lørdag 27. september 2014

DANSEKJOLE TIL VINTERBRUK / DANCING DRESS IN WOOL

Dansekjolen frå Ministrikk er heilt klart årets favorittmønster for meg, og no er også ein vintervariant av kjolen tatt av pinnane.

Tidlegare har eg strikka kjolen i lyseblått med Lille Lerke, og ein ferskenfarga tunikavariant i Lerke. Begge garnvala inneheld ull, men til vinterbruk hadde eg lyst til å strikke ein varmare variant i rein ull. Valet falt til slutt på garnet Extra Fine Merino frå Pickles. Fargen heiter Pelargonia, og er gammalrosa/lyng-aktig - ein mellomting mellom rosa og lilla.

Til vinterbruk er det best med lange ermer,
så trekvart-lengda frå oppskrifta er bytta ut med ermer som går til handleddet.

Til tross for at mottakar er to år, har eg strikka alle dei tre dansekjolane i størrelse 3-4 år,
for at den ikkje skal vere heilt inntilsittande. Det er nok spesielt lurt til vinterkjole, sidan eg reknar med at kjolen kjem til å bli brukt med ei tynn ulltrøye under. Ikkje at det er nødvendig for å unngå kløe, for med dette merinogarnet blir plagget mjukt og heilt kløfritt, og kan fint brukast rett mot huda. 
Vinterkjolen blei imidlertid i lengste laget.
Ikkje fordi oppskrifta tilseier at kjolen skal vere spesielt lang, men rett og slett fordi eg strikka den på båten som eg pendler til og frå jobb med. Og som pendlestrikkar er eg ikkje verdas mest oppmerksommme når det kjem til å følge med på strikkemønsteret. Og då eg først fekk dilla meg til å sjekke lengda, oppdaga eg at eg hadde strikka mykje lenger enn eg skulle. Fordelen er at kjolen kjem til å vare i årevis.

Namnet «dansekjole» er eit sjakktrekk frå Charlott Pettersen.
Mottakaren er av det danseglade slaget, og var først ikkje villig til å ta på seg kjolen for å bli fotografert. Men då eg forklarte at det var ein kjole til å danse i, endra ho fort meining. Og kjolen skulle definitivt ikkje av igjen!

The dancing dress from Ministrikk has come to life in a winter edition, knitted in wool. I have already knitted two versions of the same dress this year, both knitted in wool and cotton mix. But for winter, I wanted a dress with full length arms and wool yarn. My yarn choice is Pickles Extra Fine Merino in the colour Pelargonia

16 kommentarer:

  1. Nydelig både kjole og jenten, en vintervariant måtte til :)

    SvarSlett
  2. Kjempefint eksemplar i rosa! Og for en fin presentasjon av kjolen, med morsomme og fine bilder:)

    SvarSlett
  3. Kjempefin! Det synes ikke at kjolen er for lang hvis man ikke vet hvordan den "skal" se ut. Og det er jo moro at den holder seg noen sesonger. Det høres deilig ut med merino, det er lett å se at denne kommer til å bli en favoritt :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, håper den kjem til å bli mykje brukt :)

      Slett
  4. Enda en finfin dansekjole! Blir mer og mer fristet til å strikke denne jeg også.

    SvarSlett
  5. Så flott kjole og Iben
    (tror det må stå en dansekjole på ønskelista til jul her)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, denne er det lurt å ønske seg av nokon strikkekyndige, Ingvild!

      Slett
  6. Også kjempefin, som alt du lagar! Synne sin er også nokså lang (for eg tenkte det var fint å sleppe å sitte igjen med restegarn...), men eg synest ikkje det gjer noko, og den vil jo vare leeenge!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, det er fordelen. Bakdelen er at den blir litt vanskeleg å få plass til inni kjeledressen, så som barnehagekjole trur eg ikkje den er spesielt god eigna. Men den får bli brukt til stas i staden!

      Slett

Skriv ein kommentar her / Write your comment