mandag 20. oktober 2014

FLEIRE VARME HALSAR / MORE WARM COWLS

Medan vinteren gjer sitt inntog, passer det bra at to nye ull-halsar er ferdige.

Oppskrifta er frå Strikk til nøstebarn-boka, og eg har strikka utgåver av denne halsen etterkvart. Faktisk har eg aldri strikka halsar av andre oppskrifter enn denne, fordi eg synst den er kjempegod, og enkel å strikke (og godt likt av mottakaren).

Oppskrifta er enkel å variere. 
Ein kan strikke strukturstrikk på for- og bakstykket, for eksempel. Eller ein kan strikke tynne halsar eller tjukke halsar ved val av garntjukkelse.

Dei to halsane eg har strikka no er ganske ulike.
Den grå er strikka med dobbelt tråd koksgrått alpakkagarn. Garnet er frå garnlageret mitt, og etiketten var vekke, så eg veit ikkje kva produsent det kjem frå. Eg hadde lyst til å strikke ein ganske tjukk og varm hals til dei skikkeleg kalde vinterdagane, og derfor gjekk eg for dobbelt garn.


Den rosa halsen er også strikka med garn frå garnlageret,
og også her var etiketten vekke. Det er eit ganske tynt alpakkagarn, noko som gjer halsen ganske tynn, og dermed godt eigna for dei middels kalde dagane. Her har eg strikka for- og bakstykket med dobbel perlestrikk. Skulle eg strikka desse halsane om igjen, hadde eg nok vald å strikke perlestrikk på den grå halsen, og vanleg glattstrikk på den rosa, sidan strukturstrikk gjer seg betre med tjukkare garn.

Her er nokre av halsane eg har strikka før!

The winter is coming, and I have knitted two more wool cowls for Iben. I have knitted several of these before, and I love the simplicity in the pattern, and that it is easy to get them to look very different from each other, using differnt yarns and colours. 

11 kommentarer:

  1. Sikkert varme og gode rundt halsen disse :)

    SvarSlett
  2. Har strikket en slik men ikke hatt bruk for den enda, godt å høre at de anbefales i bruk :)

    SvarSlett
  3. Kjekt med anbefalinger! Denne skal strikkes til barnehagestart:)

    SvarSlett
  4. Fin og praktisk! Veldig gøy med enkle oppskrifter som kan "trikses" med:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, ikkje sant! Eg er veldig glad i slike oppskrifter - både å strikke dei enkle, slik dei er i oppskrifta, og at det er så lett å gjere dei litt meir avanserte - og dermed meir personlege.

      Slett
  5. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  6. Hei! Jeg falt for merkelappen du har sydd på halsen <3 Kan jeg spørre hvor du kjøper de? Mvh. Janne

    SvarSlett
    Svar
    1. Hei Janne! Merkelappane er vevde lappar frå Labelman.no!

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment