn og Pickles. Med meg i posane heim fekk eg mykje m j u k t  silkegarn til babystrikk + bambusgarnet til Pickles. Det siste har eg tenkt å strikke bl.a. ei bittelita kyse i nyfødd-størrelse av, sidan rein ull kanskje blir varmt i slutten av august. Resten har eg meir ulne planar for enda, men det kjem!
Even though not much has been happening on the blog lately, I am knitting away. The only «problem» is that I have managed to stick to only two projects: A wavy blanket and a cable knit cardigan. Both for the baby. And both are taking quite a long time to finish. I always feel the urge to knit something small when I am knitting these time consuming projects, but this time I have been good, and not even visited tempting yarn shops. Until today. A visit to my hairdresser tempted me to also visit the nice yarn shop next door, and then another one down the road. Now I have a new stack of yarn shouting: «Knit me!» But I will try not to. At least today. 

4 kommentarer:

  1. Så tålmodig og flink du er! Det blir jo bra til slutt.
    Hva syntes du om Grunerløkka Garn - jeg har sett butikken, men ikke vært inne der.

    SvarSlett
  2. Takk, Maria! Grunerløkka Garn er ein fin, om enn litt liten garnbutikk. Dei har ikkje det største utvalget, men til gjengjeld har dei ein del garn frå utanlandske produsentar, som eg ikkje har sett andre plassar. Akkurat no hadde dei VELDIG mange fine garn i nydelige rosa-variantar, som eg såvidt klarte å ikkje kjøpe, sidan det trass alt berre blir strikka til baby for tida. Graset er vel alltid grønnare på den andre sida...

    SvarSlett
  3. Så flink du er! Det beste er jo å bli ferdig med noe og med god samvittighet kunne starte på noe nytt. Hvilken oppskrift er flette jakka?

    SvarSlett
  4. Det er det som er med strikkeprosjekter, de tar tid å ferdigstille. Gleder meg til å se resultatet :) Syns man kan unne seg litt nytt garn når det gjør en glad :D

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment