mandag 1. desember 2014

EI GÅVE NÅR KULDA SET INN / GIFT FOR A NOVEMBER BABY

Forrige veke blei ein mjuk pakke sendt vestover til vesle Hauk i Bergen.

Her på Nesodden våkner vi no til rimkledde tre og is på sølepyttane om morgonen, og frå husa kjem grå røyk ut av pipene. Eit novemberbarn må få varme klede, så klart, og i pakken låg ei strikkejakke og ein babyshorts.

Jakka er ei ikkje-rillestrikka rillestrikka jakke frå Babystrik på pinde 3.
Eg tok utgangspunkt i oppskrifta i heftet, men strikka den i glattstrikk, og la inn to fletter på kvar side av knapperaden. Slik blei jakka litt meir særprega, men samtidig enkel.

Shortsen er bleiebuksa frå Den store guttestrikkeboka,
som eg også har strikka tidlegare.

Garnet til både jakka og shortsen er Dale Baby Ull i fargen "Elefantgrå",
som etter mi meining er mykje meir blå enn grå. Eg gjekk tom for garn då eg skulle i gong med å strikke ribben rundt beina på shortsen, så løysinga blei ribb og snor strikka i ein rest lysebrunt garn i Alpakka Silke frå Sandnesgarn.

This week I sent a gift to little Hauk, who has just been born in Bergen. A november baby needs wool, and I think these two garments are both practical and beautyful for a little baby boy.

10 kommentarer:

  1. For et flott sett å få i gave! Lurte på hvilken jakkeoppskrift du hadde brukt - kjekt med basisoppskrifter som man kan modifisere. Det blei flott med flettene i front!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Det er oppskrifta på Rillestrikka jakke frå heftet Babystrik på pinde 3 av Lene Holme Samsø som danner utgangspunktet for jakka. Eg bruker den jakka som utgangspunkt for maskeantall osv, men har strikka den med glattstrikk istaden for riller, og har strikka knapperad på begge sider med fem masker i riller. Innanfor knapperaden har eg strikka ei flette på kvar side. Dei er ikkje i oppskrifta, men er enkle å legge til.

      Slett
  2. Dette var et nydelig sett! Liker vrien på jakka!

    SvarSlett
  3. Så herlig sett å gi til en liten nyfødt krabat :-)

    SvarSlett
  4. Vakkert sett med fine strukturer! Flott gave.

    SvarSlett
  5. Så utruleg nydelegt sett! :)

    SvarSlett

Skriv ein kommentar her / Write your comment